JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den 24. februar 2022 gjekk Russland til angrep mot Ukraina. Dette var ei eskalering av konflikten som tok til i 2013-2014, då separatistar tok kontroll over Luhansk og Donetsk fylke og Krymhalvøya vart annektert av Russland. Ukraina har fått våpenhjelp av Nato-land, inkludert Noreg. DAG OG TID følger krigen nøye, og skribentane våre bidreg med reportasjar, kommentarar og analysar. Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, og Halvor Tjønn, journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID, bidrar med politiske analysar. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har skrive om situasjonen i Ukraina under krigen.

Sjakk har blitt ein populær sport i Noreg på grunn av suksessen til Magnus Carlsen. DAG OG TID skriv om viktige turneringar som Carlsen deltek i, og små forteljingar frå sjakkverda. I DAG OG TID skriv Atle Grønn ei fast sjakkspalte som heiter «Frå sjakkverda», verdas einaste sjakkspalte utan sjakktrekk. I spalta skriv han om sjakk frå ulike innfallsvinklar. Les Atle Grønns spalte nedanfor, og andre artiklar og nyhende frå sjakkverda.

Klima og miljø er høgt prioritert på den politiske dagsordenen. Klimaendringar, naturkatastrofer og konfliktar heng tett saman. Regjeringa er forplikta til å følgje EUs klimamål og redusere norske utslepp med 55 prosent innan 2030.
DAG OG TID følgjer klimaproblematikken både nasjonalt og internasjonalt. Journalistane og skribentane i DAG OG TID skriv om klima med ulike innfallsvinklar. Per Anders Todal er oppteken av miljø, natur og klima, og korleis problemstillingar knytte til desse temaa verkar inn på kvarandre og samfunnet i heilskap. Jon Hustad skriv om klimaspørsmål frå eit politisk og økonomisk ståstad, til dømes korleis klima verkar inn på energi og straum. Les artiklar om klima og miljø nedanfor.

I Dag og Tid skriv fleire av skribentane våre om mat og matproduksjon. Dei har alle ulike tilnærmingar til temaet. Dagfinn Nordbø skriv spalta «Matmonsen», ei humorisktisk spalte om eigne matopplevingar. I spalta hans kan du også få gode middagstips. «Innsida» er ei anna spalte der ulike skribentar bidreg kvar veke. Ein av dei, Arne Hjeltnes, reiser rundt og besøker norske matprodusentar og set av fast plass i spalta si til norske matskattar. Siri Helle skriv om matproduksjon og matpolitikk i spalta «Frå matfatet». Helle er utdanna agronom og skriv også om ulike matvarer, plukkar frå kvarandre ingrediensane og samanliknar produkt. Les artiklane nedanfor.

DAG OG TID skriv om Russland og tilhøvet mellom Noreg og Putin-regimet. Journalistane og skribentane våre skriv om russisk utanrikspolitikk, russisk språk og kultur. Eit viktig tema knytt til Russland er krigen i Ukraina. I avisa vår kan du lese kommentarar og artiklar om krigføringa og retorikken knytt til han. Mellom anna trykker DAG OG TID russiske nyhende, slik at lesarane våre får kjennskap til kva informasjon russarane har tilgang til. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov har tidlegare rapportert direkte frå Ukraina. Halvor Tjønn følgjer utviklinga mellom Russland og Europa, Cecilie Hellestveit, ekspert i folkerett, kommenterer globale konfliktar der Russland er involvert. Fleire av podkastepisodane våre har også handla om Russland. Omsettar Marit Bjerkeng fortel om russisk språk og kultur, journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, er intervjua om uavhengig journalistikk i Russland, og Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest. Alle episodane finn du her.

På grunn av den globale energikrisa har straumen blitt dyrare. Folk flest merkar at straumrekningane auker med tusenvis av kroner. Samstundes aukar prisane på matvarer og transport. DAG OG TID skriv med jamne mellomrom om situasjonen og tiltaka frå regjeringa og næringslivet. Mellom anna skriv DAG OG TID-journalisten Jon Hustad om utfordringane og bakgrunnen for straumkrisa og kva konsekvensar dei auka straumprisane har på samfunnet. Han har også sett på energibehovet i framtida og skrive artiklar om den grøne vendinga. Straumkrisa har vore tema i DAG OG TID-podkasten. Lytt til episoden «Energiåret 2022 med Jon Hustad» her. Artiklar om straum, energi og kraft kan du lese nedanfor.

DAG OG TID skriv om ulike sider ved Ukraina og tilhøvet til Nato og Europa. Størst tyngd har krigen fått. Krigen i Ukraina tok til 24. februar 2022, og journalistane og skribentane våre følgjer situasjonen tett. Cecilie Hellestveit er ekspert i folkerett og bidreg med analysar og kommentarar. Halvor Tjønn skriv om korleis det ukrainske tilhøvet til Russland, Europa og EU endrar seg. Han set også den noverande situasjonen i eit historisk perspektiv. Den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov skreiv fleire reportasjar frå Ukraina det første året av krigen. Redaktøren i DAG OG TID, Svein Gjerdåker har besøkt Ukraina etter krigsutbrotet og har skrive frå reisene. I DAG OG TID-podkasten kan du også lytte til tema om Ukraina. Høyr mellom anna intervjuet med forfattar Andrej Kurkov eller lær meir om bakgrunnen for krigen i episoden «Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?» Les artiklar om Ukraina nedanfor.

Økonomi har innverknad på alle lag og funksjonar i samfunnet. DAG OG TID publiserer nyhende om finansmarknaden og konsekvensane av økonomiske svingingar. Vi analyserer statsbudsjettet og finanspolitiske tiltak frå regjeringa, men ser også på endringar i næringslivet og på børsen i eit internasjonalt perspektiv. Journalist i DAG OG TID Jon Hustad skriv om økonomisk politikk. Mellom anna ser han på rentepolitikk, grunnrente og statsbudsjettet.
Les artiklar og kommentarar om norsk og internasjonal økonomi nedanfor.

« 1 2 3 4 5 6 ... 20 »
Gina Cornelia Pedersen er aktuell med romanen Jeg skal hente deg (Cappelen Damm).

Foto: Lina Hindrum

«Framstillinga er så plausibel at ein fort gløymer at dette (kanskje) er fiksjon.»

Verda gjekk ikkje under i 2012, men du skal berre sjå at det var nære på. I den intense romanen Jeg skal hente deg av Gine Cornelia Pedersen (vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris med romanen Null i 2013) er undergangen just det året eit absolutt trugsmål, ikkje kollektivt for verda, men for hovudpersonen, som interessant nok heiter Gine, noko som anten tyder på at hendingane i boka er ein del av biografien til forfattaren, eller at ho er ein luring som har funne ein smart måte å gjera forteljinga autentisk på. Men sjølv utan dette grepet hadde eg trudd på boka, for framstillinga er så plausibel at ein fort gløymer at dette (kanskje) er fiksjon.

Odd W. Surén
Kristina Lugn var både lyrikar og dramatikar. Utgjevingane Hei så lenge, ha det bra! og Slett ikkje verst er komne ut etter at ho døydde i 2020.

Foto via Wikimedia Commons

«Språklege overraskingar i nesten kvar line.»

Etter at den svenske lyrikaren Kristina Lugn (f. 1949) døydde i 2020, kom det to posthume utgjevingar: Hei så lenge, ha det bra! i 2023, som blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Og i 2022 kom Slett ikke verst, som samla etterlatne dikt og skisser. Desse har Camilla Groth gjendikta til eit svært kvikt og direkte språk, heilt i tråd med Lugns poetiske stil. Lugn skriv ein livleg, rå, beisk og leikande poesi som det er ei stor glede å lese. Overraskingar finst i nesten kvar line.

Sindre Ekrheim
Ein av dei mange misjonsstadene som blei etablerte i India av Santalmisjonen. Her ser vi jenter i skulegarden 1900–1910.

Foto: Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum

Husmannsgut og misjonærstjerne

Lars Skrefsrud (1840–1910) kom frå ein husmannsplass på Fåberg ved Lillehammer. Han hamna på fylla, og 18 år gamal fekk han fire år i fengsel for tjuveri. Bak murane vart han «vekt», og ikkje lenge etter at han vart sett fri, reiste han til India som misjonær for den tyske Gossnermisjonen.

Ottar Fyllingsnes
 Mikael Niemi er aktuell med boka Stein i Silke.

Foto: Anette Karlsen / NTB

Klassekamp i Tornedalen

I Ådalen nær Sollefteå i Midt-Sverige blei fem arbeidarar drepne av militære 14. mai 1931. Ein fredeleg demonstrasjonsmarsj enda på verst mogleg vis, og bakgrunnen for tragedien var ein langvarig arbeidskonflikt der lønnsnedslag og organisert streikebryteri sette sinna i kok.

Oddmund Hagen
Romandebutanten Olav Fangel kjem frå Asker og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen.

«Ein kan gjera lurt i å merka seg namnet Olav Fangel, for han har skrive ein original roman.»

Ingen mann er ei øy, meinte John Donne, men truleg var han litt vel optimistisk i geografien. Alle er åleine i verda, men kan hende finn somme ei bru over til dei andre. Best er det truleg om andre byggjer den brua for ein, slik til dømes foreldre bør gjera for borna sine.

Odd W. Surén

Foto: Rolf M. Aagaard

Diktet: Wetle Holtan

Dette diktet er henta frå Høsten er et påskudd (1996), debuten til ein diktar som døydde altfor ung: Wetle Holtan (1970–2015). Holtan gav òg ut Det er mange veier til et rom (1998), men deretter vart det stopp på lyrikkarrieren, dessverre. Han vann Ibsenprisen i 2003 for skodespelet De som lever. Dei fire neste bøkene hans var òg drama.

Ronny Spaans
Asbjørn Aarnes vart fødd på Vågbø på Nordmøre i 1923 og var professor i europeisk litteraturhistorie.

Foto: Tom Sandberg

Eit poetisk livsprosjekt

Ei fascinerande samling av hans eigne artiklar markerer 100-årsdagen for fødselen til Asbjørn Aarnes.

Jan Inge Sørbø
Ingvill Kjærstein er omsetjar og redaktør i tidsskriftet Fett. No debuterer ho som romanforfattar.

«Kva er det som feilar denne unge kvinna? Og kva er det romanen vil?»

Ingvill Kjærstein debuterer med ein roman som hovudsakleg går føre seg i Japan. Den namnlause eg-forteljaren er norsk og i tjueåra. Ho jobbar som språklærar, mest i engelsk, i Kyoto. Livet hennar er nokså tomt og gledelaust. Sett bort frå ein god nabo har ho få eller ingen vener.

Hilde Vesaas
Professor Finn-Erik Vinje.

Professor Finn-Erik Vinje.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Syn og Segn om Finn-Erik Vinje

«Det er Finn-Erik Vinje.» Røysta i telefonen var roleg. Det var 21. september 1988, klokka tikka mot 13.00, borte i Trondheimsvegen i Oslo dundra ein blåtrikk.

Ottar Grepstad
Helle Helle har fått ei rad prisar for forfattarskapen sin etter debuten i 1993.

Foto: Mikkel Carl

Drivande god

Ramma for handlinga i Helle Helles Hafni forteller er triviell: Etter ei skilsmisse reiser Hafni på biltur rundt på dei danske øyene, ho har planen klar for kvar ho skal stanse, og kva ho skal sjå. Men det blir ikkje som tenkt. Det er jo vitalt for ei handling. Saka er at uansett kor festleg usymmetrisk sjølve ferda blir, er det er dei litterære grepa som tar oss med på ei reise.

Ingvild Bræin