Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 26.06.2017

Gå til toppen

Toppen

Tydeleg tale frå dronninga

| Den 17. februar 2017

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

«Det har irritert meg. For eksempel når man er ute på et offisielt oppdrag, så hender det at pressen ikke skriver om det som foregår, men bare om det man har på seg. Det er meget skuffende», sa dronning Sonja i eit intervju med NTB i høve 80-årsdagen som kjem seinare i år.

Dette er tydeleg tale frå dronning Sonja. Det er ikkje det at ho ikkje er interessert i design og klede – ho er utdanna i kjole- og draktsaum ved Oslo yrkesskule. Saka er at det provoserer henne, sjølvsagt med rette, at fokuset på utsjånad tek merksemda bort frå det saka eigenleg handlar om. Truleg opplever ho det som rett og slett udanna av journalistane og avisene å fokusere på slikt.

Ironien er at NTB-intervjuet med dronning Sonja òg er slått opp i VG, som ikkje akkurat opp gjennom åra har unnlate å kommentera kva dronninga og andre kjende kvinner måtte ha på seg i ulike samanhengar.

Å stadig kommentera kleda til folk er ei kontinuerleg nedvurdering av dei omtala – same kva kjønn og status dei måtte ha.

Sonja er imponerande, noko intervjuet med NTB på nytt stadfestar. Ho har sjølv måtta stå i, og vorte utfordra – i fullt medieljos – på, mange av omveltingane samfunnet har vore gjennom dei siste 50 åra, så som folkeleggjeringa av kongehuset, kvinnefrigjeringa, synet vårt på aleinemødrer –  og no skilmisser.

Det må ha vore krevjande. Men måten ho har takla det på, må ha vore til inspirasjon for mange. Og gjennom virket sitt har ho òg såleis på sin måte påverka utviklinga og ikkje minst bidratt til å ta bort ein del av tabua våre.

knapp knapp