Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.04.2017

Gå til toppen

Toppen

Trollkvinna og dei gode hjelparane

| Den 26. februar 2016

Trollkvinna og dei gode hjelparane

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Åtaka på Sylvi Listhaug, som no har halde fram i snart tre månader, knyter seg særleg til dei to følgjande utsegnene: «Jeg reagerer på dette godhetstyranniet som rir det norske samfunnet som en mare», til NTB 3. november i fjor, og: «En kan ikke bli båret på gullstol inn i Norge», til VG 29. desember.

Desse utsegnene er metaforiske og opnar dermed for tolking. Det er difor viktig å vita kva for ein samanheng dei fyrst fall i, og korleis Listhaug sjølv forklarte dei. Det kan òg vera nyttig å sjå på opphavet til om­­grepa.
Omgrepet «godhetstyranni» vart innført av historikaren Terje Tvedt i boka Utviklingshjelp, utenrikspolitikk og makt frå 2003. Det skildrar ein tenkjemåte som ut­øver undertrykking gjennom makta til å definera kva som er det gode og moralsk rette i politikken. «Godhetstyranni» inneber altså ikkje nokon kritikk av den gode viljen til menneska, det faktisk gode eller nestekjærleik som ideal. Det skildrar ein kulturell situasjon der den offentlege samtalen vert dominert av dei som har tilkjempa seg eit monopol på å vita kva som er «den gode handling», ofte på eit vis som forenklar ei kompleks verd til enkle førestellingar om godt og vondt.
Under eit «godhetsregime» rår ideologiske makthavarar som i kraft av at dei representerer moralen, kan oppkasta seg til domarar over alle som har andre politiske synspunkt og framstilla dei som dårlege menneske.

Godhetstyranniet
Sylvi Listhaug nytta omgrepet «godhetstyranni» som ei nemning på korleis dei som ynskjer ein liberal asylpolitikk, stigmatiserer meiningsmotstandarane sine som umoralske menneske. Nemninga vart nytta i ein direkte kommentar til preses i Den norske kyrkja Helga Byfugliens utsegn om at finansieringa til regjeringa av kostnadene ved asyltilstrøyminga med midlar frå bistandsbudsjettet var «uverdig», fordi det førde med seg å «kutte i bevilgninger til fattige mennesker».
Frå starten av forklarte Listhaug at ho med «godhetstyranni» meinte ein hersketeknikk i asyldebatten, der «Bondevik og sjefen for biskopene stempler dem som er bekymret for utviklingen som usolidariske og fæle folk». Denne meininga med uttrykket kom ikkje etterpå, men frå fyrste stund og vart teken opp att fleire gonger, både i presseintervju og i «Dagsnytt 18» på NRK den 3. november.
I den fyrste tida etter List­haugs utspel om «godhetstyranniet» vart det ikkje teke så ille opp, med unnatak i Klassekampen 4. november der Alf Skjeseth skreiv: «Men problemet, langt inn i regjeringskontora, er altså at vi har eit tyranni av godheit. ‘Tyranniet’ er at mange protesterer mot at bistandsformål får blø for nesten halve ekstrarekninga for flyktningane. ‘Tyranniet’ gjer at mange gjer sitt for å sikre medmenneske mat, klede og tak over hovudet, same kva ein måtte meine om innvandringspolitikken.»
Her underslo Skjeseth den meininga Listhaug hadde gjeve omgrepet «godhetstyranni» i same andedrag som ho nytta det. I staden fann han på ei ny meining. «Godhetstyranni» var ikkje lenger ein metafor for ein hersketeknikk i asyldebatten, slik som Listhaug hadde nytta omgrepet og sagt at ho nytta det, men ei nedsetjande nemning på faktisk godheit og politisk kritikk. Dermed vart Listhaug indirekte skildra som ein person med forakt for gode menneske som hjelper flyktningar utan mat og hus. Skjeseth utøvde i praksis den hersketeknikken som Listhaug hadde vilja skildra med utsegna si.
Omtolkinga av Listhaugs «godhetstyranni» frå ein hersketeknikk ho meinte andre utøvde, til ein antihumanisme dei andre meinte ho sjølv leid av, låg freistande nær, men kravde ei medviten forvrenging av Listhaugs utsegn. I vekene fram til ho vart innvandringsminister midt i desember, kom denne forvreng­inga stort sett berre i overskrifter.
I Vårt Land 10. november skreiv Lars Gilberg om «Godhetshetsen», og i sjølve teksten at «godheten nå er blitt satt under debatt». Dermed definerte han godheit som ein viss type politikk, slik at dei som stod for denne politikken ville få eit moralsk overtak; men noko giftig åtak på Listhaug var det enno ikkje tale om. Svein Egil Omdal skreiv i Adresseavisen 14. november om «Den farlige godheten» og definerte «godhetstyranni» som «kritikk av politikkens hardeste sider», igjen eit heilt anna innhald enn hos Listhaug, men utan å namngje henne som kjelde.

For den gode er alt lov
Då Listhaug 16. desember vart utnemnd til minister for innvandring og integrering, vart tonen skjerpa. I Dagbladet dagen etter skreiv Marie Simonsen om Listhaug: «Som hun selv sier, godhetstyranniet rir Norge som en mare. Nå har hun fått makt til endelig å gjøre slutt på tyranniet; disse forferdelige menneskene som poster bilder av druknede barn på Facebook uten å skjønne at de er velferdsstatens undergang.»
Dermed var grensa passert til ei direkte ombyting av meininga i Listhaugs utsegn.
«Godhetstyranniet» var ikkje lenger ein hersketeknikk nytta mot dei som vil ha ein strengare asylpolitikk, men personifisert som dei faktiske menneska som hadde medkjensle for flyktning­ane.
No var det fritt fram. Under lysmessa i Vestre Aker kyrkje tala Gunnar Stålsett til konfirmantane. Den tidlegare biskopen, medlemen av Nobelkomitéen, formannen i Senterpartiet og generalsekretæren i Det lutherske Verdensforbund nemnde ikkje Listhaug med namn, men det var heller ikkje naudsynt. Gjennom debatten var omgrepet «godhetstyranni» beinveges knytt til innvandringsministeren, og alle visste kven Stålsett tala om då han sa: «Dette kyniske nyordet går inn i vår kulturhistorie som uttrykk for forakt for det grunnleggende i vår kristne tro, som fornektelse av vår felles humanitet» (Dag og Tid 24. desember).
Så langt hadde ikkje nokon gått før. Ingen med kristen autoritet hadde nytta kristendomen til å råka den politiske motstandaren sin ved hjelp av ei openberr forfalsking av kva motstandaren eksplisitt hadde meint. Denne bannbullen skildra Listhaug som eit kynisk menneske med ei kristendomsforakt av kulturhistoriske dimensjonar og som ein fornektar av den felles humaniteten til menneskeslekta.
Sterkare klage kan ikkje reisast mot nokon, og det vart gjort på sviktande grunn. Det var ei dehumanisering av ein politisk motstandar på religiøst grunnlag, der kristendomen vart nytta som middel til å fremja eigen politikk.

Gullstolen
Men det var ikkje slutt med dette. I romjula presenterte Listhaug utkastet frå regjeringa til den innstramminga av asyl­reglane som eit nesten samla storting hadde bede om. Med kjend aktløyse gav Listhaug til og med dei som var samde med henne i sak eit gyllent høve til å ta avstand frå henne som person, då ho nytta endå eit tvitydig omgrep, nemleg «gullstol».
Men atter må det seiast at ho samstundes hadde definert om­­grepet. Utan rom for mistyding sa ho at kjernen i innstramming­ane var at asylsøkjarane måtte greia seg sjølve, skaffa seg arbeid og bustad, språk- og kulturkunnskapar for å vinna retten til fast opphald i landet.
Dette var samanhengen då ho fyrste gongen nytta omgrepet «gullstol» i VG 28. desember, der ho sa: «Den viktigste faktoren for god integrering er at utlendingen selv vil integreres. En kan ikke bli båret på gullstol inn i Norge. Det må stilles krav, og det gjør vi med dette forslaget.» Bak innstrammingsframlegga låg det eit individualistisk prinsipp om at alle er si eiga lukkes smed: Innsats i arbeidsliv og skule skulle lønast med fast opphald.
Slik var omgrepet «gullstol» frå starten ein metafor for ikkje å stilla krav til asylsøkjarar om eigeninnsats. Men alt dagen etter vart omgrepet omdefinert i leiaren i VG, der dei fleste innstrammingstiltaka vart skildra som fornuftige, men avisa ville «skille mellom ordbruk og innhold» og gjorde dette ved å gje Listhaugs ord eit heilt nytt innhald: «Listhaugs ordbruk om at asylsøkere ikke skal bli båret inn i Norge på gullstol, finner vi usmakelig. Det er ingenting som minner om gullstol i bildene vi har sett av flyktninger på flukt fra krigens redsler.»
Listhaug hadde tala om eigeninnsats i integreringsprosessen; no påstod ein at ho hadde tala om fluktruta frå krigsområda. I Stavanger Aftenblad 6. januar meinte biskop Byfuglien at Listhaugs snakk om gullstolen «nedskriver fullstendig den frykt og usikkerhet som er forbundet med det å være på flukt».
Listhaug sjølv tok opp att at gullstolen handla om integreringa, ikkje flukta, men det hjelpte ikkje. «Vi kan faen ikke holde på sånn som nå», utbraut tidlegare miljøvernminister Thorbjørn Berntsen i Dagbladet 23. januar. «At Listhaug kommer med uttalelser som at asylsøkere ikke skal bæres inn på gullstol, går ikke an når drukna små­unger flyter rundt i Middelhavet», sa Berntsen. På NRK.no 11. februar fullførde Helga Pedersen denne omdefineringa av List­haugs gull­stol med å seia rett ut: «I List­haugs verden blir en overfylt gummiflåte over Middelhavet til en gullstol inn i Norge.»
Alle må ha visst at innvandringsministeren hadde nytta om­­grepet «gullstol» om ein integreringspolitikk som ikkje set krav om eigeninnsats; men alle lest som om det var flukta over Middelhavet ho hadde tenkt på. Dermed fekk ein stadfest at «Sylvi Listhaug» var nett så antihumanistisk som Stålsett hadde hevda.

Debatt utan grenser
Dei moralsk gode hadde no skapt eit monster som var i stand til alt vondt. Ein kunne seia kva som helst om henne og koma unna med heider.
Då ho i eit intervju sa at ho var «bekymret for [sine] egne barns fremtid», skreiv forfattaren Anne Holt i Dagsavisen 12. februar at ho «signaliserer redsel» og dermed sender ei «oppfordring til andre om å dele emosjonen», trass i at den uroa for migrasjons- og flyktningkrisa som Listhaug formidla, vart delt av politikarar, økonomar og kommentatorar over heile den vestlege verda.
Den amerikanske utanriksministeren John Kerry meiner at masseinnstrøyminga av flyktningar og migrantar nærmar seg «eit eksistensielt trugsmål» mot Europa. Den tyske økonomi­eksperten Hans-Werner Sinn skriv i Handelsblatt 8. februar at den tyske velferdsstaten ikkje kan overleva dei migrasjons­nivåa vi har i dag. Historikaren Paul Kennedy føresåg i Preparing for the Twenty-First Century frå 1993 ei migrasjonskrise i vår tid som kunne likna den franske revolusjonen, berre i global skala.
Slike samanlikningar, og i det heile karakteren av migrasjons- og flyktningkrisa, er gjenstand for usemje, også mellom historikarar og migrasjonsekspertar, men svært få meiner at situasjonen ikkje gjev grunn til uro.
Men sidan det var Sylvi Listhaug som delte folks uro, kunne ein seia at ho oppfordra til framandfrykt. Venstremannen Abid Raja tykte det var rimeleg å utsetja henne for religiøs vurdering som «en dårlig representant for kristendommen» (VG Nett 5. februar); stortingsrepresentanten Helga Pedersen omtala henne med sjølvfylgje som «høyre­populist» (VG 18. februar); biskop Atle Sommerfeldt kalla utsegna hennar som «retorikk frå det ekstreme høyre i USA» (Fredriksstad Blad 11. januar).
Då litt over hundre anti-jihadistar i Oslo meinte at deira time var komen og arrangerte støttedemonstrasjon for Listhaug, fann spaltisten Paul Bjerke det rimeleg å kalla henne «rasistenes favorittstatsråd» i Klassekampen 18. februar, og radiomannen Jørgen Strickert laga humoristiske ordspel om «Sylvi Listhaug» og «syfilis» i Salongen på NRK P2 den 9. februar.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid

knapp knapp