Vil privatisere gullet og sølvet
Utvalet som har evaluert minerallova, føreslår å avvikle statleg eigarskap til mineralressursane.
I sølvgruvene på Kongsberg var det drift fram til 1950-talet. No får regjeringa råd om å avvikle den statlege eigarskapen til mineralressursane som er att på fastlandet. Her er det ein guide som peikar på sølv i gruva.
Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix
Mineralressursar
eva@dagogtid.no
Det ligg store verdiar i bakken rundt om i landet. Nærare 2500 milliardar kroner, minst, ifølgje dei vurderingane Noregs geologiske undersøking har gjort av påviste og trulege mineralressursar.
Over halvparten av verdiane ligg i metall – som jarn, kopar, gull, sølv og bly – som er eigd av staten.
Resten er i industrimineral som kalkstein og kvarts, i naturstein som granitt og skifer, og i byggjeråstoff som grus og pukk. Eigarskapen til desse ressursane er det grunneigarane som har.
No har regjeringa fått råd om å avvikle den statlege eigarskapen til metalla, slik at dei òg tilkjem grunneigarane. Føremålet er å kunne regulere forvaltinga av dei to mineraltypane likt, og gjere utvinning meir effektivt. I dag er det ulike regime og ulike undersøkings- og utvinningsrettar for dei to typane mineral, og det byr ifølgje næringa på problem når dei ligg samanblanda i bakken.
– Har lite å seie
Rådet kjem frå eit utval som har evaluert dagens minerallov, og det er radikalt. Skiljet mellom dei to mineraltypane skriv seg tilbake til Bergordningen for Norge i 1539. Den gong vart det òg innført eit prinsipp om såkalla bergfridom, som gjev fri leiterett og fortrinnsrett til utvinning for dei som finn mineral som staten eig. Bergfridomen føreslår utvalet å gå vekk frå. I staden bør staten styre utvinning gjennom eit konsesjonssystem, slik som for vasskrafta og olja, meiner utvalet.
Jussprofessor Ernst Nordtveit ved Universitetet i Bergen har leidd evalueringsutvalet. Han er usikker på om avvikling av statleg eigarskap er mogleg politisk, men seier det truleg er einaste måten å skape sams regelverk for alle mineral på. Eigedomsvernet i Grunnlova og den europeiske menneskerettskonvensjonen hindrar store endringar i retten til minerala i privat eige.
– Poenget vårt med forslaget er ikkje at grunneigarane skal få eigedomsretten, men at staten skal styre gjennom lovar, vederlag og avgifter, seier Nordtveit.
– Men ei avvikling av statleg eigarskap går ikkje å reversere.
– Nei, og det er eit radikalt grep. Men eigedomsretten til staten i dag har lite å seie i praksis. Det er jo fri leiterett og finnaren får retten til utvinning av minerala han finn. Vi har plan- og bygningslovar, lokale omsyn og miljø- og forureiningsomsyn som kan leggje føringar for utvinning, men det er ikkje reguleringar av kven som kan leite og få fortrinn til utvinning. Staten tek heller ikkje ut verdiar sjølv. Det er snakk om nær bagatellmessige avgifter og gebyr for sakshandsaming.
Nordtveit seier at den som finn førekomstar av statens mineral, har rett til utvinning utan å betale meir enn 0,5 prosent årleg av verdiane til grunneigaren, og 0,25 prosent meir i urfolksvederlag i Finnmark. For minerala som grunneigarar eig, må utvinnarar i dag i snitt betale mellom 3 og 4 prosent, ifølgje jussprofessoren. Evalueringsutvalet har òg høyrt tal opp mot 7 prosent i enkelte tilfelle.
– Det vi kallar statens eigedom i dag, høyrer såleis i realiteten til finnaren.
– Kan ikkje staten lettare lovregulere utnyttinga av ei ressurs han eig sjølv?
– Vert fri leiterett oppheva, er det ikkje problem å konsesjonsregulere tilgangen til minerala sjølv om dei er i privat eige, slik som med vasskrafta. Staten kan ta inntekter av mineralverksemda gjennom grunnrenteskatt eller avgifter. Vi tykkjer òg det er betre om meirverdiane etter dekking av kapitalutgifter og arbeid knytt til utvinninga går til det norske samfunnet, anten til grunneigarane eller til staten i form av ein grunnrenteskatt, heller enn til dømes ein kinesisk utvinnar.
Etterlyser engasjement
Evalueringsutvalet har òg føreslege at staten gjennom konsekvensutgreiingar skal avklare på førehand kva område som er aktuelle for utvinning, og kvar konfliktane mot andre interesser er for store til at det lèt seg gjere.
– Fortrinnsretten i dag spelar jo lita rolle dersom ein som næringsaktør får for store problem med til dømes planstyresmakter, utsleppsløyve eller forholdet til reindriftsnæringa. Slike forhold burde avklarast betre tidlegare.
– Det verkar som de meiner staten engasjerer seg for lite i systemet i dag?
– Ja, vi meiner det. Er målet større utvinning, må vi både styrkje og modernisere forvaltinga og finne styringsmåtar som tek meir omsyn til ressursforvalting, både av minerala og av andre ressursar som vert påverka av utvinning.
Ikkje konkludert
Den største utfordringa ved å starte utvinning i dag er ifølgje evalueringa knytt til sakshandsaming og samspelet mellom minerallova og anna regelverk, som er både uklart og uføreseieleg.
Olav Hallset, som er fagsjef for politikk og samfunn i Norsk Bergindustri, seier søknadsprosessane er så lange at internasjonale investorar dreg andre stader enn til Noreg. Bransjeforeininga har difor ønskt å fjerne skiljet mellom minerala til staten og minerala til grunneigarane, for å forenkle søknadsløpet der dei to mineraltypane oppstår saman. Det gjeld særleg for såkalla sjeldne jordmetall, som er ettertrakta fordi dei trengst til produksjon av mobilar, vindturbinar og anna utstyr for produksjon av fornybar energi.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier at regjeringa ønskjer auka mineralutvinning, og at det difor er sett av meir pengar til kartlegging av mineralressursar og til sakshandsaming. Isaksen kan verken stadfeste eller avvise om det er aktuelt å avvikle statleg eigarskap til metalla.
– Vi tinga evalueringa for å få faglege innspel, men har ikkje jobba oss gjennom forslaga og konkludert enno. Dermed kan eg verken seie ja eller nei til nokon av forslaga enno.
Han stadfestar likevel at det trengst ein sterkare politikk for mineralnæring og -utvinning i Noreg, og meiner næringa har vorte «ufortent uglesett» i Noreg.
– Mineralnæringa er ei av dei viktigaste næringane for å drive fram eit grønt teknologiskifte, seier Isaksen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg kan verken seie ja eller nei
til nokon av forslaga enno.
Torbjørn Røe Isaksen (H),
næringsminister
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.