Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.07.2017

Gå til toppen

Toppen

Sjølvtekt og sjølvtukt

| Den 7. juli 2017

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Denne veka har me høyrt om eigaren av bilverkstaden i Vågsbygd som fekk stole eit stillas verdt 50.000 kroner. Trass i at overvakingskameraet hans fanga bilete av det som truleg var tjuvane, melde politiet pass. «De underrettes om at forholdet er henlagt da det ikke er fremkommet tilstrekkelige opplysninger til å identifisere gjerningsmannen». Eigaren la då bilete ut på Facebook, og spurde om nokon kjende att karane.

Kva skulle han elles gjera? Det sa ikkje Datatilsynet noko om då dei varsla ei bot på 75.000 for «eit svært alvorleg brot på personvernlova» av di bileta på Facebook ikkje var sladda. Verkstadeigaren skulle ha anonymisert dei mistenkte illgjerningsmennene, til dess ingen kjende dei – eller seg – att. Etter lova.

Datatilsynet har eit poeng. Sjølvtekt er og bør vera ulovleg av di få av oss eigentleg ønskjer eit samfunn som tillet det – eit vill-vest-samfunn. Hjå oss skal det vera politiet som etterforskar og arresterer, medan domstolen dømer. I teorien. Men diverre altså ikkje alltid i praksis, som verkstadeigaren her har blitt mint om. Kva tilsyn er det som bøtelegg brot mot den ålmenne rettskjensla?

Denne veka har me òg høyrt om professoren i Stavanger som har sjikanert kvinner med slibrige tekstmeldingar. Ei rekkje mottakarar har lagt ut bilete av slike meldingar på Facebook. Derfrå er dei formidla vidare i ymse medium til oss alle. Bileta av professoren er like usladda som av tjuvane i Vågsbygd.

Er professoren utan sjølvtukt òg offer for sjølvtekt? Det kan vera noko for Datatilsynet og alle oss andre å grubla på i fellesferien. Finst det – og bør det finnast – eit personvern for trakasserande menn til liks med mistenkte tjuvar?

knapp knapp