Foto: Javad Parsa / NTB
0–6 rette: Kor mange skruar sat laust i dag, tru? Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna glepp når det skrur seg til.
10–15 rette: Applaus! Du skrur stadig ballen i mål.
16–20 rette: Utvilsamt godt skrudd saman og i framifrå gjenge!
21 rette: Oss skruar imellom – gratulerer! Quizmeisteren gler seg til å få e-post.

1. Den 5. mai kunne Tedros Adhanom Ghebreyesus erklære at covid-19 ikkje lenger er ein global health emergency. Kva organisasjon er han generaldirektør for?
2. Polsk vert skrive med ein variant av kva for eit alfabet?
3. Kva roman har vorte filmatisert med tittelrolleinnehavarane Alan Ladd (1949), Robert Redford (1974) og Leonardo DiCaprio (2013)?
4. Kva vanleg ingrediens i til dømes ein brøddeig kan døy viss han kjem i direkte kontakt med salt?
5. Debora var ein særs allsidig leiar. I kva bok i Bibelen møter me henne?
6. Kva fotballspelar har rekorden for flest mål i ein Premier League-sesong? Rekorden er frå sesongen 2022–23.
7. Kva er kvitlauk i forhold til arten vanleg lauk: ein varietet, ein art i same slekt eller ein art i ein annan familie?
8. I kva for eit land finn me byane Gao, Timbuktu, Ségou og hovudstaden Bamako?
9. I kva Abba-song får tittelkarakteren oppfordringane «Tell me what’s wrong» og «Tell me the truth»?
10. Kva bilprodusent grunnlagd i 1937 har eit namn me kan omsetje til «folkevogn» på norsk?
11. Denne sporten har vore olympisk sidan starten i 1896, men kvinnene fekk delta første gongen i 1912. Då vann australske Fanny Durack den individuelle øvinga. Kva sport er det?
12. Kva tittel er det Julius Cæsar har gjeve namn til, men aldri fekk sjølv?
13. Kven, som òg skriv for Dag og Tid, gav i 1983 ut ei bok som vekte omfattande debatt i norsk litterær ålmente? Boka heiter Bazarovs barn og er eit krast oppgjer med sentrale forfattarar i 68-generasjonen.
14. Er beltet på ein beltestakk breitt eller smalt?
15. Om lag kor stor er Bouvetøya, den norske øya som ofte vert kalla verdas mest einsame øy: 0,5, 5, 50, 500 eller 5000 kvadratkilometer?
16. Kva himmellekam er det som heilt eller delvis skuggar for sola ved ei solformørking?
17. Ho (1911–1996) skal vere den einaste norske kvinna som har komponert ein symfoni. Dessutan var ho pianist på internasjonalt nivå. Symfonien er å høyre på Festspela i Bergen 2023, der ho er årets festspelkomponist. Kva er namnet hennar?
18. Kva heiter valutaen som vert nytta i Russland og Belarus?
19. Kva heiter kunstmuseet i Haag som husar vidgjetne verk som «Jente med perleøyredobb» og «Dr. Tulps anatomiforelesing»?
20. Nemn eit år Gro Harlem Brundtland var miljøvernminister.
21. Kven i norrøn mytologi er far til mellom andre Balder, Hod, Tor, Våle og Vidar?
Svar på spørsmål:
1. WHO (Verdsorganisasjonen for helse)
2. Det latinske alfabetet
3. Den store Gatsby
4. Gjær
5. Domarane
6. Erling Braut Haaland
7. Ein art i same slekt (Det er i laukslekta, Allium på latin. Vanleg lauk heiter Allium cepa, kvitlauk heiter Allium sativum.)
8. Mali
9. «Chiquitita»
10. Volkswagen
11. Symjing
12. Keisar (eller varianten tsar, om du vil)
13. Kaj Skagen
14. Breitt
15. 50 kvadratkilometer
16. Månen
17. Anne-Marie Ørbeck (For ordens skuld: Påstanden om einaste norske kvinne med symfoni er frå Store norske leksikon.)
18. Rubel
19. Mauritshuis
20. Eit år i tidsrommet 1974–1979
21. Odin
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.