Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.06.2018

Gå til toppen

Toppen

Få lyspunkt

| Den 1. juni 2018

Få lyspunkt

Foto: Magnus Skrede

Lite tyder på at festspeldirektøren Beyer kjem til å endra kurs når det gjeld satsinga på klassisk musikk. 

Hadde eg vore kunstmeldar, teatermeldar eller operert innanfor andre musikalske sfærar enn den klassiske, ville inntrykket mitt kanskje vore annleis. Men med fokus på det klassiske konstaterer eg at årets Festspillene i Bergen, dei 66. i rekkja, er dei mest keisame eg har opplevd. Bortsett frå nokre få lyspunkt er det lite i programmet som lokkar til Bergen.
Det førebelse høgdepunktet kom tidleg med opningskonserten i Grieghallen onsdag førre veke: Å framføra eit verk som krev så store besetningsressursar som Hector Berlioz’ (1803–1869) Requiem, er det knapt nokon annan institusjon i Noreg enn Festspillene som har krefter til.

Fritt for klassisk
Dødsmessa var noko eg kjem til å hugsa. Det var ein sann katarsis etter den dødskeisame opningsseremonien på Torgallmenningen tidlegare på dagen.
Eg lyt slutta å ta desse opningsseremoniane på alvor; ein gong var dei ein ouverture der representative smakebitar frå programmet gav oss eit bilete av kva som var i vente dei komande to festvekene. Det vil seia: På sett og vis var seremonien representativ. Det at han ikkje inneheldt klassisk musikk, men rap, folkrock og etnomusikk, syner Festspillenes prioriteringar.

Grieg som forsvann
I fjor hadde det som tradisjonelt har vore Festspillenes kjerne, den klassiske musikken, operaen og balletten, ein liten oppsving etter at festspeldirektør Anders Beyer hadde hausta krass kritikk for retninga si. Me kan konstatera at verknaden var kortvarig. I år var det ingen gjestespel av symfoni- eller kammerorkester, ikkje noko scenisk operagjestespel, ingen barokkorkester, ja, ikkje noka form for barokkensemble i det heile.
At Grieg har 175-års­jubileum, nemner ikkje direktøren med eitt ord i festspelprogrammet. Heller ikkje i programmeringa viser det igjen. Eg bur i den byen der Grieg studerte, Leipzig. Ingen annan by i Tyskland har fostra eller hyst fleire store klassiske komponistar. Likevel feirar dei Grieg-jubileet med eigne konsertseriar og festføredrag. Noreg har éin stor komponist, Grieg, som blir ignorert av festspela i heimbyen sin.

Sterk på teater
Medan Beyer satsar tungt, både dramaturgisk og finansielt, på eigne, nye teaterproduksjonar, fyller han brorparten av klassiskkvoten med innkjøpte produksjonar i miniformat. Dei kan i og for seg vera fine; klaveraftan med András Schiff og songaftan med Bryn Terfel løner det seg å gå på, men slikt set ikkje Bergen på kartet internasjonalt, for du kan høyra nett det same andre stader. Bergen Filharmoniske Orkester deltek i år med fire konsertprogram. Det er eit flott orkester, men dei spelar i Bergen heile året – at dei skal bera det symfoniske programmet til Festspillene åleine, blir feil for festivalen som er Nordens største i sitt slag.

Beyers støe kurs
Beyer byrja som direktør i 2012 og sit på åremål til 2022. Statuttane til Festspillene føreskriv mellom anna at dei skal «gi et bilde av de beste norske og internasjonale kunstfrembringelser, vesentlig innenfor musikk». At Beyer kjem til å endra kurs når det gjeld det klassiske, har eg inga tru på, særleg sidan han har full ryggdekning frå styreleiaren sin, a-ha-medlem og kunstnar Magne Furuholmen – det blir nok verre før det blir betre og Festspillene finn attende til seg sjølv. Som Beyer sjølv uttalte til BT førre veke: «Vi har kun sett små overflatekrusninger», for «om fem år kan Festspillene bli noe helt annet».

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa