Så kjekt at du prøver DAG OG TID.
For at du skal verta betre kjend med avisa, deler eg nokre av dei redaksjonelle verdiane vi arbeider etter når vi lagar avisa:
Vi skal ta opp vanskelege og kontroversielle tema på fritt grunnlag. Vil skal aldri vera redde for å leggja fram fakta, sjølv om dei kan misbrukast av meiningsmotstandarar.
DAG OG TID skal dyrka fram særmerkte røyster.Vi har mange skribentar med ulike meiningar i avisa. Journalistane får tid og rom til å skriva om aktuelle tema.
«Sparka, vraka, slakta, rasa» – språket skal oppklara, ikkje spissa motsetnader. Vi har eit ansvar for å få fram nyansane i sakene vi skriv om.
Vi blandar ikkje saman reklame og redaksjonelt innhald – som er eit trugsmål mot truverdet til pressa.