Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Usakleg debatt

| Den 9. februar 2018

Eit stortingsfleirtal av Ap, Sp, SV og KrF har bede regjeringa om å ikkje liberalisere reglane for sundagshandel. Grunngjevinga er at ikkje fleire skal måtte jobbe på heilagdagar.
Dette har falle delar av høgresida tungt for brystet. Særleg fordi regjeringa nett har sendt på høyring utgreiinga frå utvalet som har vurdert dagens reglar for sundagshandel og føreslege nokre liberaliseringar.

Kristin Clemet i tankesmia Civita seier i NRK at når 14 personar har brukt halvtanna år på å greie ut over 200 sider korleis reglane kan betrast, og det er sendt på høyring, er det respektlaust å seie at arbeidet kan avbrytast. Dagens Næringsliv skriv på leiarplass at det er «politisk uskikk» og «respektløst overfor utvalget».

Det kunne vore interessant å høyre om Clemet eller DN hadde argument for at meir sundagshandel var ein klar fordel, om handelsnæringa såg seg tent med det, eller om forbrukarane ønskte eller trong det, til dømes. Det har dei ikkje. Det vert peika på at reglane i dag er ulogiske og konkurransevridande. Bensinstasjonar på 150 kvadratmeter kan selje mjølk på sundag, medan matbutikkar over 100 kvadratmeter ikkje får det. Ifølgje Geir Bekkevold i KrF kan regjeringa framleis føreslå å gjere noko med konkurransevridinga, så lenge forslaget ikkje er liberaliserande.

Argumenta om respektløyse hadde vore lettare å ta på alvor om dei var konsekvente. Men det kom ikkje store klagerop frå Civita eller DN då dei borgarlege partia skrota lov om god handelsskikk, etter at eitt utval fyrst hadde tilrådd ei lov og eit anna utval deretter hadde utarbeidd forslag til lov. Det var arbeid frå 22 personar over to og eit halvt år, og på over 266 sider.

Å la vere å liberalisere reglane for sundagshandel handlar ikkje om politisk uskikk og respektløyse. Det handlar om politiske prioriteringar og fleirtalsvedtak. Det er trass alt Stortinget som er valt av folket, ikkje regjeringa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa