Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 21.09.2018

Gå til toppen

Toppen

Trans-skjønn

| Den 7. november 2014 http://dagogtid.no

Trans-skjønn

Ein underleg oppløftande film om eit ofte nedtrykkjande framstilt tema.

UNGDOMSFILM
Regi: Ester Martin Bergsmark
Noe må gå i stykker (orig. Nånting måste gå sønder)
Med: Saga Becker, Iggy Malmborg, Shima Niavarani

Transkjønna Sebastian/Ellie (Becker) bur i eit stussleg kollektiv med veninna Lea (Niavarani) og har ein tråkig jobb på eit lager ein stad i dei kjipare delane av Stockholm. Då han treffer Andreas (Malmborg) ein fuktig kveld med naseblod og rakna strømpebukser, finn han endeleg sin riddar i skinande skinnjakke. I allefall i ei perfekt verd.

HEN tok du vegen?
Få bøker fekk meir merksemd i Sverige i 2010 enn Du är rötterna som sover vid mina fötter och håller jorden på plats. Det er lett å skjøna kvifor. Forfattar Eli Leven har også skrive manus til Noe må gå i stykker. Framleis kjennest den transkjønna tematikken ut­­fordrande, diskusjonen om den nøytrale nemninga hen vedgår ikkje så mange, og sjølv om det til og med heiter Landsforeininga for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar – at ein mann kjenner seg som ei kvinne er problematisk for mange. Og kva med dei som fell for transkjønna – kva legning fell dei ned på? Regissør Bergsmark skildrar desse problema med overtyding, innsikt og – heldigvis – varme.

Å leva det er å elska
I motsetning til filmar som Boys don’t cry (1999), der du heile tida ventar på at Teena/Brandon skal bli banka opp, så kviler mykje av handlinga i Noe må gå i stykker på dei gode, fine stundene og balanserer difor heile tida uroa som ligg under. Og det er verkeleg mange av desse scenene. Sebastian og romkameraten Lea (Niavarani) som prøver å gjera det koseleg i ungdomsreiret dei deler, velmeinande kollegaer og ikkje minst alle dei nydelege sekvensane med Sebastian og Andreas. Framstillinga av tiltrekkinga og forelskinga mellom dei kjenner ein seg lett att i, det same med fortvilinga, forvirringa og frustrasjonane dei går med. Det er samtidig dette ekstra aspektet – Sebastians behov for å leva ut Ellie og Andreas’ behov for å ikkje vera homofil. Kanskje det viktigaste av alt ikkje er kjærleiken?

Sjeldan bra
Ut frå dei unge hovudpersonane og mykje av tematikken kan filmen på nokre vis gå inn under sjangeren ungdomsfilm. Men det er ingen forenklande grep eller opplagde grep for å tekkjast eit ungt publikum, noko som gjer at filmen fungerer uansett alder. Alt verkar så oppriktig og lite tilgjort. «Du er så vakker at eg må spy», seier Andreas til Sebastian. Orda gjer vondt, men kven av dei som har det mest vondt, er mindre sikkert. Heilt sikkert er at filmen alt i alt er ein oppløftande film, der trua på at mangfald og individ kan leva side ved side, veks seg sterkare. Berre det i seg sjølv er verdt billetten. Det, og at Noe må gå i stykker er ein av dei beste filmane eg har sett i år.

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa