Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Utgiftsfesten

| Den 31. mars 2017

Utgiftsfesten

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

Sosialistisk Venstreparti slår til og med Kristeleg Folkeparti i overbod.

Dei som hadde samfunnsøkonomi på vidaregåande, er truleg leie av havregrautdømet, men det må til om ein skal hugsa lova om minkande grensenytte. Særleg viktig er lova om ein skal forstå dei grunnleggjande tankefeila som dei fleste norske parti – og særleg SV – er prega av.

Tenk deg at du er svolten, og det er lite mat å få. Du får tilbod om ei skål med havregraut. Du vert glad, og svolten går bort. Så får du tilbod om ei skål til, og du vert mett. Men så vert du pressa til å endå ei skål, og endå ei. Når du har kome opp i åtte–ni skåler, endar det med at du stikk fingeren i halsen for å få kasta opp. Om du må gjennom dette regimet kvar dag, vert du feit og slapp.

Dette er lova om minkande grensenytte. Omsett til politikarspråk: Den fyrste krona i løyvingar kan vera nyttig, den siste kan vera direkte skadeleg. SV tek ingen slike omsyn. No er det fire år sidan dei sist var i regjering, og då er det berre å fyra på alle motorar og sylindrar. Her skal det etast havregraut til gråten tek oss.

 

Ja og nei til profitt

Men havregrauten skal ikkje nyttast til profitt, eller skal han kanskje det? SV seier dei er mot profitt; det gjennomsyrar heile programmet. Det skal koma forbod mot profitt innan barnehage, skule, barnevern, omsorg, helse og helst bustadar òg. Dette av di grunnleggjande velferdstenester ikkje er eigna for profitt, og av di kvar krone må gå til produksjon av endå meir velferd. Her vert eg sitjande og kleia meg i hovudet. I botnen av Maslows behovspyramide ligg svolt og tyrst; ein moderne variant av den same pyramiden ville vel hatt medisinar og vaksinar der òg.

I Trondheim sit Odd Reitan, som er god for 30–40 milliardar, og apoteka vert eigde av internasjonale storkapitalistar. Matproduksjon og sal av mat skjer i Noreg på private hender. Medisinproduksjon og sal av medisin er noko av det mest profittgenerande som finst, likevel er bransjen privat. Det er gode grunnar for at det er slik, det er berre å sjå på Aust-Europa under kommunismen. Kor mange medisinar vart skapte i Sovjetunionen, og kor mykje korn måtte dei importera?

Eg lurer likevel på kvifor SV vil at produsentane av dei mest grunnleggjande velferdsgoda vi har i Noreg, skal få halda fram med å henta ut profitt, medan barnehageeigarar ikkje får gjera det. Og var det ikkje slik at Kristin Halvorsen stod i spissen for den mest storstilte private barnehageutbygginga i norsk soge?

Elles kan eg ikkje sjå at SV går inn for å avvikla fastlækjarordninga, som generer stor profitt for ei mengd private lækjarar over heile landet. Men her held eg døra open for at landsmøtet berre har gløymt seg.

 

Utgiftsfest

SVs program er ein utgiftsfest utan sidestykke. Fram til no trudde eg ingen kunne overgå KrF, men eg tok feil. SV set suveren rekord i nye utgifter for staten. Lat oss byrja med skulen, for SV er saman med Høgre skulepartiet i Noreg, og hugs at all utgiftsauke skal koma innanfor sekstimarsdagen og med eit oljefond som knapt får investera i noko som er lønsamt. «SV vil innføre en norm for økt lærertetthet på skolenivå med maks 15 elever pr. lærer på 1–4. trinn og maks 20 elever pr. lærer på 5.–10. trinn. (…) SV vil på sikt innføre en nasjonal ressursnorm som sikrer maks 12 elever pr. lærer på yrkesfag, og maks 24 elever pr. lærer på studiespesialiserende.» Dette skal skje av di SV vil jamne ut klasseskilnader og gje betre opplæring. Dessutan skal alle desse nye lærarane få «Gode lønns- og arbeidsvilkår» for at skulen skal kunne tiltrekkja seg betre lærarar. Her kunne vi lagt til at SV på nokre felt ser ut til å tru på profittmotivet.

Kva som gjev betre undervising, er gjennomforska. Læraren er utruleg viktig, alt anna bleiknar i samanlikning. Difor er høgre løn rett. Men talet på lærarar og storleiken på klassa er uviktig. Det finst ikkje dokumentasjon på at mindre klasser har verdi for læring. Di mindre klasser, di meir havregraut kastar vi bort. Seinast denne veka kom SSB med ein omfemnande forskingsartikkel om temaet. Artikkelen heiter «Long term impacts of class size in compulsory school» og er skriven av Edwin Leuven og Sturla A. Løkken. Dei har sett på den økonomiske utviklinga til dei som gjekk ut av ungdomsskulen i tidsrommet 1978–2003 – ei gruppe som gjekk i svært ulike klassestorleikar, frå 1 til over 30. Spørsmålet forskarane stiller seg, er om klassestorleik har hatt påverknad på inntekt og arbeidsliv i vaksen alder. Svaret summerer SSB sjølv opp i pressemeldinga: «Leuven og Løkken finner ingen effekt av klassestørrelse, og er i stand til å utelukke selv veldig små fordelaktige effekter. Disse funnene ser ikke ut til å påvirkes av hverken foreldrebakgrunn, skole eller kommunekjennetegn. Forskerne konkluderer derfor med at det ikke er noen positive langtidseffekter av å bli plassert i små klasser i grunnskolen.»

Berre for å seia det igjen: Små klasser gjer ingenting for å jamna ut klasseskilnader eller føre til betre resultat. Om SV var eit seriøst skuleparti som brydde seg om bornas faktiske utdaning, ville det naturlege vera å gå inn for færre lærarar med høgre løn. SV vil forresten ha fleire timar skule per dag. Det finst heller ikkje prov for at det vil gje betre langtidslæring.

 

Prov er for andre

Det er ikkje til å koma forbi: SV nektar å taka omsyn til prov, forsking og grunnleggjande økonomisk innsikt. Tage Erlander var den som skapte Oluf Palmes karriere då han tilsette han som rådgjevar og seinare peikte han ut som etterfylgjar. Men tilbodet om å verta assistent gjekk fyrst til den unge og talentrike økonomen Assar Lindbeck, som òg var ein god sosialdemokrat. Lindbeck har hatt ein stor karriere som økonom og er mest kjend for sitatet om korleis ein kan øydeleggja ein by: «Bombing går snøggare, men husleigeregulering er meir effektivt.» Og det han meinte om husleigereguleringar, meinte han om marknadsreguleringar av bustadmarknaden generelt.

Spekulant, særleg bustadspekulant, er det styggaste ordet SV kjenner til. Difor gjentek dei det så ofte dei berre kan, så ofte at ein skulle tru forfattarane lir av tourette. SV går inn for å skattleggja bustad generelt hardare enn i dag, noko så godt som alle økonomar er samde i er ein god ting. I førre periode vil dei fjerna rentefrådraget, som kan vera ein klok politikk gjeve ei heilskapleg endring av skattesystemet. Men denne gongen vil dei berre greie ut om det er ein god ting. Men så stoggar det opp. Kva er grunnen til at vi har hatt ein så høg auke i bustadprisane dei siste 25 åra? Låge renter. Låge renter gjer at pengar vert billige, og når pengar vert billige, investerer vi i hard kapital, i Noreg helst i bustad.

SV vil tøma massivt med nye pengar inn i bustadmarknaden gjennom Husbanken og andre organ. Særleg skal ungdom få mykje stønad for å kjøpa bustad. Det vil føra til éin ting: At endå meir pengar vert pøst inn i jakta på eit knapt gode: bustadar i sentrum av pressområde, som dimed vil verta endå dyrare.

Så kjem vi til eit anna paradoks: SV vil har meir bustadutbygging samstundes som dei «vil innføre en særskatt på sekundærbolig for å motvirke at skattesystemet belønner spekulasjon i eiendom. I tillegg skal kommuner få skattlegge sekundærboliger særskilt.» Ein slik særskatt vil garantert verka: Skattlegg du eitt kapitalobjekt meir enn andre kapitalobjekt, vil spekulantane finna andre jaktmarknader. Men kva vil det føra til? At det vert bygd mindre, ikkje meir. Ein utbyggjar set aldri i gang eit prosjekt før han har mange nok interessentar og kjøparar til at han veit at han får pengane att. Dessutan stiller bankane krav om at rundt 60 prosent av husvære i ein planlagd ny bygard må vera selde, før dei er viljuge til å finansiera ei utbygging.

 

Spekulantektepar

Den store drivaren for utbygging i pressområde har dei siste tiåra vore nettopp spekulantar, typisk eit eldre par som har litt pengar og vil investera. Om ein seier at berre dei som vil ha primærbustad, skal ha råd til å by på nye husvære, ja, då vil talet på kjøparar i til dømes Oslo gå dramatisk ned, og det vil verte bygd mykje mindre. Ja, så effektiv har marknaden i Oslo vore siste åra at sjølv om bustadprisane har gått sterkt opp, har ikkje utleigeprisane gått opp. SV er svært urolege over at det er så mange sekundærbustader i Oslo, men det er ikkje noko anna enn eit døme på at studentar og pendlarar har større trong for utleigebustadar i storbyen enn folk har i meir grisgrendte distrikt. Og utleigeprisane står altså stille.

Bustaddelen til SV er ikkje til å forstå, særleg sett i lys av at dei er mot sentralisering og for ein særs aktiv distriktspolitikk. Å pøsa massivt med offentlege pengar over dei store byane, samstundes om dei vil hindra privat utbygging, er å taka pengar frå landbygda og gje dei til dei som alt har eigedom i byane.

 

Fondet som forsvann

SV vil nytta mindre av Oljefondet enn i dag når økonomien går godt. Spørsmålet er om det i det heile teke er mogleg å henta ut pengar, for krava SV stiller til Oljefondet, gjer det nok ganske så sikkert at det vert lite å henta der. Nesten alle selskap som driv med stor handel over landegrenser, er registrerte i skatteparadis, noko også Oljefondet er. Dette treng det ikkje vera noko gale i, skatteparadis har ein funksjon når bøkene skal gjerast opp og overføring og sal av kapital registrerast. Kapitalskatt vert på det viset fyrst utløyst når eigaren av kapitalen hentar han heim og realiserer han. Skatteparadis fungerer i praksis som clearingsentralar. Problemet med skatteparadis ligg i at somme nyttar dei til å skjula kapital for skattlegging, noko til dømes Oljefondet ikkje gjer, og truleg ikkje dei fleste  multinasjonale selskap heller.

SV tek ikkje slike omsyn. Dei vil nekta Oljefondet å kjøpa aksjar i selskap som driv det dei definerer som «hemmelighold» gjennom skatteparadis. No er eg usikker på kva SV meiner med «hemmelighold», men eg har ei kjensle av at definisjonen er vid. SV vil heller ikkje akseptera investeringar i selskap som ikkje bryt ned rekneskapen land for land; det gjer korkje Statoil eller dei fleste andre store internasjonale selskap. Oljefondet skal heller ikkje få kjøpa aksjar i selskap som på noko vis er tilknytt atomvåpen – der rauk General Electric. Eller i selskap som lagar miljøgifter – der rauk kjemiindustrien. Lista til SV er så uttømande at det ikkje vert mange store internasjonale selskap att å investera i for Oljefondet.

 

Ja til innvandring og meir trygd

SV vil òg at innvandrarforeldre med born som lever i fattigdom, skal koma seg ut i arbeid. Samstundes vil dei gje nesten 200.000 i fødselspengar til dei som ikkje er i arbeid, og auke barnetrygda og ei rekkje andre stønader. Dette gjer at innvandrarforeldre i svært mange tilfelle vil få meir i trygd enn i løn. Dessutan vil SV leggja til rette for at langt fleire innvandrarar får koma til Noreg; SV vil liberalisere innvandringspolitikken, noko som igjen vil føra til mindre arbeid og meir trygding.

Klimapolitikken er diverre heller ikkje truverdig. SV vil ha lyntog mellom byane i Noreg og tog så langt nord som råd er. Der rauk eit par billionar til, pluss den norske klimarekneskapen. Men SV skal få ros for å nekta å vera med på å gjera E39 ferjefri, og for eit godt språk.

Det er enkelt sagt ikkje nokon samanheng i SVs program. Om berre ein liten del av det SV vil ha gjennomført, vert gjennomført, kollapsar den norske økonomien. Ein gong i urtida gjekk Arnt M. Henriksen rundt med ein kalkulator på landsmøtet til SV. Gong etter gong viste han dei ulike delegatane kva det og det ville kosta, og at kravlista ikkje gjekk saman. Det var den gong.

 

knapp knapp