Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Statoils nulltoleranse

| Den 10. mai 2013

«Angola er et av de mest attraktive gjenværende leteområdene på planeten», sitat Statoil. Problemet er berre at Angola òg er eit diktatur og eit gjennomkorrupt regime. Så då held vi vel oss unna? Noreg og Statoil bidreg vel ikkje til å styrkja økonomien til eit korrupt diktatur?

Diverre. Som vi skreiv om siste veke: I 2012 åleine betalte Statoil inn 33 milliardar i skatt, avgifter, «signaturbonusar» og «sosiale investeringar» til Angola. Og vi kjenner frasane for å legitimera det heile: «Åpenhet og kontakt er bedre enn isolasjon. Å trekke seg ut tjener ingen», seier næringsminister Trond Giske til Aftenposten. Og sjølvsagt har Noreg og Statoil sitt på det turre: «Vi stiller veldig strenge krav til norske selskaper og har nulltoleranse for korrupsjon», hevdar Trond Giske.

Nulltoleranse for korrupsjon? Då er du optimist når du opererer i eit land som Angola. Vi skal ikkje tvila på viljen, men heile Angola er jo gjennomsyrt av korrupsjon. Rapport på rapport syner det. Det er umogeleg å ikkje bidra til korrupsjonen i landet når ein driv oljeverksemd i Angola.

Det veit sjølvsagt både Trond Giske og Statoil. Men Noreg og Statoil held fram, for det er ingen motstand å tala om mot det norske engasjementet i Angola. Regjering og storting stiller seg fullt bak Statoil.

Det minste vi då bør forlanga, er klar tale: Vi er i Angola for å tena endå meir pengar til Oljefondet og pensjonane våre. Verda er vond, demokrati og menneskerettar er ei mangelvare dei fleste stader, men vi kan ikkje gjera så mykje med det. Skal Statoil overleva, må selskapet ekspandera utanlands – sjølvsagt òg i dei «mest attraktive leteområdene på planeten».

Tydeleg tale er i alle fall betre enn klamme formuleringar om velmeinte intensjonar.

 

 
Prøv Dag og Tid Les e-avisa