Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Venezuelanske verdiar

| Den 11. august 2017

Vald, armod og samanbrot i Venezuela skaper for tida nyhende frå ein region me elles høyrer lite om. FN og humanitære organisasjonar er uroa for tryggleik og menneskerettar i det herja landet.

Venezuela disponerer òg dei rikaste oljereservane i verda, meir enn Iran og Irak til saman. Interessa for samanbrotet til det politiske prosjektet Hugo Chávez lét etter seg, er ikkje minst knytt til desse ressursane. Ein venezuelansk perestrojka er vel verd å få med seg.

Venezuela var til nyleg ei stormakt, som navet i ALBA (Den bolivarske alliansen for folket i vårt Amerika), som på Venezuelas rekning har fungert lik eit regionalt NAV-kontor for eit dusin etter måten fattige småstatar og endå mindre øystatar som har det til felles at høvedsmennene der går med på å bli kalla sosialistar. Ein solidarisk allianse, der solidariteten no kjem til uttrykk som meir eller mindre heilhjarta fråsegner til støtte for president Nicolás Maduro. Til takk får klientane subsidiert venezuelansk olje.

ALBA er heim til nær 70 millionar menneske. Brorparten av dei bur utanfor Venezuela, i Ecuador, Cuba, Bolivia og Nicaragua, og alle har dei grunn til å ottast eit hardare liv om opposisjonen kjem til makta i Caracas. ALBA har elles ein antiimperialistisk dimensjon, og knyter seg difor tett til USAs stormaktsrivalar, som Iran, Kina og Russland. Desse ser heller ikkje fram til at den USA-støtta opposisjonen tek over Venezuela.

Så, kven skal me heia på? Truleg ingen, i ein slik situasjon. Og ein skal ikkje finansiera eller sanksjonera for mykje heller, men lite på at venezuelanane til sist finn ei løysing på eigne problem. Valden og nauda er ille i dag, men alt blir verre om konflikten i Venezuela blir ein ny proxy war for ymse imperium og lokale og internasjonale oligarkar.

Hadde ikkje oljeprisen falle så mykje, og så fort, kunne president Maduro ha halda fram med å kasta oljepengar på problema sine, og problema til venene og parasittane sine, slik me nordmenn med hell har gjort i ein mannsalder.

For oss er det eitt feitt om det er Erna eller Jonas som kastar pengane. Til all lukke har ingen av dei eit politisk prosjekt som er så ambisiøst og vidløftig at nett dei treng sitja med makta til det gror mose på dei. Det er skilnaden på oljelanda Noreg og Venezuela.

knapp knapp