Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.10.2017

Gå til toppen

Toppen

Ugreie parlamentariske situasjonar

| Den 29. september 2017

Ugreie parlamentariske situasjonar

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

0 Flares Filament.io 0 Flares ×

To moglege scenario for korleis Trine Skei Grande kan enda som kunnskapsminister.

Etter valet har den grøne Trine Skei Grande og den gule Knut Arild Hareide fortalt eventyr og svara «økseskaft» på alle spørsmål om kva som skjer i stolleiken om taburettane. Den forblinda har leia den halte i jakta på ei blå-grøn regjering.

Det har vore komisk, men det er urettvist å le av det, for det er fullt mogleg å laga scenario som gjer Gande og Hareide til statsrådar i denne stortingsperioden. Det er uklart kven som ønsker det, men usannsynleg er det ikkje. Bladstyraren minner meir enn gjerne om Willoch-regjeringas oppstode, utviding, pine og fall.

ETTER AT NOKRE mothakar er dekte til og slipte ned i statsbudsjettet, kan Trine Skei Grande bli kunnskapsminister saman med polariseringsminister Listhaug i Solbergs mindretalsregjering. Då får lånte Høgre-røyster og rike onklar noko att for innsatsen. Det er i så fall norsk rekord i kamelsluking og ville stadfesta at ein kan vera så regjeringskåt og hardhuda at det er muleg å stå oppreist utan politisk ryggrad. Men ein kan jo argumentera med at det er lettare å dempa Frp og oljeborarane i enn utanfor regjering. Og så slepp Sveinung Rotevatn å melda seg hos Nav.

Då kunne KrF etter kvart følgja i Venstres fotefar. Det er lettare å fordøya kamelane når andre har børsta dei slik at dei kan slukast medhårs. Det er artig å sitja i vippeposisjon, men dersom dei som sit i den andre enden er mykje tyngre, hamnar ein i lause lufta og kan ramla av og skada seg for livet. Då er det tryggare å fordela vekta betre mellom bestevenner.

Ei slik fleirtalsregjering ville ha streva, men kunne kanskje ha overlevd til neste val.

SLIK GÅR DET IKKJE, for Knut Arild har slått opp med Erna, men i truskap til henne blir KrF ein lojal samarbeidsopposisjon. Då kjem den ekte opposisjonen til å legga ut stadig nye snarer. Den beste lokkematen er å fremja saker frå det kristelege partiprogrammet om bistand, bevaring og barnefamiliar. Før eller seinare hamnar då KrF i ei klemme der draumen blir eit mareritt: Dei kan ikkje alltid røysta mot sine eigne hjartesaker for å redda regjeringa, og Solberg fell.

Då får det største opposisjonspartiet i oppdrag å skipa regjering, og Jonas Gahr Støre vil alltid vera budd – det har han lært av Gro Harlem Brundland. Det blir ikkje ein brokete mindretalskoalisjon, men ei mindretalsregjering av Arbeidarpartiet – det har han også lært av Gro.

I den situasjonen kan Støre køyra slalåm og forhandla til høgre og venstre frå sak til sak – det har han også lært av Gro. Men ei slik regjering blir neppe sitjande lenge. Det skal berre éi sak til, der dei fire Erna-partia står saman, så fell Støre.

KVA SÅ? Då er konstitusjonell og parlamentarisk praksis at Kongen vender seg til det største opposisjonspartiet og ber Erna Solberg skipa regjering. Då kan ho setja saman ei rein mindretalsregjering av Høgre – som Willoch i 1981. Eller ta med seg to sentrumsparti – som Willoch i 1983. Då ville Solberg sitja tryggare enn ved å regjera saman med fløypartiet Frp. Og frøken Grande kan bli kunnskapsminister i ei blå-grøn regjering – hvilket skulle bevises.

Frp har forsikra at dei aldri vil stø ei regjering dei ikkje er med i, men det er eit langt steg derifrå til å fella ei høgreleia regjering og bana veg for Arbeidarpartiet igjen. Den rabulistiske spelaren Carl I. Hagen gjorde det i 1986 og blei lønt med framgang ved neste val, men i mellomtida har Frp prøvd maktposisjonar og svarte bilar og blitt medgjerlege. Derfor vil dei nok la regjeringa sitja, men banka dei to små tullepartia gule og grøne, slik at blåfargen kjem fram att.

SPALTISTEN har gått fleire rundar med seg sjølv og Bladstyraren om ingressen på dagens tekst. I originalen stod det «den feite dama», med referanse til Trine Skei Grandes strålande replikk om at det stadig var von i hangande snøre i dronningrunden med Erna Solberg: «This ain’t over before the fat lady sings».

Det ståande uttrykket «It ain’t over till (until) the fat lady sings» betyr at ein prosess eller eit drama ikkje er avgjort før heilt til slutt, for alt kan snu i siste akt. Frasen viser til overvektige sopranar, gjerne illustrert med bilde frå sluttarien i «Götterdämmerung», siste del av Richard Wagners (1813–1883) operasyklus Der Ring des Nibelungen. Avskilsscena med den omfamnsrike skjoldmøya Brünnhilde, med horn på hjelmen, spyd og rundskjold, varer i tjue minutt og endar ikkje i solrenning, men i Ragnarok: enden på den kjende verda, eller i alle fall slutten for den norrøne gudeverda.

BLADSTYRAREN har rett: Ein skal vera varsam med å dra metaforar for langt og laga kroppshumor ut av ordtak og faste seiemåtar, same kor freistande det er. Då skal ein i alle fall ha mykje feitt på nervane.

Trine Skei Grandes presise og sjølvironiske replikk er av typen «jødevits». Ingen kan fortelja så grove vitsar om forhud og bakstrevarske skikkar som jødar. Me andre må halda tann for tunge, for elles blir det hets, hån og antisemittisme. Men me burde ha nok å ta av i våre eigne, kulturelle oppheng og sjølvrettvise dumskapar – i og utanfor politikken.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

knapp knapp