Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Tydeleg melding frå Finnmark

| Den 18. mai 2018

Folkerøystinga i Finnmark gav ei klar melding om at finnmarkingane er imot fylkessamanslåinga med Troms. 87 prosent sa nei. Valdeltakinga var på 58 prosent, noko som er høgt når regjeringa gong på gong har sagt at ei folkerøysting er fånyttes og ikkje på nokon måte vil verta teken omsyn til.

Vi har sett det i spørsmålet om kommunesamanslåing. Vert folket spurt – er det ofte imot. Truleg ville òg folket i Østfold vore imot samanslåinga til den sære konstruksjonen Viken, der Halden skal koma i same fylke som Geilo. Og folket i Sogn og Fjordane ville truleg vore imot samanslåinga med Hordaland.

Opprettinga av dei nye 11 regionane, i staden for dei 18 fylka vi har i dag, har truleg liten legitimitet i folket. Vi trur ikkje at folk trur på at samanslåingane vil gje nokon stor økonomisk og administrativ vinst.

Det er historisk schwung over folkerøystinga i Finnmark, der folket har tala makta midt imot. Resultatet syner at tilhøyrsle og identitet er viktig for folk og ikkje noko ein kastar vrak på på grunn av nokre høgst diskutable utrekningar og modellar.

Regjeringa vil likevel ikkje la seg påverka av kva fleirtalet i Finnmark vil. Det er uklokt. Men Stortinget kan fylgja opp folkerøystinga og overprøva regjeringa. Det heile står no på KrF. Snur dei, vinn finnmarkingane fram.

Diverre følgjer KrF regjeringa i denne saka òg. På direkte spørsmål svarar dei Dag og Tid at «vedtaket står uavhengig av folkeavstemning». Kva med eit lite lokalopprør i KrF for å få partileiinga til å snu?

Prøv Dag og Tid Les e-avisa