JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

Mette Frederiksen på valfesten til Socialdemokratiet.

Foto: Martin Sylvest / NTB

Dansk samling i sentrum

«Socialdemokratiet har gjort det beste valet på 20 år», sa Mette Frederiksen etter valsigeren natt til onsdag denne veka.

SofieMay Rånes
Statsminister Mette Frederiksen då ho informerte om at det blir nyval 1. november.

Foto: Liselotte Sabroe / NTB

Dansk val i eit nytt landskap

Det er eit interessant tidsspenn i valkampen til statsminister Mette Frederiksen. Ho og det sosialdemokratiske partiet kan bli henta inn av synder frå fortida, men kan òg bli redda av frykta for ei dyster framtid. Derfor satsa ho på eitt ord då ho opna valkampen sist veke: tryggleik. «Valget er skudt i gang – som en folkeafstemning om Mette Frederiksen», skreiv avisa Information. Det vil vere der heile tida, det personlege elementet, som ein skugge: Er det ho som skal styre Danmark gjennom dei store krisene: inflasjon, straumprisar, klima og krig?

DAG OGTID
Krigen i Ukraina har fått den danske statsministeren Mette Frederiksen til å utlyse folkerøysting om dansk deltaking i EUs forsvarssamarbeid. Biletet er frå Kyiv, der ho i april møtte den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj saman med den spanske statsministeren Pedro Sánchez. Biletet er formidla av det ukrainske presidentkontoret.

Foto: AP / NTB

Dansk strid om EU-forsvar

Putin har ført Sverige og Finland inn i Natos famntak. Vil han også føre Danmark inn i EUs forsvarssamarbeid?

Christiane Jordheim Larsen
Russiske soldatar på Bornholm i mai 1945.

Foto: V. Hansen, Berlingske Tidende / Wikimedia Commons

Sovjetsoldatane som likte seg i Danmark

Fredsslutningar er ingen spøk – ikkje alltid. I 1945 tok det tid, lang tid, før danskane fekk vita at den andre verdskrigen var komen til endes, jamvel om marskalk Montgomery hadde kunngjort at dei tyske styrkane i Nazi-Tyskland hadde lagt våpena ned og overgitt seg.

Per EgilHegge
Morten Messerschmidt poserer for pressa. 13. august 2021 vart han funnen skuldig i misbruk av midlar frå eit EU-fond.

Foto: Carsten Bundgaard / AP / NTB

Eldsprutande Spitfire

Saneringa av partisystemet i Danmark tok eit langt steg framover denne veka da Morten Messerschmidt – eit namn med krut og styrke i – vart vald til formann i Dansk Folkeparti med så mange som 499 røyster på eit ekstraordinært landsmøte i Herning. Messerschmidt, som logisk nok går under aukenamnet Morten Spitfire i det Europaparlamentet han vart ekskludert frå på grunn av eit par litt for fikse innersvingar, fekk med seg eit dusin spontane utmeldingar før oppteljinga var overstått.

Per EgilHegge
«Ida» frå 1958 er Danmarks eldste treferje og går mellom Falster og Bogø. Og sjå kor dannebrog flagrar i vinden!

Alle foto: Hallgeir Opedal

Ein syklist kryssar sitt spor

Sommaren 1219 sigla danskekongen Valdemar Seier inn Austersjøen med kurs for Estland. Om bord var erkebiskop Anders Sunesen, for dette var eit heilagt korstog som skulle frelse dei estiske heidningane frå evig fortaping ved å gjere dei kjende med den miskunnsame og einaste sanne Gud.

HallgeirOpedal