Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Tvil og tru i tonar

| Den 25. mai 2018

Tvil og tru i tonar

Foto: Thor Brødreskift

Å opna med ei dødsmesse var eit dristig val av Festspillene i Bergen.

Opningskonsert
Hector Berlioz:
Grande messe des morts
Bergen Filharmoniske Orkester; Eikanger-Bjørsvik musikklag; Edvard Grieg Kor; Bergen Filharmoniske kor, m.fl.; Bror Magnus Tødenes, tenor; dir.: Edward Gardner. Grieghallen i Bergen, onsdag 23. mai.

Ved fyrste augekast er det mykje som skurrar med denne ideen: Kan ei katolsk dødsmesse, komponert av ein agnostikar, fungera som festleg opningskonsert for Festspillene i Bergen? Eg lyt vedgå at eg var skeptisk då eg gjekk inn i den fullsette Grieghallen onsdag kveld. Men då eit kraftig utvida Bergen Filharmoniske Orkester kom på scena, varte det ikkje lenge før eg var overtydd, både om tanken bak programmet og den kunstnarlege realiseringa av det.
Dette er elles fyrste gongen eg har opplevd at det blei delt ut øyreproppar ved inngangen til salen – «det kan bli litt høgt lydnivå innimellom», blei det opplyst. Kva for eit klassisk verk er det som krev høyrselsvern, ein remedie som i konsertsamanheng er noko ein helst assosierer med tungrock? Det er Berlioz’ «Rekviem», der ljomande domedagsbasunar og hyla frå tapte sjeler overlèt lite til fantasien.

Banebrytande instrumentering
Hector Berlioz er den viktigaste av dei franske romantikarane, ein komponist som komponerte annleis enn alle andre, noko som kan førast attende til utdaninga hans – eller mangel på slik. For då han kom til Paris som 17-åring, var det lege han skulle bli, og han hadde lite musikalsk førehandskunnskap. Ulikt dei fleste komponistar i samtida, kunne han ikkje spela klaver. Det vil seia: Han kunne nok litt, men han var ikkje nokon konsertpianist eller -organist, som brorparten av kollegaane hans. Dei fleste komponistar utarbeidde fyrst kompositoriske idear og strukturar ved flygelet. I andre omgang «orkestrerte» dei, dei fordelte ideane og strukturane på dei ulike orkesterinstrumenta i partituret. Difor ber mykje orkestermusikk preg av å vera «pianistisk tenkt».
Hjå Berlioz er det annleis – han målar liksom med brei pensel rett på orkesterlerretet, utan å ha skissert med blyant fyrst, noko som gjer han til 1800-talets mest revolusjonerande orkesterteknikar. Den intuitive førestillinga han hadde om dei klanglege eigenskapane ved dei ulike orkesterinstrumenta, blei musikkhistorisk skilsetjande. Læreboka hans i instrumentasjon, Grand traité d’instrumentation et d’orchestration frå byrjinga av 1840-åra, har sidan vore pensum for komposisjonsstudentar.

Ovstort
Oppdraget som gav Berlioz best høve til å utfalda seg orkestralt, var det den franske innanriksministeren Adrien de Gasparin gav han i 1837: Han skulle skriva ei dødsmesse for dei falne soldatane etter julirevolusjonen i 1830. Messa skulle framførast i sjølve tempelet til den franske militarismen, den barokke Invalidedomen i Paris.
Avgjerande var at han blei gjeven carte blanche frå oppdragsgjevaren når det galt storleiken på og utforminga av verket. Det tekstlege utgangspunkt var den latinske rekviemmessa, den som har namnet sitt etter opningslina «requiem aeternam dona eis, Domine» («kvile i alle æve gjev dei, Herre»). For å gje dette den rette tonebunaden utvida han orkesteret til langt over hundre strykarar, 12 horn og 16 paukar. I tillegg skulle fire messingblåsarensemble plasserast i grupper kring orkesteret. Og så var det koret, som ifylgje partituret skal ha over to hundre songarar. I ein merknad i partituret presiserer komponisten at «talet på koristar er relativt», og at «det gjerne kan vera dobbelt eller tre gonger så mange».

I alle retningar
Det er dette me har Festspillene i Bergen til: å få høyra verk som elles i året ikkje er mogleg å få framført. Med messingblåsarar plasserte i bakkant av scena og oppe i trappene til høgre og venstre for publikum, og med fire kor plasserte bak det utvida hovudorkesteret, blei Grieghallen fylt med klangar eg aldri før har høyrt der. Ei bragd var det av Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent Edward Gardner at han greidde å styra desse musikalske kreftene, for han måtte jo i praksis dirigera i alle retningar. Med unntak av nokre få taktar i den mest dramatiske delen av stykket, domedagssekvensen «Dies irae», var alt synkront. Dette vitnar om grundig innstudering, noko som òg var avgjerande med tanke på at denne opningskonserten snart vil koma på plate.

Festivalmottoet
Så mykje om den kunstnarlege realiseringa. Kva så med tanken bak programmeringa, det å opna Festspillene med lyden av daude og pinsle? Berlioz’ rekviem varer i halvannan time og overstig slik formalt alle liturgiske rammer, og sjølv om det i si tid blei urframført i ei kyrkje, er det ikkje gudstenestemusikk, men konsertmusikk.
Likevel tykkjer eg det er noko djupt religiøst ved det. Berlioz’ far var ateist, mor hans var from katolikk. Sjølv om han seinare skreiv at religionen «var mi livsens glede i barndomen», var han sjølv agnostikar. Og det er tapet av denne barnetrua eg høyrer att i musikken – rekviemet uttrykkjer ein lengt etter tapt barnetru, ja, stundom ein desperasjon etter noko å tru på. Slik sett var det ei tankevekkjande og minneverdig opning av Festspillene, som i år har «mellom tvil og tru» som festivalmotto.

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa