Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.05.2018

Gå til toppen

Toppen

Universitet med to sjikt vitskapleg tilsette

| Den 26. januar 2018

Universitet med to sjikt vitskapleg tilsette

Teikning: May Linn Clement

OsloMet står i fare for å utarme norsk språk og fagkultur    og byggje ned kompetansen HiOA har hatt.

Oppunder 20 universitet kringom i verda markerer at dei er storbyuniversitet – men dei skriv «metropolitan» heilt ut, og lagar ikkje ei maniert påfunn av å setje stor bokstav midt i namnet, ein heilt unorsk tradisjon.

Diverre har departementet gått imot Språkrådet og alle andre som har protestert. Mange vil lett seie seg samde med pedagogikkprofessor Oscar Amundsen, som i Aftenposten 16. januar skreiv: «Navnet OsloMet kan leses som et symbol på en nærmest drømmeaktig orientering vekk fra det norske samfunnet.»

Namnet skal visstnok òg stå for ein ny og unorsk tilsettingspolitikk. Det er vanleg overalt å krevje doktorgrad for tilsetting ved universiteta. Dermed strevar ein i profesjonsutdanningar, som må ha tett band til praksis – lærarutdanning, sjukepleie, fysioterapi, mediefag, jamvel ingeniørfag – med å balansere teori og praksis gjennom omfattande samarbeid med institusjonane dei nye kandidatane vert utdanna for. Få tilsette er både teoretisk og praktisk sterke, så det må lagast miljø for kombi- nasjonen, og praksislærarar må integrerast i miljøet.

Føresetnaden for dette er gode norskkunnskapar og innsikt i norsk skulesystem, helsevesen og andre institusjonar og verksemder studentane skal verke i. Men dette er ikkje naudsynt, meiner rektor Curt Rice. Rice meiner engelsk er godt nok som tilsettingskrav, ikkje norsk eller eit anna skandinavisk språk, slik som no er vanleg.

Rett nok meiner han at det i visse fag skal vere ein overgangsfase der den nytilsette lærer seg norsk. Problemet er berre at i alle samanhengar der ein er avhengig av tett samarbeid og prosjekt rundt arbeidet til studentane i praksis, treng ein norskkunnskapar – også langt utover norskfaget. Og i dette har den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus vore ein føregangsinstitusjon som mange andre søkjer inspirasjon hos på grunn av framståande arbeid med integrering av praksis i utdanninga.

Doktorgrad, professorkompetanse og internasjonalisering skal altså vere viktigare enn at undervisar og student forstår kvarandre, og at undervisaren skal rettleie i samtalar med pasientar for diagnosar og anna. Det er ikkje stor hjelp i å gjere unnatak for faget norsk; gjeldande fagplanar og rammeplanar krev lesing, skriving og munnleg aktivitet i alle skulefag. Alle lærarlærarar må vere gode i norsk. Dugleik i morsmålsfaget til elevane må altså reknast som naudsynt. Om alle utlendingar er gode nok i engelsk, er òg eit spørsmål.

Å lære sjukepleiestudentar å forstå seg på diagnosar og skjøne varsel i det pasienten seier til dei, er ei vesentleg oppgåve for sjukepleiarutdanninga, der også pasientrettar og andre sosiale tilhøve er innvovne i helsearbeidet. Ein professor som ikkje kan uttrykkje seg eller forstå pasientar, som ikkje kan byggje samarbeid med praksisinstitusjonar, vil snarare byggje ned enn utvikle evna til møte utfordringane.

OsloMet vil i verste fall byggje ned kompetansen HiOA har hatt. Om ein aldri så mykje har rett til å vente seg at nye medarbeidarar har sitt eige å tilføre eit fagmiljø, er det også grunn til å frykte at den nye tilsettingspolitikken vil fremje eigne spesialiseringar, utan særlege sideblikk til praksis.

Resultatet vil etter ei viss tid verte ei heilt ny arbeidsdeling: Framståande professorar frå utlandet vil helst vie seg til forsking og ta på seg mindre undervisning og praksissamarbeid. Altså kan vi få to sjikt undervisarar på OsloMet: ein flokk eldre og mellombels tilsette med praksisrøynsle og norskkunnskapar, som tek storparten av den praktiske undervisninga, med undervisningsverkstader og avtalar og prosjekt saman med utomverda, og ei veksande gruppe professorar som ikkje tek hand om eller arbeider for å utvikle desse delane av studia, men som held seg til sine alt oppdyrka spesial- emne.

Alle professorar og førsteamanuensisar kringom på høgskular og universitet sukkar då òg over all den pålagde rapporteringa, alle kontrollane og evalueringane og i tillegg jamt meir arbeid som pussig nok fylgjer av at meir og meir vitskapleg arbeid vert digitalt organisert. Ein kan dermed lett tenkje seg at det vert dei norskkunnige som må gjere alt dette, noko som sjølvsagt kan føre til konfliktar i arbeidsmiljøet.

Endå verre vil det vere om Curt Rice & co etter kvart meiner det er meir sakssvarande å innføre engelsk som administrasjonsspråk, slik at dei fleste med norsk som morsmål får ein heilt ny livssituasjon. Rett nok kan det verke som om dårleg engelsk er det mest utbreidde språket i Noreg, men det borgar då ikkje for at OsloMet vert «framståande».

Både det faglege innhaldet og sjølve samarbeidsformene i institusjonen må lide i ein slik situasjon, og det naudsynte tette samarbeidet med. Den nye politikken vil gje eit brot med tradisjonen for korleis eit profesjonsuniversitet skal forvalte samfunnsoppdraget sitt i Noreg.

Det er vanskeleg å sjå korleis «OsloMet – Storbyuniversitetet» vert særleg framståande på denne måten. I staden vil det gje viktige tilskot til utarminga av norsk fagspråk og norsk fagleg kultur. Kva står ein att med? Eit uttrykk for stormannsgalskap.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

 

Prøv Dag og Tid Les e-avisa