Virtuelt
I sidesynet såg eg ein svart bil gli sakte langs fortauet utanfor det gamle hotellet som har fått nytt liv, tvers over gata for huset mitt. Eg arbeidde heime denne måndagen, ved stovebordet inntil vindauget, med ypparleg høve til å bli sitjande og glane.
Då døra til hotellet gjekk opp, kvapp eg: Det var Shiv Roy som kom ut, systera i HBO Max-serien Succession, spelt av Sarah Snook, men med kortare hår enn før. Ho kyssa ein mann farvel og steig inn i bilen med privatsjåfør.
Eg visste sjølvsagt om den amerikanske serieproduksjonen som gjekk føre seg i bygda i september i fjor, men hadde ikkje tenkt tanken på at nokon av skodespelarane skulle bu i nabohuset. Eg hadde så vidt byrja å sjå serien for å vere à jour den dagen episoden frå heimtraktene skulle sendast, og i første sesong har Shiv langt hår.
Først etter at bilen hadde køyrt, kom eg på at eg burde ha teke bilete. Der og då fall det meg ikkje inn. Det er vel grunnen til at eg aldri har arbeidd i ei tabloidavis. Ikkje det at eg skulle dele biletet på nettet, men det ville vore kjekt å vise skupet til ein kollega som har følgt serien frå første sesong.
Føremiddagen gjekk utan fleire filmstjerner i sikte, men eg hadde eit oppdrag på vegner av bladstyraren. Etter at Dag og Tid hadde annonsert eit ynske om å kjøpe eller leige Nofence-klavar til geitene på Dag og Tid-stølen, tilbaud Juvet landskapshotell, der delar av Succession-episdoen vart spelt inn, å låne oss det virtuelle gjerdet deira.
Oppdraget mitt var å hente Nofence-klavane. Eg var spent på om eg kom til å kome meg inn på området. Pressekortet var neppe noko å slå i bordet med. Vegen var sperra, og ei vakt kom ut frå ei bu ved innkøyrsla til garden. Eg la fram ærendet mitt og såg vel så innfødd og antipaparazzo ut at eg fekk passere.
Medan eg stod der med Nofence-klavane til Dag og Tid-geitene i hendene og speida mot innspelingsstaden, tippa eg at Shiv var ferdig i sminkestolen og kan hende til og med hadde spelt inn første scene for dagen. Snakk om kulturkløft!
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
6. juni 2013: I Borggarden på Slottet i Stockholm feirar ein svensk gut nasjonaldagen med flagg og blå kjærleik på pinne. Ti år seinare er den svenske nasjonaldagsmarkeringa større enn nokon gong.
Foto: Lise Åserud / NTB
Du gamla, du fria
Vladimir Putin lever farleg