Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 22.09.2017

Gå til toppen

Toppen

Trump må truge Kim og be om at han blunkar

| Den 7. juli 2017

Trump må truge Kim og be om at han blunkar

Biletet er ein montasje av to bilete frå april i år. Leiar i Nord-Korea Kim Jong-un og president i USA Donald Trump. Foto: Wong Maye-E og Pablo Martinez Monsivais / AP Photo / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Andre presidentar har bøygt unna å ta eit oppgjer med Nord-Korea. Denne presidenten har ikkje noko val.

KOMMENTAR

Niall Ferguson

«Auken av makt til Aten og den uroa det vekte i Sparta, gjorde at krig ikkje var til å unngå.» Dette er den mest berømte utsegna i Thukydids Historia om Peloponneskrigen. Vil framtidige historikarar ein dag skrive at auken i makt til Kina og den uroa det vekte i USA, gjorde krig uunngåeleg på same viset? Harvard-professoren Graham Allison er redd svaret kan vere «ja».

Sidan valet av Donald Trump til president i USA, har sjansen for konflikt mellom Kina og USA auka monaleg. I fjor førte Trumo ein valkampanje som var aggressivt antikinesisk, med gjentekne trugsmål om å leggje avgifter på import frå Kina. Handel er berre eitt av mange stridstema. USA er framleis ein forsvarar av fri ferdsel i Sør-Kina-havet. Øybyggingsprogrammet til Kina er meint å gjere det havet kinesisk i gagnet så vel som i namnet. Trump er mindre bunden til «eitt Kina»-politikken enn nokon amerikansk president sidan Richard Nixon, ein politikk som lèt som Taiwan ikkje er ein uavhengig stat.

 

Men det mest brennbare spørsmålet er utan tvil Nord-Korea – som bringar meg attende til Thukydid og Graham Allisons Destined for War: Can America and China Escape Thucydides’s Trap?, den mest lesne boka denne sommaren i både Washington og Beijing.

Thukydid var ein atensk general under krigen mellom det peloponnesiske forbundet (leia av Sparta) og det attiske forbundet (leia av Aten), som vara frå 431 til 404 f.Kr. Årsaka til at krigshistoria hans vert lesen den dag i dag, er at ho var ein forgjengar for den måten å forklare fortidige hendingar på som historikarar nyttar framleis. Gudane sette ikkje krigen i gang. Det gjorde menneska.

Om du les Thukydid, vil du sjå kor viktig rolle små makter spelar i å få dei to store maktene til å byrje ein krig. Den opphavlege konflikten stod i røynda mellom Aten og Korint; krigen kom då korintarane bad Sparta om hjelp.

 

Små makter kan skape store problem: tenk på rolla Serbia spela i 1914, eller Cuba i den kalde krigen. Dagens katalysator for konflikt er Nord-Korea, som lukkast i å skyte opp sin første interkontinentale rakett for eit par veker sidan – eit våpen med ei rekkevidd som gjer det råd å nå Alaska. Ekspertar som min kollega ved Stanford, Siegfried Hecker, meiner at nordkoreanarane om berre fem år vil vere i stand til å lage eit atomstridshovud som er lite nok til å kunne fraktast av ein slik rakett.

Det endrar det strategiske spelet. Det er ille nok at det totalitære regimet i Pyongyang har skaffa seg evne til å atombombe Sør-Korea eller Japan, begge allierte med USA. Dersom landet er berre nokre år frå å kunne utslette San Francisco, er USA nøydd til å handle. Sjølv om du på eit vis har tru på at Kim Jong-un vil ha atomrakettar berre for å kunne forsvare seg, øydelegg han ikkjespreiingsregimet som avgrensa talet på atommakter under og etter den kalde krigen. Ville du likt ei verd der både Nord-Korea, Iran og Saudi-Arabia har atomvåpen? Det ville ikkje eg.

 

Trump kjenner på det same. Den 30. juni skreiv han på Twitter: «Æraen for strategisk tolmod med det nordkoreanske regimet har slått feil. Det tolmodet er slutt.» Men kva kan han gjere? Han har fire val, tre av dei har alt vore mislukka.

Val nummer ein er meir preik av den sorten Sør-Koreas nye president, Moon Jae-in, føretrekkjer. Dette har vi sett før, under Bill Clinton og George W. Bush. Ein kan stole på at nordkoreanarane ikkje er til å stole på. Avtala Agreed Framework, som vart underteikna i 1994, fraus plutoniumprogrammet til Pyongyang. Åtte år seinare vart det kjent at Nord-Korea hadde rika opp uran i løyndom.

Val to er det president Barack Obama prøvde: sanksjonar, støtta av resolusjonar i Tryggingsrådet. Obama mislukkast ikkje berre i å stogge atomprogrammet til Nord-Korea; han auka farten på det.

Val tre er det Trump har freista sidan toppmøtet med president Xi Jinping i Mar-a-Lago: å presse Kina til å ta hand om problemet. Om du følgjer Trump på Twitter, veit du korleis det har gått. Dagen for den siste nordkoreanske rakettesten håpa han framleis at Kina ville «leggje sterkt press på Nord-Korea og få slutt på dette tøvet ein gong for alle!». Men onsdag i førre veke tvitra han: «Handelen mellom Kina og Nord-Korea auka med nesten 40 prosent i første kvartal. Det var altså slutten på at Kina skulle samarbeide med oss – men vi laut gje det ein sjanse!»

Val fire er militæraksjon. Konvensjonell klokskap held denne løysinga utanfor, ettersom eit åtak frå USA ville utløyse øydelegginga av den sørkoreanske hovudstaden Seoul (10 millionar innbyggjarar) med ei skur av artillerigranatar og rakettar og kan hende til og med ein kortrekkjande atomrakett. Som den amerikanske forsvarsministeren, James Mattis, sa i mai: «Ein konflikt i Nord-Korea ville truleg bli den verste forma for kamp i dei fleste menneska si levetid.»

 

Det vil likevel ikkje seie (slik mange har ymta om) at Mattis ville føye seg heller enn å kjempe ein slik krig. Tvert om: den nasjonale tryggingsrådgjevaren, HR McMaster – til liks med Mattis ein svært røynd general – har gjort det klårt at ei militær løysing ligg på bordet.

Vil det seie at Trump-administrasjonen er villig til å sjå Seoul brenne opp for å hindre at Kim trugar Alaska? Igjen, nei. Med massiv bruk av marinestyrkar har USA kapasitet til å øydeleggje ein så stor del av det nordkoreanske arsenalet at skadane på Seoul ville bli avgrensa.

Er ein militæraksjon risikabel? Det er eit dumt spørsmål. Militæraksjonar er alltid risikable, og Mattis gjer rett når han åtvarar om at ein ny Korea-krig vil bli svært øydeleggjande. Det rette spørsmålet er om risikoen ved ikkje å gjere noko kunne bli større. Tre presidentar etter kvarandre bestemte seg for at han ikkje ville bli det – og her sit vi. Er Donald Trump i stand til å bryte denne rekkja? Eg ville tru det.

Den største faren ved ein konfrontasjon med Pyongyang er ikkje den mest nærliggjande (åtak på Seoul). Det er (som det var i 1950) risikoen for kinesisk intervensjon som motpart. Det er det som gjer boka til Graham Allison så viktig. «Kina og USA er for tida på kollisjonskurs i retning krig», skriv han. Likevel, i fire av dei i alt 16 historiske tilfella han har studert, har den framveksande makta og den sitjande makta ikkje enda opp med å gå til krig – det mest relevante dømet er den kalde krigen mellom USA og Sovjetunionen.

 

Dersom Allison har rett når han samanliknar dagens rakettkrise med den kubanske rakettkrisa i 1962, har Trump ikkje noko anna val enn å truge med å bruke makt, og satse på at den andre parten blunkar (med litt hjelp frå diplomati i bakre kanalar).

Donald Trump som John F. Kennedy? Ein slik parallell er bortanfor fatteevna til legionane av Trump-hatarar. Men dei same folka gjekk fullstendig glipp av den Kennedy-liknande tonen i Trumps fine tale til forsvar av vestleg sivilisasjon i Warszawa førre torsdag. Lærdomen frå historia er at ikkje alle store makter fell i Thukydid-fella, men dei fleste journalistar fell stadig i fella det er å undervurdere Donald Trump.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle

knapp knapp