JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Vi treng å snakke om kjensler

Ein viktig grunn til psykologiseringa av samfunnet er at vi – lærarar, foreldre, leiarar – manglar eit kvardagsspråk for alminnelege vonde kjensler. Det er for lite kompetanse og for mykje tabu.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

CC Mohamed Hassan / Pxhere.com

CC Mohamed Hassan / Pxhere.com

5063
20221118
5063
20221118

Kommentar

gregor@dagogtid.no

Dei fleste av oss har lært om dei tre grunnfargane og dei fem sansane. Kor mange kjenner til dei fem grunnkjenslene våre – sinne, frykt, sorg, avsky og glede – og veit korleis dei skal møtast på ein god måte?

Born og unge manglar gode rollemodellar som viser dei at det er sunt å kjenne etter, som tek bort skamma rundt dei mest grunnleggjande kjenslene og – viktigast av alt – viser at ingen kjensler er farlege i seg sjølv. Kjensler går over når dei blir anerkjende, delte og møtte. Berre dersom dei ikkje blir det, kan dei utvikle seg til traume og psykiske lidingar, og dermed til noko som i verste fall er livstruande.

Treng ikkje psykolog

No har vi for første gong ein generasjon som torer å fortelje korleis dei verkeleg har det. Men språket vi har gjeve dei, er psykologi- og diagnosespråket, dei manglar kvardagsspråket for kjensler. Kvar skulle dei ha lært det? For få høyrer det språket på skulen, i heimen eller i media. Det er dei vaksne sitt ansvar å setje ord på og handtere eigne kjensler så ungdommen kan lære, men skamma og mangelen på kunnskap gjer at mange heller er tause.

Berre psykologar er ekspertar på psykisk sjukdom. Men når det gjeld vonde kjensler, har vi alle noko å kome med. For vi har alle levd eit liv og erfart motgang, sorg, urett.

Kva treng eit friskt menneske som opplever vonde kjensler? Treng det å vente lenge på ein ledig time, bli stempla som pasient, kome til eit sterilt kontor for å møte ein fagperson som held «profesjonell avstand»? Nei, dei aller fleste treng eit anna menneske som er der, som held rundt dei, som seier: «Eg er her saman med deg. Det er ikkje noko feil med deg fordi du opplever det slik. Eg òg har hatt det slik før.»

Skal ein møte ei vond kvardagskjensle slik, må ein ikkje vere for skamfull til å dele. Og den andre må ha kunnskap og tryggleik nok til å ta imot det.

Emosjonell intelligens

Motivasjonen min til å lære og uttale meg om kjensler byrja med at eg har vore utsett for mobbing, halde kjenslene inne og kjent på problema det førte til for meg. I vaksen alder, etter eit samlivsbrot, valde eg å ta grep. Eg har gått til ulike psykologar i fleire år og er snart i mål med ei treårig utdanning innan emosjonell intelligens. Der har eg lært om samspelet mellom hjernen og kjenslene og arbeidd med skam og mi eiga historie. Framleis er det litt skamfullt å handtere kjenslene sine «etter boka». Men eg øver meg, ikkje minst av omsyn til borna mine.

Førre veke kom eg heim frå jobb og hadde det ikkje godt. Mor til borna var på besøk og såg det. «Kva skjer», spurde ho.

«Eg har hatt ein dårleg dag på jobb. Det er mykje å gjere, og eg kjenner meg overvelda.»

«Eg trur ikkje eg kan gje deg gode råd om jobben din.»

«Eg veit det. Eg treng eigentleg berre at du sit her og held rundt meg.»

Eg gret i nokre minutt, sjølv om ein del av meg tenkte at dette er ein patetisk ting å gråte for. Mykje av det som kjendest overveldande, var mål eg hadde sett for meg sjølv.

Er ikkje det teit? Kleint? Flautt og skamfullt? Jau, det kjennest sånn. Det er privat, det er å «vrengje sjela» og påfører andre ubehag. Vi har fjerna tabu for diagnosar og psykisk sjukdom. Tabu for heilt grunnleggjande kjensler som sorg og reaksjonar som gråt lever framleis i beste velgåande, ikkje minst for menn. Ikkje rart at mange hamnar bak lukka psykologdører, som er det einaste frirommet vi har gjeve til vonde kjensler.

Mange har ei oppfatning om at dei som viser kjensler, er skøyre, at dei må behandlast varsamt. Det er på tide å utfordre oppfatninga. Ho er ikkje berre gammaldags, ho har for lengst vorte vitskapeleg motprova òg. Å kunne dele og handtere kjensler er med på å gje auka motstandskraft – slik at ein toler meir motgang, ikkje mindre.

Det fungerte for meg – etter nokre minutt tok den vonde kjensla mindre plass, og eg fekk tilgang til dei kreative og problemløysande delane av hjernen min igjen. Eg var attende på jobb neste dag med nye idear og ei kjensle av meistring.

Løyser ikkje alt

Det er urealistisk å tru at meir kompetanse og mindre tabu er løysinga på alt. Somme vil alltid ha for sterk motstand til å snakke om eigne kjensler. Sjølv med ei emosjonelt kompetent befolkning vil det vere krevjande å vere lærar, og nokre born vil ikkje bli møtte korkje av lærar eller av omsorgsperson. Det vil alltid vere behov for psykisk helsehjelp, lågterskeltilbod og liknande.

Men eg har til gode å høyre eit fornuftig argument mot at vi bør styrkje den emosjonelle kompetansen vår. Og det trengst ikkje dyre tilleggsutdanningar. Ja, eg synest lærarane fortener eit betre utdannings- og etterutdanningstilbod. Resten av oss kan byrje med å bruke ein time på nettsidene til NRK Super og sjå «Kort fortalt om følelser», slik at vi kjem på same emosjonelle kompetansenivå som borna våre.

Gregor Falkner er marknads­sjef i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn

«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»

Siri Helle

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis