JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Tilbake til 1970-åra

Eit steinrikt amerikansk familieselskap som har finansiert klima­skeptikarar, får no statsstøtte til å byggja batterifabrikk i Mo i Rana. Ein aktiv næringspolitikk fører mykje med seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regjeringa har lova å gje 4 milliardar kroner til ny industrisatsing til den planlagde batterifabrikken Freyr som ligg i Mo Industripark i Nordland.

Foto: FREYR

15308
20220708

Bakgrunn

Staten skal gje grøn industri minst 60 milliardar kroner i nye lånegarantiar og eigenkapital fram mot 2025.

Det amerikansknoterte selskapet Freyr får 4 milliardar av staten for å byggja batterifabrikk i Mo i Rana.

Koch-familien, ein av dei rikaste i amerikansk soge, er storeigarar i Freyr.

Næringspolitikk

jon@dagogtid.no

Vi skal koma til den aktive næringspolitikken regjeringa Støre gjennomfører, men fyrst ein liten omveg til butikken. Vi som hugsar 1970-åra, meiner å ha vore her før. Den 30. juni gjekk TV 2 inn i ein Kiwi-butikk og kjøpte ei vanleg handlekorg for ein familie. To dagar i året får leverandørane høve til å auka prisane dei tek frå matvarekjedene, som i sin tur nyttar desse to datoane til å setja opp prisane. I ei inflasjonstid er det lettare å setja opp prisane meir enn elles, folk mister oversikta. Dei to datoane er 1. februar og 1. juli. Då TV 2 den 1. juli kjøpte det same som dagen før, hadde prisen på handlekorga gått opp med 19 prosent.

Nei, Kiwi er sjølvsagt ikkje åleine om å auka prisane. To kjuklingfiletar med ei vekt på 480 gram kosta på Rema 1000 50 kroner den 30. juni. No kostar dei same filetane 86 kroner. Om inkje anna kan vi seia at LO var ansvarleg då dei gjekk med på å berre få 3,7 prosent lønsauke for frontfaga. Nordmenn kjem i år truleg til å oppleva den største attendegangen i kjøpekraft sidan Gro Harlem Brundtland sleppte renta fri i 1986 og 1987. Ja, det er til og med mogleg at fasiten kjem til å syna at vi må attende til krigsåra for å finna ein større attendegang i kjøpekrafta.

Historia

Problema no er dei same som dei var under krigen og i 1970-åra og ut i 1980-åra. Altfor mange pengar jagar altfor få varer og arbeidarar. Kjøpekraft må dragast inn, færre arbeidarar må krevja lønsauke, men fyrst og fremst må kapital verta dyrare. Lat oss taka eit historisk sveip.

Problemet både under krigen og i 1970-åra var det vi litt upresist kan kalla ein aktiv næringspolitikk – ein kolossal vilje til å setja statleg kapital i aktivitet. Atlanterhavsvollen og Kleppe-pakkane førte til det same: inflasjon. I båe tilfella tok det mange år for etterfylgjarane å rydda opp. Kåre Willoch prøvde å rydda opp etter Kleppe-pakkane, men fekk det ikkje heilt til. Gro Harlem prøvde hardare og fekk det til.

Ein god stad å starta om ein vil forstå kva som gjekk føre seg i politikken 1970-åra, ein politikk både denne og den førre regjeringa har synt stor vilje til å kopiera, er i St. meld. nr. 25 1988–89. Om Garanti-Instituttet for Eksportkreditt’s (GIEK’s) virksomhet i 1986 og 1987. Stortingsmeldinga vart ført i pennen av Finansdepartementet, men det var Utanriksdepartementet som stod som offisiell forfattar. Den fyrste delen er berre litt interessant, det er når vi kjem til side 85 det tek seg opp, for der byrjar ei utgreiing med tittelen «Redgjørelse om Skipseksportkampanjen».

Utgreiinga er ved sida av skattereforma i 1992 sjølve høgdepunktet i Gros oppgjer med den aktive næringspolitikken. For som det står alt i fyrste spalta i utgreiinga: «Selv om Skipseksportkampanjen ble startet og gjennomført med bred politisk oppslutning, ser Regjeringen det som helt uaktuelt å gjennomføre en lignende ordning i fremtiden.»

Oljekrisa

Då oljekrisa kom i 1973, vart ho etterfylgd av ein redusert etterspurnad etter olje, som igjen førte til at skipsbygging for den internasjonale marknaden, der Noreg var store, gjekk ned med 50 prosent. Det var rett nok ikkje noka krise for Noreg samla, sidan vi var i ferd med å investera stort i Nordsjøen, men det var eit problem for eigarane og arbeidarane i skipsverfta som ikkje ville omstilla seg.

Dei stilte seg opp utanfor Handelsdepartementet og Utanriksdepartementet. Dei ville ha ein aktiv næringspolitikk, som dei òg meinte var ein god motkonjunkturpolitikk og ikkje minst rett reint moralsk. Dei fekk ja, finansminister Per Kleppe stilte opp med pengane.

Frå 1976 til 1978 gav Finansdepartementet 3,6 milliardar i direkte støtte til bygging av skip og båtar for den tredje verda. I tillegg kom 1,5 milliardar i rentestøtte til dei landa som kjøpte båtane. GIEK på si side garanterte at skipsverfta skulle få betalt for båtane.

Alle pengane gjekk tapte, og støtta til skipsverfta vart langt høgre per årsverk enn kostnadene ved å løna kvar arbeidar som bygde båtane. Kvart år skipseksportkampanjen verka, nytta staten 0,66 prosent av BNP på skipsbygging for den tredje verda.

Frustrert finansråd

Ja, Skipseksportkampanjen vart avvikla i 1978, i namnet, men ikkje i gagnet. Medan dei verfta som hadde makta omstilling til leveransar til Nordsjøen, gjekk for full spikar, stilte fagforeiningane og eigarane av resten av skipsindustrien seg på ny i kø utanfor regjeringskvartalet.

Her lyt vi sitera frå eit notat historieprofessor Einar Lie fann i arbeidet sitt med Finansdepartementets historie. Notatet frå 1979 er skrive av finansråd Eivind Erichsen og stila til Per Kleppe. Denne gongen var det to trålarar som skulle byggjast i Haugesund og sendast til Ghana. Vi kan trygt gå ut frå at Noreg ikkje fekk betalt denne gongen heller.

Notatet

Vi siterer det heile, for det seier noko grunnleggjande om direkte støtte til verksemder og aktiv næringspolitikk. Vi skal òg hugsa at Per Kleppe på det tidspunktet hadde innført ein løns- og prisstopp, som vart mislukka, som slike tiltak plar verta:

«På løpende bånd vedtar Regjeringen skipsverftsaker som:

– tilsammen går opp i kjempebeløp og hvor utgiftene per sysselsatt er meningsløse

– strider mot regjeringens egen industripolitiske linje

– truer hele det generelle opplegget både økonomisk, statsfinansielt og mht. behovet for strukturendringer og produktivitetsvekst

Det må være tillatt – for rådet i Finansdepartementet – å si at det er bedrøvelig å sitte og se på alt sammen, og nå har det virkelig pågått lenge!»

Sløseriet

Så ramsar Lie opp ei lang, men på ingen måte uttømmande liste over slikt som regjeringa hadde valt å støtta gjennom åra. Uhorvelege mengder pengar vart kasta vekk, og inflasjonen steig og steig.

Då skal vi avslutta den historiske sveipen. I 1992 kom skattereforma som sette ned det generelle skattetrykket for næringslivet, i kombinasjon med ei tetting av dei fleste smotthola. Samstundes vart rentefrådraget redusert sterkt, slik at dei ikkje lenger vart så lønsamt for dei som tente best, å taka opp store lån. I 1994 vart Noreg medlem av EØS, som i praksis medførte eit forbod mot ein aktiv næringspolitikk og selektiv næringsstøtte for andre enn bøndene og fiskarane. Gro ville at alle verksemder skulle konkurrera på like vilkår.

«Man tok ikke fullt ut det samme ansvar (som i verksemder som ikkje fekk statsstøtte, red. merk.) i ledelsen og arbeidet ved bedriften nettopp fordi man regnet med staten dersom problemer skulle oppstå», skreiv Gro i sjølvbiografien. «Vi kunne ikke lenger føre industripolitikk på et slik grunnlag.» Gro fjerna spora etter Kleppe. Erichsen, som var finansråd frå 1958 til 1986, døydde i 2005. Han var nok meir nøgd då enn i 1979.

Smottholet

No er mykje av den aktive næringspolitikken og selektive støtta attende. EU har laga eit stort smotthol i forbodet mot næringsstøtte, og det er for alt som meir eller mindre kan relaterast til klima. Denne gongen går næringsstøtta rett nok ikkje berre til norske eigarar, men i stadig stigande grad til utlendingar. Men då som no, må vi rekna med, vil slik støtte, om ho kjem i tillegg til dei vanlege utgiftene, føra til inflasjon og auka etterspurnad etter knapp arbeidskraft.

Vi kjenner soga: Fyrst fekk vi elsertifikata, som igjen førte til vindkraftutbygginga på land og så i sin tur til kablane til Tyskland og Storbritannia. På vegen var vi innom månelandinga på Mongstad som førte til at staten tapte 14 milliardar. Denne satsinga kopierte regjeringa Solberg gjennom Langskip-prosjektet, som er ein freistnad på å fanga og lagra halvparten av utsleppa frå Norcem-fabrikken i Telemark og som kjem til å kosta minst 25 milliardar for staten – og det i ei tid då både bygg og anlegg og norsk industri rapporterer om stor mangel på arbeidskraft.

Lita interesse

Men eitt er spørsmålet om kor lurt det er å nytta mange milliardar på ekstraprosjekt i ei inflasjonstid, noko anna er spørsmålet om kven som tener på alt dette nye som både regjeringa Solberg og regjeringa Støre varsla og vaslar støtte til. Det spørsmålet har få mediehus synt stor interesse for.

Vi kan nytta den planlagde batterifabrikken til Freyr som skal nytta 1,3 TWh og liggja i Mo Industripark i Nordland, som døme. Der har regjeringa lova å gje 4 milliardar kroner til ny industrisatsing innanfor det grøne feltet. Dei fire milliardane er ein del av ein ny pakke på 60 milliardar som regjeringa har lova å nytta fram mot 2025. Satsinga kjem i tillegg til den andre næringsstøtta som alt er vedteken, som til dømes Langskip.

Ekstrapengar!

Mykje av satsinga kjem elles utanfor dei ordinære statsbudsjetta. Rein eigenkapital vert finansiert under den såkalla streken. Når staten satsar kapital i ei verksemd, vert det definert som finansiell sparing. Staten tek opp lån i til dømes obligasjonsmarknaden og betaler attende desse låna med det som vonleg vert avkasting på investeringa. Vert det ikkje avkasting, er pengane tapte.

Stiller staten opp med lånegaranti, må det setjast av pengar til potensielle tap i det ordinære statsbudsjettet, men kor store desse avsettingane skal vera, er det mykje opp til den ansvarlege statsråden å avgjera. Pengane vi har garantert for SAS, er til dømes tapte. I alle høve må tapt eigenkapital og tap på lånegarantiar finansierast av framtida.

Alt i alt kjem det truleg til å verta nytta pengar i hundre milliardar-klassa til ulike klimatiltak og aktiv næringsstøtte i denne regjeringsperioden. Nokon konkret sum finst rett nok ikkje. Finansdepartementet har så langt sagt at dei ikkje kan gje eit samla overslag over ulike tiltak og kostnader for private og offentlege aktørar i samband med den grøne vendinga. Det finst heller ikkje overslag over kva inflasjonseffekt den grøne vendinga med påfylgjande aktiv næringspolitikk fører med seg.

Smedvig

Freyr er i hovudsak amerikanskeigd. Freyr-satsinga minner litt om ei anna grøn satsing i regi av ein britisk familie med norske røter, familien Smedvig. Den satsinga har vi omtalt før her i Dag og Tid, så før Freyr ein liten repetisjon:

«Anna Margaret Smedvig økte verdiene til familieselskapet med syv milliarder i fjor», stod det i Dagens Næringsliv den 30 juni i år. Anna Margaret Smedvig bur i London og er ansvarleg for investeringane familien gjer. Smedvig byrja som eit selskap i Stavanger-regionen og var lenge eigd av familien.

No er pengane i ein trust eller ei stifting i skatteparadiset Jersey. Slike stiftingar kan ikkje vera på ei personleg hand, men personane som skipar ei stifting og etterkomarane, kan stå som nyttiggjerarar av pengane ei slik stifting generer, pengar som i hovudsak ikkje møter kapitalskatt.

Grønfjellet

Grunnen til at stiftinga og Anna Margaret Smedvig, som har budd i London frå barnsbein av, gjorde det så godt i fjor, var salet av datalagringsverksemda Green Mountain, som ligg i tidlegare Rennesøy kommune, men som no er ein del av Stavanger.

Green Mountain har stått i spissen for lobbykampen for å få redusert den statlege elavgifta til under eitt øre, selskapet betaler heller ikkje lenger eigedomsskatt på maskinparken, og dei har i regi av Lyse fått datakablar til England. Selskapet vart etablert i 2009, i tidlegare fjellagringshallar for Nato, hallar som Rennesøy kommune kjøpte på forkjøpsrett, og som dei så gav Green Mountain ein langsiktig leigeavtale på.

Ti gonger

Kor mykje har stiftinga til familien Smedvig tent på all denne tilrettelegginga frå kommunalt og statleg hald og gjennom til dømes fastpriskontaktar på straum? «Har gjort 10-gangeren i datsasenter», var tittelen i Finansavisen den 20. juli i fjor. Ingressen var òg tydeleg: «Smedvig-familien har investert 580 millioner kroner i Green Mountain. Nå selges datasenterselskapet til israelske Azrieli Group med gigantgevinst.» Israelarane gav 7,6 milliardar kroner.

I praksis har det ikkje vore noko overskot for staten å skattleggja under oppbygginga av datasenteret sidan det stort sett gjekk med underskot før det vart selt. Kor myke skatt dei nye eigarane frå Israel kjem til å betala, er sjølvsagt ukjent.

Mo i Rana

No ynskjer staten altså å byggja opp ein liknande suksess i Mo i Rana og har lova 4 milliardar i lånegarantiar og direkte kapitalstøtte til Freyr. Det som er særmerkt med Nordland, er at fylket er ei øy av billig straum på eit kontinent som vantar straum. Særleg billig er straumen av di Nordland fylkeskommune og Statkraft ved Svartisen har bygd eit av verdas største vasskraftverk.

Denne krafta vil mange no ha tak i. Aker og Kjell Inge Røkke har til dømes fått ein nokså klar lovnad om tilgang til ei enorm statleg tomt i Narvik som LKAB ville kjøpa til marknadspris, men som staten no sel til kommunen for mindre enn LKAB vil betala.

Denne tomta vil så kommunen leiga ut til Aker, som seier at dei skal satsa minst 50 milliardar i Narvik – på mellom anna batteri- og hydrogenproduksjon som også ligg an til å få statsstøtte. På toppen av det heile ligg det an til at Melkøya utanfor Hammerfest skal elektrifiserast, med mellom anna straum frå Svartisen.

Kraftoverskot

Ja, Nord-Noreg har kraftoverskot. Men vert alle planane som investorar seier dei skal gjennomføra, ein realitet, må det byggjast mykje ny vindkraft og strekkast massivt med nett i åra framover. Då vert det fort meir aktiv statleg næringspolitikk for å berga dei private investeringane. Nordland er elles det fylket i Noreg som vantar flest ingeniørar. Ingeniørane som skal arbeida på den planlagde batterifabrikken til Freyr, må difor importerast, skal vi tru NRK.

Så kan vi fortelja om eigarane av Freyr: Dei to største er Sylebra Capital Ltd som held til i Hong Kong, og Koch Industries, Inc. som held til i Kansas i USA. Koch er investeringsselskapet til det som var kjent som Koch-brørne. Selskapet er det neste største ikkje-børsnoterte selskapet i USA, med ei omsetning på 119 milliardar dollar i 2019. Brørne var to, David og Charles, men David døydde i 2019. Koch-selskapet byrja som eit oljeraffineringsselskap og har heile tida vore store innanfor fossilindustrien.

Kjendisar

Koch-Brørne var storkjendisar i USA. Dei er kjende for to ting: å draga Det republikanske partiet langt til høgre gjennom å finansiera valkampar og tenkjetankar som står for liberalistiske idear, og for å ha finansiert lobbykampen mot dei som påstår klimaendringane er menneskeskapte.

I 1991 finansierte brørne den fyrste store samlinga av klimaskeptikarar, i regi av Cato Institute, som dei har gjeve massivt med pengar til. George Bush senior stod i spissen for å finansiera forsking på klimaendringar. Der var ikkje sonen. Og der er ikkje lenger republikanarane.

No skal Koch-familien få norsk statsstøtte for å byggja ein grøn batterifabrikk. Aktiv næringspolitikk gjev seg mange utslag, som til dømes inflasjon og overføring av norske kraftpengar til utlendingar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 1991 finansierte Koch-brørne den fyrste store samlinga av klimaskeptikarar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis