Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 24.03.2017

Gå til toppen

Toppen

Slaktarkjerringa og dei heilage kyrne

| Den 24. oktober 2013

Slaktarkjerringa og dei heilage kyrne

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Solveig Hornes twitra tvisyn var ikkje berre legitimt, men teikn på eit naudsynt og prisverdig liberalt instinkt.

Sist veke gjekk pressa laus på den nye familieministeren. I eit uvêr av presseoppslag lyste det opp svære transparent om «homohatar». Vi fekk òg ei Facebook-side som ville at «Solveig Horne må gå», slik at vi i staden kunne få ein minister «som viser forståelse for at voldtekt er noe folk ikke ønsker». Er verkeleg Solveig Horne ein homohatar som meiner at dei valdtekne kvinnene har like mykje ansvar som valdtektsforbrytaren? Sjølvsagt ikkje.

I Twitter-meldinga frå 2010, der ho «lurer på om det er helt greit at barnehagene leser homoeventyr for små barn», tok ho ikkje til orde for å fremja diskriminering av minoritetar. Ho kommenterte ein artikkel i Vårt Land som handla om arbeidet til regjeringa med å «overføre den kjønnsnøytrale samlivsideo-logien til barnehagen», som journalisten skreiv.

New Age-kurs

Som ein lekk i dette arbeidet hadde departementet støtta produksjon og distribusjon av ei handbok som tok sikte på å «utvide barns kjønnsidentitet» og innlemma seksuelt mangfald i kunnskapsformidlinga til to-, tre- og fireåringar. Dette var eit prosjekt for endring av medvit på djupt nivå. Personlegdomen hos dei tilsette i barnehagen, hos borna og hos foreldra skulle endrast gjennom øvingar som gjev assosiasjonar både til medvitsutvidande New Age-kurs og til politiske omskoleringsprogram.

Under leiing av ein ekstern «profesjonell samtalepartner» skulle dei tilsette verta «kjønssensitive» gjennom sjølvgransking, liggjande på ei «yoga-matte» til «stillferdig musikk» medan «veilederen» med langsam røyst les opp spørsmål for dei, og dei finn ut om dei har vore utsette for «kjønnstypiske læringsstrategier» i barndomen.

Deretter skal borna og dei tilsette observerast med video-kamera «nærmest som et overvåkningskamera» med vidvinkel «for å få med hele rommet», for seinare analyse. Borna skal intervjuast, i løyndom, idet pedagogane læst som dei leikar med dei og lèt ei handdukke koma med spørsmål for å avdekkja kjønnsstereotypiske haldningar.

Tillært homofobi

Alt i toårsalderen kan ein sjå at gutar er «mer aktive, konkurranseorienterte og på hugget», medan jentene ofte spelar «en mer underdanig og passiv rolle». For å retta på dette kan ein læra gutane opp til å oppføra seg som jentene, og omvendt: Prosjektgruppa utførde «arbeidet med guttene» på eit «separat og rolig område», der dei «fokuserte på å utforske følelser gjennom dans, musikk og tegning», men òg med «fysisk kontakt, massasje og sansene».

Gutane vart fortalde soger der heltane var redde, og fekk leika med å passa spedborn og stryka klede og prøva ut «kostymer for å gi dem anledning til å utforske karakterer og identiteter til det andre kjønnet». Jentene vart tekne utandørs og fekk spela fotball, klatra i tau og overvinna fysiske hindringar. Dette førde til «signifikant framgang» for jentene, som fikk auka sjølvkjensle, mens gutane oftare spontant leika seg med å stryka klede.

For å gripa inn mot til dømes «tillært homofobi» frå familien hos borna vert det tilrådd å la dei framføra kjende forteljinger som skodespel, men med melding om å byta om på rollene. I soga om Sankt Georg og draken vert Sankt Georg til Sankt Georgina, og prinsessa vert prins. Ein kan òg fortelja eventyret om Raudhette og dinest dramatisera eventyret med Raudhette som gut, eller lesa eventyr som endar  med at ein prins får ein annan prins i eit likekjønna ekteskap.

Ombytinga

Denne ombytinga av kjønns-roller kan møta på motstand hos borna, vert det åtvara mot i heftet. Borna vil kanskje streta imot ei slik omskriving av kjende og kjære forteljingar som dei har knytt kjønnsidentiteten sin til. Det kan vera at pedagogen «må utøve litt mildt press her», heiter det. Kanskje vil nokre gutar ikkje vera Raudhette og yta «litt motstand til å begynne med, slik at det kan være nødvendig med litt mildt press og støtte for å få barn inn i de ombyttede rollene».

Så set ein borna til å teikna forteljingane med dei ombytte kjønnsrollene. Dinest skal pedagogane hengja teikningane opp på veggen og nytta dei som utgangspunkt til å snakka med smårollingane om seksuell orientering. Teikningene kan òg gje høve til å «snakke med foreldrene om kjønnsstereotyper». Ein skal ikkje spørja foreldra om kva dei meiner om dette endringsprosjektet med borna deira, men tvert om prøva å endra foreldra òg

Alle var med

Kan det vera heimel i barnehage-lova for slike verkemiddel? Det har korkje forfattarane, pressa eller politikarane spurt seg om. Prosjektet vert applaudert av den norske staten. Lysbakken betalte, Likestillingsombodet støtta det, Kunnskapsdepartementet tilrådde resultatet som ein «inspirasjon for arbeidet med likestilling i barnehagen». Handboka ligg enno ute på heimesida til Utdanningsdirektoratet med statleg tilråding om å verta nytta i barnehagane.

Ein treng ikkje vera «homohatar» for å stilla seg tvilande til denne «pedagogikken». Solveig Hornes twitra tvisyn var ikkje berre heilt legitimt, men teikn på eit naudsynt og prisverdig liberalt instinkt.

Ansvaret

Den andre «sjokkutsegna» til Horne, om at jenter kan takka seg sjølve om dei vert valdtekne, vart ikkje berre teken ut av kontekst, men har aldri vore ytra. Konteksten var valdtektssakene under russefeiringa i 2011. Her kommenterte Horne sexologen Margrete Aaslands utsegn om at «ein kan ikkje runke ein gut, og ligge og kline med han, og samstundes tru at ein ikkje sender ut signal om at ein vil ha sex».

Horne såg den gongen «mange gode poeng» i utspelet frå sexologen og vart sitert slik i NRK Sogn og Fjordane: «Jentene har eit ansvar for kva situasjon dei set seg i, men gutane har også eit ansvar for å respektere eit nei. Eg meiner både gutane og jentene har like mykje ansvar. Ein må gje klar melding på kor langt ein vil gå når ein rotar med ein person. Alle har eit ansvar for å gje beskjed om kor langt ein vil gå.»

Horne tala altså ikkje om ansvaret for valdtekt, men ansvaret for å vera tydeleg i tidlege fasar av ein risikabel situasjon. Utsegna galdt ikkje overfallsvaldtekter, men situasjonar i rusa tilstand, der ein tøyer grenser under nedsett medvit. Horne fordelte ikkje skulda for valdtekt mellom offer og overgripar, men delte ansvaret mellom gut og jente når det gjeld å unngå å hamna i uklåre situasjonar.

Uroa

Å be tenåringane passa seg er ikkje det same som å gje dei skulda for overgrep dei vert utsette for. Under den unisone utskjellinga av Solveig Horne, med all si uhyggje, dei usanne, medvitne mistydingane og den sterke viljen til å tolka alt i verste meining, ligg trua på at heile verda og menneskenaturen kan endrast med presseoppslag og politiske vedtak, slik at ingen lenger treng å passa seg for noko som helst. Det er den same trua som får forskarar og politikarar til å vilja gjera barnehagane til omskoleringsanstaltar som produserer menneske som stemmer overeins med kjønnsforskninga.

Solveig Horne har fagbrev som butikkslaktar frå 1990. Ein skjønar at ho tok yrkesrøynsla si med seg inn i politikken, noko som kan skapa uro i eit miljø med så mange broilerar og heilage kyr. Grunnen til at «Solveig Horne må gå», heiter det på den nemnde Facebook-sida, er at ho har haldningar som «hører hjemme på 1950-tallet». Men om dét er grunnen, burde ein òg sjå kritisk på personåtak med røter i haldningar som høyrer heime i 1970-åra.

knapp knapp