Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Vakthunden

| Den 13. juli 2018

Vakthunden

Foto: Ronny Spaans

Hallvard Hegna er ein pasjonert jeger. Han har jakta på harar med hundane sine heile livet. Han jaktar òg på dårleg nynorsk. I juli fyller han nitti år.

– Eg byrja med harejakt i 1945. Eg ervde interessa frå far min, som òg var harejeger. Så eg har hatt ein lidenskap for harejakt i over sytti år. Og eg har vore spesielt oppteken av den nasjonale harehundrasen, Dunker. Eg er æresmedlem i Dunker-ringen, og eg har vore utstillingsdomar for harehundar.

Dette fortel Hallvard Hegna, pensjonert ålmennlærar og rektor i grunnskulen i Atrå, 25 km frå Rjukan. Han ramsar opp hundane han har hatt gjennom åra, frå 1954: Tela, Hjallis, Odin, Frøya med fleire. Hunden som han og kona hans har i dag, heiter Embla.
– Men du jaktar ikkje berre på hare, du jaktar òg på dårleg nynorsk?
– Eg sit gjerne med ein kulepenn når eg les nynorske tekstar, og eg strekar under språkfeil og inkonsekvensar.

Les heile intervjuet i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa