Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.05.2018

Gå til toppen

Toppen

Vil du søkje på Noregs beste sommarjobb?

| Den 16. mai 2018

 

Du og ein ven reiser rundt i ein Dag og Tid-bil, deler ut aviser og pratar med menneska de møter undervegs. De legg dagleg ut små historier frå reisa dykkar på sosiale medium.

Følgjarane til Dag og Tid er med når de deler ut aviser på ferjer, strender, gatekjøken, festivalar og byar. Dei blir kjende med nokre av dei de møter langs vegen. Og dei skal få ei god og glad kjensle av å sjå på videoane – nesten som sjølv å reise rundt i sommarnoreg.


Naudsynte kvalifikasjonar:

  • Du har erfaring med enkel videoredigering for sosiale medium
  • Du skriv godt og korrekt nynorsk
  • Du kjem lett i prat med nye menneske og trivst med å vere sosial
  • Du er strukturert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du har førarkort for personbil


Praktiske detaljar

Du kan rekne med å jobbe fulltid (fem dagar pr. veke, sannsynlegvis fredag til onsdag) i to til tre veker. Dag og Tid stiller bil og dekkjer mat og overnatting.


Stader å besøkje

De planlegg reiseruta i lag med oss, og vi tek omsyn til kva slags festivalar og stadar de har lyst til å besøkje. Helst skal det vere plassar der mange Dag og Tid-lesarar likar å reise.


Vil du søkje?

For å søkje på sommarjobben skal de gjere følgjande:

  • Lag ein video der du og venen din fortel om kvifor de er dei rette personane til jobben.
  • Send videoen til gregor@dagogtid.no.
  • Frist: Søndag 27. mai 

 

Prøv Dag og Tid Les e-avisa