Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB
0–6 rette: Kor mange skruar sat lause i dag, tru? Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna glepp når det skrur seg til.
10–15 rette: Applaus! Du skrur stadig ballen i mål.
16–20 rette: Utvilsamt godt skrudd saman og i framifrå gjenge!
21 rette: Oss skruar imellom – gratulerer! Quizmeisteren gler seg til å få e-post.

1. Den 19. mars i Vikersundbakken gjekk tidenes første offisielle kvinnekonkurranse i kva form for skihopping?
2. I den nemnde konkurransen vann slovenske Ema Klinec med ny verdsrekord for kvinner. Er denne på 206 meter, 226 meter eller 246 meter?
3. Kva kommune kan skilte med både Vikersundbakken, Blaafarveværket og ein privat diakonal institusjon?
4. Kva omset me vanlegvis det spanske ordet casa til på norsk?
5. Over til måleriet «Leiv Eiriksson oppdager Amerika». Tittelpersonen har på seg ein overdel i kva hovudfarge?
6. Eit norsk ektepar vart vidgjete for å oppdage L’Anse aux Meadows, den einaste kjende norrøne buplassen i Amerika. Kven i ekteparet var arkeolog og leia utgravingane? Svar med fornamn og etternamn.
7. Dei fleste på Fiji vedkjenner seg til kristendommen eller kva annan verdsreligion?
8. Er det ved innpust eller utpust at lufta har mest oksygen?
9. Kva heiter gjenstanden med fotform som skomakaren nyttar, til dømes for at skotøyet skal halde fasongen?
10. Aleksander Alekhin er den einaste som har mista verdsmeistertittelen i sjakk på kva måte? Det skjedde 24. mars 1946.
11. Kva heiter det kjende konserthuset i Helsinki, teikna av Alvar Aalto?
12. I 2021 vart Marian Hussein den første stortingsrepresentanten med afrikansk bakgrunn, likeins den første med hijab. Nå har ho vorte nestleiar i eit parti som òg har fått ny leiar. Kva parti?
13. Kor mange kronblad har vanlegvis fjellplanten reinrose, som er fylkesblom i Trøndelag? Her kan det vitskaplege namnet Dryas octopetala vere til hjelp.
14. I ei scene kan ein sjå Gregers Gram, spelt av Nicolai Cleve Broch, verte skoten og drepen på Plasskafeen. Kva norsk film frå 2008 er det tale om?
15. Frankrike har éi stor øy i Middelhavet. Kva øy?
16. Artisten Rihanna er truleg den mest kjende enkeltpersonen frå kva karibisk land?
17. Valdres-diktaren Anders Underdal var far til ein folkekjær forfattar som aldri fekk vere med i Den norske forfatterforening. Kven er det (1924–2018)?
18. I kva for eit oddetalsår skaut ein opp Sputnik 1 og Sputnik 2, sistnemnde med hunden Laika?
19. Den 17. mars vart det skrive ut arrestordre mot Vladimir Putin og Maria Lvova-Belova, høvesvis president og barneombod i Russland. Kom ordren frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, Den internasjonale domstolen eller Den internasjonale straffedomstolen?
20. På kartongar med ferskpressa juice står det ofte eksplisitt at juicen ikkje er frå dette. Kva då?
21. Kva havstraum er det som er havet, ifylgje opningsorda i Den gamle mannen og havet?
Svar på neste side
1. Skiflyging
2. 226 meter
3. Modum kommune (Sistnemnde er Modum Bad.)
4. Hus
5. Gul
6. Anne Stine Ingstad (For ordens skuld: I denne samanhengen meiner ein Amerika utan Grønland.)
7. Hinduismen
8. Ved innpust
9. Lest
10. Ved å døy
11. Finlandiahuset
12. Sosialistisk Venstreparti
13. Åtte
14. Max Manus
15. Korsika
16. Barbados
17. Margit Sandemo
18. 1957
19. Den internasjonale straffedomstolen
20. Konsentrat
21. Golfstraumen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.