Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.11.2017

Gå til toppen

Toppen

Sjølvstende var hovudsaka i 1814

| Den 9. januar 2014

Sjølvstende var hovudsaka i 1814

Ingen vil vera usamd i at demokrati er bra, men kvifor er dette det einaste vi skal feira av det som kom ut av hendingane i 1814, spør John Peter Collett.

Det er to hundre år sidan hendingane i 1814, og det offisielle Noreg legg opp til storstila feiring gjennom heile året. Men kva er det eigenleg meininga at vi skal feira? Bodskapen som har gått ut frå den prestisjetunge jubileumskomiteen som Stortinget har sett ned, er klår: «Styrende tema for jubileet er demokratiets betydning og ut–fordringer i vårt samfunn, samt betydningen av et bredt engasjement og deltakelse i hele spekteret av demokratiets institusjoner.»

Ingen vil vera usamd i at demokrati er bra, men kvifor er dette det einaste som vi skal feira av det som kom ut av hendingane i 1814? Det kunne vera nok av anna å hugsa. Til dømes at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat i 1814 og har vore det sidan. Eit «frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige» som det stod, og framleis står, i paragraf 1 i grunnlova, jamvel gjennom dei 91 åra vi var i personalunion med kongeriket Sverige. Nasjonalt sjølvstende var hovudsaka i 1814 òg for dei som skreiv grunnlova. No, to hundre år etter, er det ikkje noko det er verdt å nemna.

Sjølvstenderørsla

Kvifor feirar vi ikkje 200-årsjubileum for nasjonalt sjølvstende? Sjølvstendet som nordmenn hadde drøymt om før 1814 og som vi har vore stolte av i generasjonar seinare? I 1814 var sjølvstenderørsla den store og skilsetjande politiske hendinga i Noreg. Det var i alle høve dét vi fann på sjølv her i landet.

Det som elles hende, var det andre som påførde oss. Opp mot planane til stormaktene i Europa reiste nordmennene seg i 1814 og gjorde krav på sjølvstende, eit sjølvstende som vi ofra liv for i krigen med Sverige seinare på året, og som vi verna om så godt vi kunne gjennom åra der vi enno hang fast på Sverige. Og grunnlova hadde som sin føresetnad at det sjølvstendige norske folket hadde rett til å vedta sin eigen konstitusjon.

Frå «hundreårsmarkeringa» for unionsoppløysinga i 2005 hugsar vi kor vanskeleg det var å dra fram nasjonal patos. Retorikken frå 1800-talet vekte mest ironiske kommentarar. Dess-utan skulle vi ikkje kalla det «feiring» for ikkje å såra svenskane. Det hjelpte ikkje. Svenskekongen vil likevel ikkje koma til Eidsvoll 17. mai i år. Eg forstår han godt. Feiringa av at Noreg ikkje ville bøya seg for den svenske overmakta, kan nordmennene ha for seg sjølve. Men er det berre svenskekongen som har forstått kva dette gjeld?

Viktigare i dag

Når sjølvstendet ikkje er med i jubileumsfeiringa for 1814, kjem det kanskje av at dei som har lagt planane, skjemmest. Nasjonalisme er noko reaksjonært. Og sjølvsagt må folk stå fritt til å hevda at nasjonalt sjølvstende er ein gamaldags og dårleg idé som høver lite i dag, men det er ikkje det same som at nasjonalt sjølvstende ikkje lenger har noko å seia i dag. Tvert om, vil eg meina. Sjølvstendet er viktigare for Noreg i dag enn nokon gong.

Med heimel i paragraf 1 i grunnlova har Noreg lagt under seg eit svært territorium mange år etter at grunnlova vart vedteken. Når vi no hevdar at olja i Nordsjøen og Barentshavet og dei store fiskeressursane der høyrer til nordmennene og ikkje nokon andre, er det fordi vi som sjølvstendig stat har tinga med andre sjølvstendige statar om dette og har nådd fram til semje med dei. Kor demokratisk dette er, kan diskuterast. I det minste er det uvisst om folkefleirtalet i verda ville ha støtta dei norske territorialkrava, om nokon hadde spurt.

Det er heller ikkje med grunnlag i noko demokratisk prinsipp at vi held fast på at vi kan stengja grensene for folk som vil flytta inn i landet. Når Noreg er for nordmenn, er det ikkje noko ålment demokrati, men nasjonalt sjølvstende og nasjonal råderett over territoriet som ligg til grunn. Men i staden for å feira Noreg som ein vellukka nasjonalstat høver det betre å gjera PR for Noreg som føregangsland for demokrati.

Grenser for makt

Og kva meining gjev det eigenleg å feira 200-årsjubileum for demokratiet i 2014? I den tida då grunnlova vart skriven, var demokrati eit ord med heller negativ tyding. Røynslene med «pøbelvelde» og «fleirtals-tyranni» i Frankrike i revolusjonsåra var ikkje gode, og grunnlovsfedrane var nok meir opptekne av fridom enn av folkestyre. Frie norske menn skulle velja utsending-ar til Stortinget kvart tredje år for å vedta lover og skriva ut skattar og kontrollera at den utøvande statsmakta styrde landet innanfor den ramma som grunnlova sette. Både Stortinget og grunnlova hadde som sine hovudoppgåver å verna om fridomen til folket.

Grunnlova vart skriven for å setja grenser for politisk makt. Eigedomsfridom, næringsfridom, ytringsfridom, privatlivets fred vert slegne fast som rettar for den frie norske borgaren for all framtid. Ikkje noka politisk makt – korkje kongen eller Stortinget – skulle kunna ta frå han desse. Prinsippet om maktfordelinga skulle sikra at ingen av dei to statsmaktene skulle veksa seg sterk nok til å gå ut over grensene som grunnlova fastsette.

Legitimitetsproblem

Fridom står ikkje på programmet for feiringa av 200-årsjubileet for 1814. Det gjer heller ikkje maktfordelingsprinsippet. Det som står att, er «bredt engasjement og deltagelse». Korleis skal vi forstå dét? Sjølvsagt er det meint positivt. Demokratiet er ein arv som vi må ta del i og nytta som best vi kan, alle innbyggjarane i landet.

Men når jubileumsgeneralane ordlegg seg slik dei gjer, ligg det nær å forstå det på ein annan måte: Grunnlova gjev ikkje lenger nokon garanti for fridom, slik ho har vore uthola gjennom to hundre år. Politikken har vakse ut over alle grenser – i alle høve dei grensene som 1814-grunnlova sette opp.

Det som står att, er eit parlamentarisk partistyre konfrontert med eit tiltakande legitimitetsproblem. Partileiarar utan medlemer ser nytte av å skryta på seg ei lang historie som ikkje er deira, og 1814-jubileet vert til ei hylling av politikk utan grenser, på leit etter folkeleg oppslutnad for å kunna veksa endå meir. Dette er det motsette av det grunnlovsfedrane trudde dei fekk til for to hundre år sidan.

John Peter Collett er professor i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

 

 

knapp knapp