Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 14.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Samlokalisering som mantra

| Den 9. juni 2017

Statsbygg har valt ut sju framlegg til utforming av eit nytt regjeringskvartal i Oslo. Framlegga er presenterte på heimesidene til Statsbygg. Alle sju er prega av høgblokker som sterkt vil dominera byhorisonten og området rundt. Slik vert det når alle departementa, forutan Forsvarsdepartementet, og 5700 tilsette skal samlast på eit lite område.

Dei mange nye høge husa vil slå i hel bygningane rundt. Barcode formar alt ein uheldig mur mot sjøsida. Regjeringskvartalet vil bli ein ny mur midt i byen.

Nokre av arkitektframlegga har lagt ved halvfilosofiske forklaringar på korleis arkitekturen skal verka, som her: «Alle bærer med seg sin egen horisont, men et kollektivt ståsted samordner individuelle horisonter. Synsranden blir samhørig».

Eller: «Interiørene er formet som et kjøttbein der de to endeknokene er gjort attraktive med godsaker i form av siktlinjer i kommunikasjonsaksene». Ja vel.

Arkitektframlegga liknar på reklamemateriell, og gjev såleis lite tillit. Juryen burde ha gjeve klar beskjed om at dei ville ha eit nøktern språk, og der arkitektkontora òg fekk i oppdrag å drøfta kva slag kompromiss dei har gjort og kva dei sjølve ser på som svake sider ved eige framlegg.

Der må vera liv mellom bygga i ein by. Då kan ein ikkje samla mykje aktivitet på eit lite område. Det planlagde regjeringskvartalet er diverre eit nytt døme på at samlokalisering har vorte eit mantra som alt for få set spørjeteikn ved. No må Stortinget ta ansvar og endra og tona ned planane.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa