Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Storhaug er ein ukritisk kritikar

| Den 29. januar 2016

Storhaug er ein ukritisk kritikar

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Mangelen på ei seriøs metodisk tilnærming til stoffet, fråværet av kjeldekritikk og dei urimelege og alarmistiske tolkingane til Hege Storhaug syner at boka hennar ikkje kan takast seriøst.

I fjor kom boka Islam. Den 11. landeplage av Hege Storhaug ut. Ho er trykt i 37.000 eksemplar. No har òg ein anonym investor kjøpt 4000 eksemplar, som skal delast ut til «hele politiker-Norge og mediene». Difor må boka takast på alvor. Sidan ingen fagperson som forskar på islam har meldt boka på fagleg grunnlag, vil eg her drøfta Storhaugs framlegging av islam.

Kritikk av islam generelt og islamisme spesielt er viktig, men seriøs kritikk må vere basert på fakta og solide kunnskapar, sjølv om det her er tale om ei debattbok. Er Storhaugs kritikk til å stole på?

Storhaug har verka som journalist i 25 år med særleg vekt på tvangsekteskap, omskjering av kvinner, islam og integrerings- og innvandringspolitikk generelt. Ho har òg skrive fleire bøker om desse temaa. Dette har gjeve henne erfaring med muslimars undertrykking av kvinner i Paki-stan og i Noreg, og oppgjeret hennar med undertrykkinga har vore viktig.

I Islam. Den 11. landeplage har ho sett seg føre å syne at islam er årsaka til ikkje berre denne undertrykkinga, men dei fleste av dei sosiale problema vi ser i Europa i våre dagar. I siste kapittel skriv Storhaug: «Det foregår en krig i Europa. Ikke en konvensjonell krig. Det foregår en krig om verdiene, en krig mellom demokratiets frihetsverdier og barbariets verdier» (s. 318). Krigen er ifølgje Storhaug lik den krigen demokratiet førde mot nazismen i førre hundreåret, og ho søkjer å grunngje tesen sin – «islam har skulda» – gjennom ei rekkje ulike tilnærmingar.

Kjelder og kjeldebruk

Boka har meir enn 650 notar. Dei fleste viser til kjelder. Desse kjeldene er i hovudsak ulike nettaviser og eit avgrensa tilfang av litteratur. Til slutt i boka finst ei liste med «litteratur i utval». Den inneheld 38 titlar. Av desse er fem skrivne av fagfolk som kan noko om islam, Midtausten, historie og/eller ideologi. Resten er meir polemiske skriftstykke. Tilvisingane i notar og litteraturliste fortel at Storhaug ikkje har gjort nokon grundig research, men mest surfa omkring på eit kjeldetilfang av einsidig karakter.

Ei sentral kjelde er Bill Warner som driv nettstaden Center for the Study of Political Islam. Storhaug held Warner for å vere ein seriøs forskar. Det er han ikkje. Han nyttar mellom anna ein merkeleg kvantitativ metode i tilnærminga si til islam. Han tel opp kor mange gonger eit ord eller omgrep er nemnt i Koranen, så legg han til grunn at dette seier noko om kor viktig desse temaa er innanfor islam.

Dette finn Storhaug logisk (note 219, s. 134). Men med ei slik tilnærming til Det nye testamentet, må ein spørja kor mange gong-er Jesus sa «Elsk fiendane dykkar som dykk sjølve»? Var det meir enn éin gong? Om ikkje, kan ikkje dette vere nokon viktig bodskap i kristendomen, skal vi tru Storhaugs «logikk».

Ein kan nytta mange slags kjelder om ein gjer ei kritisk drøfting av kva dei inneheld. Men slik kjeldekritikk er fråverande i boka. Som når Storhaug presenterer tal for kor mange som har vorte drepne av muslimar i historia. Her nyttar ho atter Warner som kjelde (note 385, s. 206). Meir spesifikt ser ho på den muslimske erobringa av det indiske subkontinentet, ein prosess over meir enn fem hundre år. Ho skriv: «Vi snakker antakelig om den blodigste erobringen og besettelsen vi noensinne har opplevd. Den opprinnelige hindu-befolkningen fra Afghani-stan til India minket med 80 millioner mennesker (sic) under ulike muslimske herskere i perioden 1000–1500 tallet» (s. 204).

Kvar kjem talet 80 millionar frå? Det handlar ikkje om 80 millionar drepne, men om ein demografisk estimert nedgang, rekna ut av ein indisk forskar i 1973 – eit usikkert estimat som gjer at meir forsking er naudsynt for å kunne seie noko sikkert. Ein slik nedgang i folketal kan òg ha andre årsaker enn krig og muslimsk vald, som sjukdom og hungers-naud.

Dei 80 millionane er ein del av i eit overordna tal på kor mange som har vorte drepne av muslimar i jihad, 270 millionar, summert av Warner (Storhaug s. 206 og 301). Dette omfattar dei som vart drepne under slavehandelen til arabarane i Afrika. Her vert det lagt til grunn at for kvar slave som vart fanga, vart fem drepne. Talet er eit merkeleg og tilfeldig overslag. Men det er basert på eit totalt tal på slavar frå Afrika på 25 millionar (x 5 = 120 millionar) som òg omfattar ca. 14 millionar som vart sende til Amerika – av kristne slavehandlarar. Altså har muslimar – og islam – også fått skulda for kristen-europeisk slavehandel.

Men no har vi 120 + 80 millionar. Dei neste 70 millionane kjem frå ulike kjelder der det høgaste talet – 50 millionar – eigenleg handlar om det totale talet på drepne kristne i det 20. hundreåret, i krig og naud. Brått er dei alle offer for muslimsk vald. Talet 270 millionar er med andre ord useriøst.

Historieforståing

Storhaug meiner at kjeldene til forståing av islam er Koranen, sunna (det er profetens utsegner og praksis) og biografien til profeten – sirat al-nabi. Ho skriv som om dette utgjer ein trilogi og er likeverdige kjelder til forståinga, men det er ikkje rett. Siraen har ikkje med forståing av islam å gjere, av di biografien til profeten ikkje er ei juridisk kjelde.

Storhaug presenterer ein distinksjon mellom openberring-ane Muhammed fekk i Mekka og Medina. Dei versa han fekk i Mekka, er prega av moralske ideal, audmjukskap og toleranse (og at domedagen er nær), medan dei han fekk i Medina, er prega av strikte lover, hardleik og mang-el på toleranse. Den fyrste openberringa kunne vore grunnlag for eit akseptabelt islam etter Stor-haugs meining, medan den andre vert til ein politiske ideologi som er like ille som nazismen.

Distinksjonen mellom vers frå Mekka- og Medina-periodane er gamal og kjend mellom islamske lærde. Det må han vere, av di dei treng konteksten for openberringa for å gjere rimelege tolkingar. Likevel er det få lærde som har bygt heile forståinga si av islam på denne distinksjonen. Mellom anna av di han ikkje er så eintydig som Storhaug skriv.

Mekka-versa utgjer 64 prosent av Koranen, seier Storhaug (s. 138) med tilvising til Warner. Det er desse versa som er tolerante og moralsk høgverdige, skal me tru Storhaug. Men samstundes er òg 64 prosent av skrifta «viet ikke-muslimer, såkalte vantro» (s. 134). Sjekkar vi kva Warner har funne ut, er heile 68 prosent av Mekka-versa opptekne av dei vantru. Skal vi tru Storhaugs forståing, tyder dette at 68 prosent av openberringa frå den tolerante Mekka-perioden likevel ikkje er så tolerant, men fokusert på korleis muslimar skal tryggje seg mot vantru.

Denne typen prosentrekning som Storhaug legg til grunn, seier ikkje noko relevant om moralsk versus umoralsk innhald. Dei sjølvmotseiingane som Storhaug her rotar seg inn i på dei fire fyrste sidene i kapittel 6, er symptomatiske for den tilnærminga islamforståinga hennar er prega av.

Andre kulturar

Storhaug insisterer på at islamsk kultur og sivilisasjon ikkje har levert eigne bidrag til utviklinga, men berre byggjer på tidlegare kulturar. Ja, kva kultur gjer ikkje det? Sjølvsagt bygde det vidfemnande islamske riket på kulturane i dei erobra områda. Det var sameininga av eit stort territorium med mange kulturelle element som gjorde det mogeleg å utvikle den tidlegare kunnskapen. Den intellektuelle openheita som òg prega dei fyrste hundreåra, gjorde det mogeleg med store framsteg i vitskapane. Ei anna sak er at framstega ikkje heldt fram. Det er ein stor og viktig debatt om kva som var årsaka eller årsakene til stagnasjonen. Men det er heller ikkje slik at alt stagnerte samstundes.

Mange har peika på at islamsk teologi kan ha hatt noko å seie for stagnasjon og tilbakegang. Til dømes har fleire peika på den dominansen antirasjonalistiske tilnærmingar til røyndomen fekk mellom dei lærde. Ikkje minst har al-Ghazali (d. 1111) fått skulda for sigeren til antirasjonalismen. Dette verkar ikkje urimeleg, men er heller ikkje så enkelt og eintydig som Storhaug konstaterer. Al-Ghazali møtte stor motbør mellom teologar og filosofar.

Urimeleg

Storhaug meiner Frankrike har nådd eit «point of no return», og at ein «radikal generasjon blir republikkens bane» (s. 55). Men vi får ikkje høyre kor mange denne radikale generasjonen utgjer, korleis dei, som mindretal, vil øydeleggje republikken og med kva metodar. Indirekte seier ho sjølv at påstanden er ei overdriving. For ho seier at det truleg ikkje vert bygt ein stor moské i Marseilles (s. 51), nettopp av di folkemeininga er negativ til islam og muslimar. Korleis skal då dei unge muslimane greia å øydeleggja den franske republikken innan få år?

Det Storhaug skriv om Den muslimske brorskapen (til dømes s. 129), er lite presist. Den egyptiske brorskapen er ikkje i dag kjend for «vold og mord som strategi», ei line organisasjonen la bak seg i 1960-åra. Men brorskapsgrupper i andre land har ført valdeleg kamp mot styresmakter eller okkupantar, til dømes brorskapen i Syria i 1980-åra og Hamas i Palestina.

Brorskapen i Tunisia – An-Nahda – har på si side stilt opp i val etter den arabiske våren og gjeve frå seg makta etter viljen til veljarane. Det biletet av Brorskapen som ideologi av same slag som salafi-jihadistiske grupper, som Storhaug presenterer gjennomgåande i boka, er såleis ikkje korrekt.

Storhaug skriv at «begrepet kafir dekker både bokas folk (jøder og kristne), polyteister, ateister, agnostikere, avgudsdyrkere og hedninger. Det betyr at hva Muhammed sa og gjorde overfor en av disse kategoriene, gjelder for dem alle» (s. 139). Det er meir nyansert enn dette, for elles ville ikkje dhimmi-statusen, den særleg verna stillinga til bokfolket, gje noka meining.

Storhaug skriv om korleis muslimar må forstå motseiing-ar mellom vers i Koranen. Ho viser til omgrepet «abrogering», at noko seinare opphevar noko tidlegare (s. 142). Slik meiner ho at det fredsæle verset «det er ingen tvang i religionen» vert overstyrt av seinare vers som handlar om å underkua alle fiendar av islam. Likevel seier ho at det ofte er nett «dette verset som trekkes frem i offentlige debatter for å vise islams påståtte milde ansikt, noe jeg selv mange ganger har opplevd i debatter med representanter for islam» (s. 142–143).

Då kan i alle fall ikkje desse muslimane ha abrogert dette verset. Kort sagt er abrogering eit prinsipp som kan brukast til å forstå motsetningar i Koranen, men ikkje noko ein er bunden til. Det er mange andre måtar å tolke islamsk teologi på. Det er jihadistane som meiner at sverdversa abrogerer alt som måtte vere i strid med desse versa.

Jihad-doktrinen er sentral i islam, skriv Storhaug (s. 145), og det er rett, men meir nyansert enn ho meiner. Tidleg i islamhistoria var jihad synonymt med krig for guds sak, anten han var offensiv eller defensiv. Det vart utvikla ein viktig litteratur om legitim jihad i hundreåra etter profeten.

Seinare, etter at den islamske ekspansjonen stoppa opp nokre hundre år etter Muhammed, fekk jihad òg tydinga åndeleg kamp mot eigne dårlege sider. Det er denne tolkinga som gjev inndelinga i den store åndelege og den vesle militære jihad. Etter framveksten av den vestlege kolonialismen har teologisk semje gått på at jihad må vere defensiv, altså at han ikkje er offensiv, sjølv om han faktisk var tenkt slik før.

Difor meiner mange at jihad mot Israel og Sovjet er/var uproblematisk, medan jihad som offensiv kamp for spreiing av ei særskild tolking av islam er uakseptabel. Men det er denne tydinga av jihad som salafi-jihadistar i dag går til åtak på som u-islamsk. Og det er deira fundamentalistiske tolking Storhaug meiner er rett.

Brud som handelsvare

Storhaug skriv at «ekteskapsinngåelsen for en kvinne er en ren handelstransaksjon. (…) Jo flere positive attributter man kan knytte til jenta (…), dess høyere pris kan ‘vergen’ forlange for varen» (s. 158). Dette er feil.

Ein sharia-basert ekteskapskontrakt er nettopp det, ein kontrakt. Men det handlar ikkje om sal av kvinner. Difor handlar det heller ikkje om ein brudepris, men om mahr. Det er ei obligatorisk betaling til brura, ikkje familien hennar. Mahr skal sikra brura økonomisk sjølvstende, og storleiken har ikkje noko med «brudens attributter» å gjere, men med statusen til familien hennar, altså om kva levestandard ho er van med. Ein høg mahr viser høg status. (At det rett nok i tillegg vert forhandla brudepris i fleire muslimske samfunn, har meir med tradisjon enn med sharia å gjere).

Om dhimmi-statusen, den verna, men underordna statusen til jødar og kristne i islamsk juridisk tenking, skriv Storhaug at han førde til at jødane og dei kristne i Spania «mistet eiendomsretten, ble sosialt og økonomisk diskriminert, og ydmyket på alle måter» (s. 190). Vidare skriv ho at «dhimmiene måtte bære en jern- eller blyring rundt halsen som tegn på den ufrie statusen».

Dette er ikkje rett. Dhimmi-statusen var underordna, men i hierarkiske førmoderne samfunn er fleirtalet underordna og undertrykt på mange vis. Seriøse historikarar har vist at mange kristne og jødar kunne behalda eigedomar, vere vellukka handelsfolk og nå høge posisjonar i samfunnet. Og sjølvsagt hadde kristne og jødar eigedomsrett, korleis skulle dei elles kunne betale eigedomsskatt – kharaj?

Tidvis vart svært diskriminerande praksisar gjennomførde – og nokre massedrap fann òg stad. Dette er ikkje uttrykk for ei romantisk tru på ein gullalder med jamstilling på alle måtar, men at tilhøva for jødar (og kristne) i det muslimske Spania var monaleg betre enn tilhøva for jødar i resten av Europa på same tid.

Storhaug meiner at den store arabisk-islamske ekspansjonen frå tida etter Muhammed og dei neste hundreåra, kom av lovnadane Muhammed hadde gjeve: «jordisk gods i krigsbytte, eller en sikker vei til paradis’ port (…)» (s. 206). Samstundes skriv ho at den hæren som erobra Spania, berre var på 6000 mann, men at noko seinare var det kanskje 350.000 muslimar i dette landet med ein folkesetnad på mellom fire og fem millionar.

At ikkje usikre tal på hærstyrkane blir drøfta av Storhaug, er så si sak, men ein skulle tru at ein så stor folkesetnad ganske greitt ville kunne reise seg mot inntrengjarane og fjerne det forferdelege dhimmi-åket (som Storhaug nett har skrive om). Kvifor gjorde ikkje det kristne fleirtalet det? Truleg av di dei nye herrane etablerte ein samfunns-orden som vart oppfatta som god nok – og slett ikkje så undertrykkjande som Storhaug utpenslar han. Det er i alle høve ei utbreidd meining mellom islam-historikarar at i fleire erobra område, òg i aust, blei tilhøva for folk flest betre under islams fyrste tid enn situasjonen var tidlegare. Elles reknar ein med at muslimane kom i fleirtal i Andalucía seinast midt på 900-talet, nokon meiner alt på 800-talet, ut frå skatteinntektene. Men dei var i fleirtal i høgmellomalderen.

Storhaugs resultat

I sluttkapitla kjem Storhaug att–ende til ein demografisk argumentasjon. Ho fryktar innvandringa av muslimar, av di dei vil ha med seg islamske normer og verdiar. Ho ser ikkje for seg at haldningar endrar seg over tid, at haldningar muslimar har, er eit resultat av ein kulturell arv, (ny-) tolkingar og impulsar frå omgjevnaden. Islam er statisk i Storhaugs augo.

Difor må islam – altså muslimar – stengjast ute frå Europa. Difor må det leggjast sterke restriksjonar på ein sentral fridom – religionsfridomen. Ho ser føre seg fleirtalet av muslimar i ei aggressiv politisk rørsle som er verre enn nazismen og som difor må stoppast med alle naudsynte middel.

Nei, ikkje alle – likevel. For Storhaug ryggjar tilbake for bruk av militære og for tvangsrepatriering (s. 329–330), sjølv om tanken ikkje er framand. Ho nøyer seg i fyrste omgang med «assimilering inn i våre frihetsverdier» (s. 330), og det tyder at om du ikkje på eit eller anna vis kan prove at du er assimilert, så er du ikkje velkomen i Europa.

Storhaug vil i praksis stengje alle moskear i Noreg og Europa: «Det betyr igjen at enhver Medina-moské stenges, og enhver Medina-bevegelse forbys» (s. 330). Ja, det dreiar seg om alle moskear, av di skilnaden Storhaug gjer mellom Mekka- og Medina-islam ikkje er akseptert av alminnelege muslimar.

Krigshissande

Det er viktig å motverka alle religiøse åtak på sekulære verdiar og institusjonar. Både tradisjonelle islamtolkingar og islamistiske posisjonar kan undergrava den moderne sekulariseringa av samfunnet. Men Storhaugs bok bidreg ikkje positiv i denne kampen.

Boka hennar er eit krigshissande skriftstykke som me kjenner frå dei mest islamfiendslege delane av opinionen.

 

Lars Gule er islam-, Midtausten- og ekstremismeforskar ved Høgskolen i Oslo. Han er òg religionskritikar og har ved mange høve kritisert islam, mellom anna i doktorgradsarbeidetet sitt (2003) og i boka Islam og det moderne (2006). 

knapp knapp