Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Terrorparadokset

| Den 3. mars 2017

Terrorparadokset

Foto frå NRK Nyheter

Utan merksemd ville terrorisme vere meiningslaust. Men massemedia er dømde til å kappast om å bistå terroristane. 

Det er visst dystre tider: «2016 går mot slutten i skyggen av terror, død og lemlestelse», skreiv Verdens Gang på leiarplass julaftan i fjor, etter terroråtaket i Berlin. Terrorismen har kasta lange skuggar i Europa dei siste to åra. I fjor var det store terroråtak i Frankrike, Tyskland og Belgia, og både den internasjonale og norske mediedekninga av brotsverka var enorm.

Når terrortrugsmålet kjennest stort, endrar det åtferda vår, verdsbileta våre og samfunna våre. Turistindustrien i Paris fekk eit inntektsfall på kring sju milliardar kroner i første halvdel av 2016 samanlikna med året før, og terroråtaka var truleg hovudgrunnen. Og terrorfrykt pregar også folk i Noreg. Eit terroråtak er den krisesituasjonen flest nordmenn fryktar, om vi skal tru ei meiningsmåling som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap publiserte nyleg.

Les heile artikkelen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøpe e-avisa.

knapp knapp