JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Usunne sjølvbilete

Instagram kan vere psykisk skadeleg for ungdom, syner forskinga til Instagram-eigaren Facebook. Det heldt selskapet tett om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Åsmund Bøe

Åsmund Bøe

8728
20211001
8728
20211001

Helse

peranders@dagogtid.no

Smarttelefonane våre er meir enn trivielle reiskapar, dei liknar i mykje på forlengingar av nervesystemet. Når mange millionar ungdomar brukar fleire timar for dagen på medium der dei kan samanlikne seg med perfekte andlet og kroppar og kan få «likes» for bilete av seg sjølv, er det ikkje overraskande om det får effektar.

Og dei siste åra har ei rekkje psykologar åtvara om at sosiale medium som biletdelingsappen Instagram har skadelege verknader – først og fremst for tenåringsjenter. I løpet av dei siste ti åra, epoken da smarttelefonane og dei sosiale media erobra verda, har det vore ein sterk auke i omfanget av angst og depresjon blant unge jenter i både Europa og USA. Og ei rekkje studiar tyder på at det er ein årsakssamanheng her, sjølv om det er vanskeleg å bevise sikkert.

Lekkasje

Teknologigigantane som står bak dei sosiale media, har lenge avvist at bruk av sosiale medium er årsak til psykiske plager. I ei høyring i Kongressen i USA i mars vart til dømes Facebook-sjef Mark Zuckerberg spurd om han såg nokon samanheng mellom skjermbruk og mental helse hos barn. «Forskinga vi har sett, tyder på at bruk av sosiale appar kan ha positive verknader på mental helse», svarte Zuckerberg. Og i mai sa Adam Mosseri, sjef for biletdelingsappen Instagram, at forskinga tydde på Instagram hadde «ganske liten effekt» på den psykiske helsa til tenåringar.

Men mykje tyder på at Zuckerberg og Mosseri visste betre. Dei siste vekene har avisa Wall Street Journal publisert artikkelserien «The Facebook Files», basert på lekne forskingsrapportar, presentasjonar og andre dokument frå innsida av Facebook-konsernet. Det viser seg at selskapet gjennom tre år har studert korleis biletdelingsappen Instragram påverkar den psykiske helsa til brukarane, mellom anna basert på det titusenvis av brukarar sjølve har rapportert. I tillegg sit selskapet på eit enormt datamateriale som syner korleis og kor mykje ungdom faktisk brukar Instagram, noko som gjev desse studiane ei særleg tyngd. Og somme av funna ser ikkje bra ut.

Avhengige

«Vi gjer problem med det kroppslege sjølvbiletet verre for ei av tre tenåringsjenter», heitte det i ein intern presentasjon frå selskapet, basert på studiar av Instagram-brukarar. Gutar ser ut til å vere langt mindre påverka, men også ein god del gutar opplever at appen har negative effektar på sjølvkjensla, syner ein studie frå 2019.

I spørjeundersøkingane til selskapet fortel ein god del av dei unge brukarane at dei klandrar Instagram for at dei opplever meir angst og depresjon. Mange brukarar opplever òg at dei er avhengige og ikkje klarer å logge av, sjølv om dei kjenner at Instagram får dei til å kjenne seg dårlegare. I ei spørjeundersøking mellom tenåringar i USA og Storbritannia svarte over 40 prosent av tenåringar som kjende seg lite attraktive, at kjensla først dukka opp medan dei var på Instagram.

Perfekt storm

Dei lekne studiane tyder på at Instagram har ein langt meir destruktiv effekt enn konkurrerande medium som videoappen TikTok eller foto- og videoappen Snapchat. «Den sosiale samanlikninga er verre på Instagram», heiter det i ein studie selskapet gjorde i 2020. Det ser ut til at dette mediet i særleg grad får brukarane til å samanlikne seg sjølve med andre, anten det gjeld andlet, kropp eller livsstil. Instagram skaper eit særleg press for å framstå som perfekt overfor andre, og kan sende brukarane inn i ein spiral som fører til depresjon, eteforstyrringar og ei usunn oppfatning av eigen kropp, heiter det ein av dei interne rapportane. «Ulike aspekt ved Instagram forsterkar kvarandre og skaper ein perfekt storm», skreiv forskarane til Facebook, sitert av Wall Street Journal.

Ifølgje dei lekne dokumenta har desse funna vore presenterte for toppleiinga i Facebook. Men denne kunnskapen om korleis Instagram kan påverke ungdom, har altså blitt halden hemmeleg.

Som tobakk

Amerikanske politikarar har ikkje slått seg til ro med dei offisielle versjonane til selskapet. I august sende to amerikanske senatorar eit brev til Mark Zuckerberg og bad han om å offentleggjere den interne forskinga på korleis medieplattformene til selskapet påverkar den psykiske helsa til ungdom. I svaret frå Facebook stod ingenting om dei illevarslande funna frå studiane selskapet sjølv hadde utført. «Vi kjenner ikkje til nokon konsensus i forskinga eller blant ekspertar om kor mykje skjermtid som er ’for mykje’», heitte det i brevet. Selskapet skreiv at forskinga til selskapet var Facebooks eigedom, og måtte haldast konfidensiell «for å sikre ærleg og open dialog internt».

Senator Richard Blumenthal var ikkje nøgd. «Svara til Facebook var så unnvikande at det reiser spørsmål om kva dei kanskje skjuler», sa han til Wall Street Journal. Han samanlikna oppførselen til Facebook med måten dei store tobakksselskapa i si tid fortagde kunnskapen om helseskadane ved å røykje, samtidig med at dei målretta marknadsføringa mot unge.

Big business

Facebook-konsernet har sterke økonomiske motiv for å satse på Instagram og sjå bort frå potensielle skadeverknader. Medan Facebook-plattforma har mista mykje av appellen blant dei unge, er Instagram svært populært. Over 40 prosent av Instagram-brukarane i USA er under 23 år, og 22 millionar tenåringar i USA er innom Instagram dagleg. Det er over to tredelar av alle amerikanarar i alderen 13 til 19 år. Instagram er det største sosiale mediet blant amerikansk ungdom, framfor Snapchat og TikTok. På verdsbasis har Instagram over ein milliard brukarar, og inntektene i fjor var kring 200 milliardar kroner.

Da Facebook kjøpte Instagram i 2012, var dette eit lite, men framgangsrikt selskap med berre 13 tilsette. Dette var same år som Facebook byrja å falle i popularitet blant dei unge, og selskapet satsa tungt på å etablere Instagram som ein viktig kanal for ungdom. Etter kvart som kunnskapen om dei negative konsekvensane voks, gjorde selskapet forsøk på å redusere skadeverknadene, syner dei lekne dokumenta. Mellom anna testa utviklarane til Facebook i 2020 ei løysing som gjorde det mogleg å skjule «likes» i appen for andre enn den som har lagt ut eit bilete. Dette fekk namnet «Project Daisy». Men endringa fekk ikkje brukarane av Instagram til å kjenne seg betre, synte dei interne studiane. Dei lekne dokumenta fortel at fleire leiarar i selskapet argumenterte for å lansere denne løysinga likevel, fordi det kunne få Facebook til å sjå betre ut for ålmenta, som eit selskap som tok ansvar. «Lanseringa av Daisy ville bli motteken av pressa og foreldre som ein positiv indikasjon på at Instagram bryr seg om brukarane sine», heitte det i eit internt notat.

Protesterer

Kva seier så Facebook-leiarane om artiklane i Wall Street Journal? Dei meiner at dei interne dokumenta er svært skeivt framstilte av avisa. Utviklingssjef Pratiti Raychoudhury i Facebook har nyleg skrive eit motinnlegg der han kritiserer Wall Street Journal for å ta tal ut av kontekst. Til dømes er setninga «Vi gjer problem med det kroppslege sjølvbiletet verre for ei av tre tenåringsjenter» henta frå ein ganske liten studie av ei fokusgruppe, skriv Raychoudhury og viser til at dei fleste tenåringsjentene i studien sa at Instagram fekk dei til å kjenne seg betre, ikkje verre. Den einaste gruppa som sa at Instagram fekk dei til å kjenne seg verre, var dei som sleit med det kroppslege sjølvbiletet sitt. Raychoudhury viste òg til at ein klar majoritet av amerikanske og britiske tenåringar seier at Instagram får dei til å kjenne seg betre, ikkje verre.

På pause

Men avsløringane av dei interne dokumenta har truleg fått minst éin konkret konsekvens. Facebook-konsernet har nemleg ambisjonar om å nå eit enda yngre publikum. Selskapet har lenge arbeidd med ein eigen versjon av Instagram for barn under 13 år, den offisielle aldersgrensa for appen i dag. Her er det openbert store pengar å tene: Om brukarar blir hekta på ein app som barn, er det gode sjansar for at dei blir med vidare som ungdomar og vaksne. Instagram- og Facebook-leiinga har argumentert med at mange barn har tilgang til smarttelefon og klarer å lage sin eigen Instagram-konto alt i dag, difor er det betre å gje dei ein meir barnevenleg variant av appen. YouTube og TikTok har allereie laga sine eigne appar for barn. Men etter avsløringane av dei interne Instagram-dokumenta i Wall Street har utviklinga blitt sett på vent. «Vi meiner det er rett å lage Instagram Kids, men vi har sett arbeidet på pause», skreiv Instagram-sjef Adam Mosseri i ei pressemelding 27. september.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Den sosiale ­samanlikninga er verre på Instagram.»

Internt notat frå Facebook-konsernet

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis