JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil ikkje ha eit hugsefag

Holocaust er teke inn i dei nye læreplanmåla. Det var ikkje læreplangruppa sitt ønske, seier universitetslektor Karsten Korbøl.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner snakkar med Aliya Mohamed (14) (midten) og Safa Yusof (14) på kunst- og handverksfag ved Sofienberg skole i Oslo, der han la fram forslag til nye læreplanar i skulen måndag.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

5126
20190322

Samtalen

Karsten Korbøl

Universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning, Universitetet i Oslo

Aktuell

Dei nye læreplanane er sende på høyring

eva@dagogtid.no

Måndag sende Kunnskapsdepartementet forslaga til nye læreplanar i skulen ut på høyring og uttalte at dette vert den største endringa av innhaldet i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Karsten Korbøl, som er universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo, leidde faggruppa som laga utkastet til læreplanane i historie for vidaregåande. Han seier endringane i historiefaget ikkje er veldig store, men at dei nye læreplanane har færre kompetansemål, tydelegare dugleiksmål og tydeleggjer det utforskande ved historiefaget.

– Ambisjonen har vore å lage eit fag som elevane ser relevansen av, og å ruste dei intellektuelt til å møte ei framtid dei ikkje kjenner – då tenkjer eg fyrst og fremst på evna til å navigere i informasjonsjungelen gjennom kjeldekritikk.

– Måtte de fjerne referansar til konkrete hendingar og epokar i kompetansemåla for å gjere det?

– Vi har ikkje gjort det. Dagens læreplan inneheld heller ikkje ei innhaldsliste av tema og hendingar elevane skal lære noko om, så vi vidarefører strukturen i den eksisterande reforma. Konkrete tidsperiodar er nemnde. Rett nok ikkje alle, men ein vesentleg del. Elevane treng òg historisk kunnskap, men dersom det vert ei lang liste over kva innhald dei skal lære seg, er eg uroleg for at nokre av dei andre delane av historiefaget – som òg er vesentlege – kan gleppe, slik at vi får eit hugsefag i staden for eit bruksfag.

– Er historiefaget eit hugsefag i dag?

– Vi har ikkje mykje forsking på korleis norske ungdomar lærer, og kva dei kan av historie. Frå dansk forsking veit vi derimot at mange elevar ikkje skjønar kva dei skal bruke historiefaget til, og ikkje ser at det rører ved livet deira.

– Kvar starta de då de skulle gjere forbetringar i ein plan utan å vite korleis den gamle planen fungerte?

– Vi baserer oss på det vi veit frå andre stader. I tillegg til den danske undersøkinga finst det forsking frå Storbritannia som tyder på at idealet om at elevane skal tileigne seg ei oversikt over historia, ikkje er så enkelt å få til. Eit grep frå oss har vore å strukturere planen slik at elevane kan forfølgje nokre spørsmål og nokre trådar i historia.

– Rune Slagstad har kritisert det han meiner er ei ukritisk vektlegging av kompetansen elevane skal tileigne seg, heller enn kva kunnskap dei skal lære seg. Han meiner det vert sett vekk frå litteratur og forsking som er kritisk til denne utviklinga. I kva grad har de sett på forsking som utfordrar denne retninga?

– Det har vi ikkje. Men dette er jo ein større debatt som du må ta med utvalet som tilrådde ei fagfornying, eller med politikarane, heller enn med meg.

– Du er ikkje uroa for at historiefaget skal verte meir metode enn kunnskap?

– Nei, eg trur vi har ein god balanse. Det er mål om meir djuplæring, og det kan ein ikkje ha utan dei metodiske sidene av faget. Skal ein få ei djup forståing av korleis historisk kunnskap vert etablert, må dei metodiske elementa med.

– Dei nye kompetansemåla er omfattande. Elevane skal kunne «gjøre rede for tanker og ideologier som lå til grunn for politiske omveltninger fra opplysningstiden til i dag». Forventar de ikkje vel mykje av elevane?

– Jo, men det vi har gjort her, er å konsentrere kompetansemålet rundt ein tematikk. Tanken er at når ein prøver å jobbe tematisk med eit slikt mål, vil elevane ha større høve til å sjå både samanhengar og endringar, brot og kontinuitet.

– Kva avgrensar kva konkrete hendingar elevane skal forstå brot og kontinuitet gjennom?

– Som i dag er det læraren som legg til rette stoffet. Dette er ein læreplan som vidarefører det faglege ansvaret og profesjonaliteten til læraren.

– Korleis kan vi vite at alle elevar lærer noko av det same, om læreplanen ikkje seier kva konkrete hendingar dei skal innom?

– Det kan vi ikkje vite i dag heller, og vi kunne ikkje visst det om læreplanen hadde ei konkret innhaldsliste. Ingen plan kan eigentleg garantere det. Holocaust har jo vore ute av kompetansemåla i nokre år, men alle lærarar har undervist i det i desse åra likevel.

– De fekk kritikk for fyrste utkast til læreplanskisse i haust, mellom anna for at holocaust ikkje var med i kompetansemåla (noko det heller ikkje er i gjeldande læreplan). I forslaget som no er sendt på høyring, er holocaust med att. Kvifor?

– Eg vil tru det er lagt inn fordi det har vore debatt om det i avisene. Det er Utdanningsdirektoratet som har lagt det inn, ikkje vi. Eg synest det sender eit uheldig signal. Ikkje fordi holocaust ikkje er viktig, det ville vorte undervist i det uansett, men fordi det syner at om ein klarer å få mediemerksemd om ting, så vert det teke med. Holocaust-debatten kan jo òg sjåast som ein litt skjult kritikk av læraren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi har ikkje mykje forsking på korleis nors­ke ungdomar lærer, og kva dei kan av historie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.

Foto Brit Aksnes

Feature

Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Brit Aksnes

Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.

Foto: Nina Djæff

BokMeldingar
Ronny Spaans

Eit sandkorn i maskineriet

Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis