JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Trua

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1899
20220826
1899
20220826

– Å, me har vel alle litt av den der sorten, sa han.

Temaet var tvangstankar. Skal ein bli kvitt dei for godt, kan ein ikkje brenna inne med dei. Tvangstankar må røykjast ut, la han til. Eller skrivast ut, som det heiter i lauget.

Tvangstanken eg fyrst merkte, kom medan eg var liten og låg på sjukehus. Der var det lettare å sovna, kjende eg, dersom eg la meg som panter, og då med ei viss overhøgd, som i ei utilgjengeleg hole i fjellveggen. Frå opninga kunne eg sjå alle, ingen kunne sjå meg. Då sovna eg tvert.

Denne tanken balla på seg – snart var eg ikkje katt, men kamuflert soldat som ikkje berre gøymer seg, men òg kan slå attende med eit forsvarsåtak eller to, om det trengst, for i tankearsenalet finst mitraljøse på tofot, og stundom heil ein firling med 12,7 og rikeleg med ammunisjon og sporlys.

Tøft, men den teknologiske utviklinga har no gjort også slike våpen gamaldagse. Med varmesøkjande (natt)kamera ser fienden meg for tida lenge før eg seg han. Om eg ikkje kamuflerer også kroppstemperaturen, men då blir det lett mykje rigging – og lite svevn.

På badet dreiv eg også i mange år på liknande vis. Eg har vakse frå slikt tull no, sjølvsagt, og kastar no utan vidare heile mitraljøsa ned i ein tenkt smeltedigel, der han raskt løyser seg opp og forsvinn. Borte!

Så no sit eg der då, på dass, uvæpna, open. Rasjonell.

Og tenkjer: Kva om nokon skyt på meg? Ein skremmande tanke på kva som helst bad, men ikkje minst på mitt, der eg har lagt flis til den store gullmedaljen overalt kor eg har kome til. Eg ser tydeleg føre meg korleis om så berre ei einsleg kule gjennom panel og membran mot mørtel på innsida av glasert keramikk kan vera katastrofal for alle i rommet. Då må dei flislagde veggene klest med tenkt tømmer, i ein fart, men det kan vera lettare sagt enn gjort utan skikkeleg spikarslag ... Men sandsekker fungerer, i eit mageknipetak, om ein berre har trua.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis