JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Vil ikkje endre barnetrygda

Ein må verne om ei ordning som når ut til alle på ein enkel måte, meiner barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Stortinget

Foto: Stortinget

5320
20221125

Samtalen

Kjersti Toppe

barne- og familieminister

Aktuell

barnetrygd

5320
20221125

Samtalen

Kjersti Toppe

barne- og familieminister

Aktuell

barnetrygd

sofie@dagogtid.no

I framlegget til statsbudsjett for 2023 vil regjeringa auke barnetrygda for einslege forsørgjarar, men den ordinære barnetrygda blir som før. Kjersti Toppe (Sp) er barne- og familieminister.

– Kvifor vil de ikkje auke barnetrygda i takt med dei auka utgiftene?

– Me har ikkje funne rom til å auke dei vanlege satsane for barnetrygd. Satsane for born under seks år har blitt styrkte dei siste åra, og me har gjort andre prioriteringar når det gjeld barn og unge, til dømes å redusere maksprisen for barnehage og innføre gratis kjernetid i skulefritidsordninga, gratis barnehage til det tredje barnet og lokale fritidskassar som kan dekke kostnadar til deltaking i fritidsaktivitetar. Dette er tiltak som vil ha positiv innverknad for ein familieøkonomi. I tillegg til å auke barnetrygda for einslege forsørgjarar har me òg sikra at dei som tek imot sosialhjelp, ikkje får kutt i denne, sjølv om vedkomande får barnetrygd.

– Er du redd ei god barnetrygd kan føre til at folk ikkje vil i arbeid?

– Eg meiner nei. Barnetrygd i seg sjølv vil ikkje kunne bidra til det, men får ein barnetrygd saman med andre ytingar, kan det nok vere noko å diskutere. Men først og fremst hindrar barnetrygda fattigdom, og for meg er det viktig at me ikkje skal gjere folk fattige for å få dei ut i arbeid. Då er me altfor harde. Ein trygg og god oppvekst er verd å satse på. Då er det ikkje minst viktig at foreldra er i arbeid og har ei inntekt å leve av. Det er heilt grunnleggjande. Ein snakkar om barnefattigdom, eg meiner det ikkje finst fattige barn i Noreg, men fattige foreldre.

– Hadia Tajik vil at Ap skal vurdere å skattleggje barnetrygda gjennom inntektsskatten. Dette vil auke barnetrygda frå 12.648 kroner i året til 20.157 kroner. Kva tenkjer du om denne ordninga?

– Skattlegging og behovsprøving har vore debattert dei siste 20–30 åra, og temaet kjem stadig opp. I Senterpartiet har me hatt det oppe til diskusjon ved kvart stortingsvalprogram som eg har vore med på å behandle, men me har alltid landa på at det har vore ein dårleg idé. Behovsprøving kan føre til mykje byråkrati.

– Kva trur du slike framlegg som dei Tajik har kome med, kan få å seie for regjeringssamarbeidet?

– Eg har eit heilt avslappa forhold til det, eg ser meir på det som ein diskusjon Arbeidarpartiet har rundt kva politikk dei skal gå inn for seinare. Me er jo tydelege i Hurdalsplattforma, som er det eg styrer etter som barne- og familieminister.

– Kva seier Hurdalsplattforma?

– At me skal styrkje det universelle tilbodet og prioritere velferds­tenester som når ut til alle barn. Eg er ein ivrig forsvarar for barnetrygda og ønskjer ikkje at me skal inn på det sporet som Tajik føreslår. Hugs på kva barnetrygd eigentleg skal vere; det er ei ordning som skal redusere økonomiske ulikskapar mellom dei som har barn, og dei som ikkje har barn. Å ha barn er ei ekstra økonomisk byrde. Så har ein valt å gi støtte i form av kontant­yting, ikkje skattefridrag. Dersom ein vil minske ulikskapane mellom barnefamiliar, er eg overtydd om at det er feil å bruke barnetrygda til dette føremålet, det kan ein gjere gjennom skattesetelen.

– Staten skal støtte dei som treng det aller mest. Når ein ser på utgiftene som aukar no, hadde det ikkje vore betre å gje endå meir barnetrygd til dei som treng det aller mest? Altså behovsprøving?

– Nei, eg meiner ikkje det. Alle er jo påverka av dei tidene me lever i, men så blir det verst for dei som har minst frå før. Det er jo ikkje verdt å gå vekk frå ei universell ordning som går ut til alle, når alle merkar tidene me lever i. Poenget er nettopp å verne om ei ordning som når ut til alle på ein enkel måte. Då blir det urimeleg å ta stønad frå nokre barnefamiliar og gi til andre, i ein situasjon der mange har ein risiko for å få det særs vanskeleg. Då må me klare å prioritere dei gjennom andre verkemiddel i velferdsstaten – slik me har gjort i budsjettframlegget vårt.

– Vil det å gjere barnetrygda behovsprøvd undergrave legitimiteten til velferdsstaten?

– Eg fryktar det. Det er ein viktig verdi at me lagar nokre minimumsordningar for alle, og så veit me at det er dei som treng det mest, som nyttiggjer seg av det mest. Då slepp ein å måtte bevise at ein treng det, det er ikkje stigmatiserande, alle er i same båt.

– Barnetrygda stod stille frå 1996–2019. Senterpartiet sat i regjering frå 2005 til 2013 utan at barnetrygda auka. Kva tenkjer du om det?

– Det er ikkje noko å skryte av, men det har jo vore skiftande regjeringar som ikkje har prioritert barnetrygda med tanke på prisvekst, og ordninga har blitt svekt over tid. Førre regjering løfta satsane, og no er ein ny debatt om barnetrygd i gang. Mange parti prioriterer no auka barnetrygd etter at me la fram budsjettet vårt, blant anna Høgre. Det er gjort mange og tunge løft for barnefamiliane i åra me sat i regjering sist. Det er ikkje det at ein ikkje har brukt pengar på barn og unge, men ein har ikkje i tillegg auka barnetrygda. Slik er det. Ein har heller ikkje innført noka behovsprøving eller skattlegging. Men eg er glad for at barnetrygda har blitt bevart som ei universell ordning.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis