JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Skal Tyrkia få erobre enda meir av Syria?

Z’RGAN, SYRIA: Kurdarar i det nordlege Syria fryktar at landet deira blir ofra i ein hestehandel om Nato-medlemskapen til Sverige og Finland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Avstanden er snautt to kilometer frå denne landsbyen like vest for Eufrat til frontlinja og det området Tyrkia har okkupert sidan august 2016.

Foto: Erling Folkvord

11640
20220610
11640
20220610

– Eg er redd Tyrkia og Erdogan seier ja til Sverige og Finland som Nato-medlemmer mot at Nato godtar ei utviding av områda Tyrkia okkuperer i Syria.

Mazlum, som er leiar i Z’rgan militære råd, ordlegg seg slik da han tar imot meg og tolken. Eg er i Nord-Syria for å forstå meir av ein av mange krigar som er usynlege i media i Noreg, og finne ut om ein slik bytehandel kan vere i emning. Korkje Mazlum eller eg trur utlevering av svenske PKK-sympatisørar er Erdogans hovudkrav for å sleppe Sverige og Finland inn i Nato.

Omsett til norske forhold kan vi seie at Mazlum er sjef for Heimevernet. Han lèt seg ikkje forstyrre av duren frå ein drone høgt over oss. Lyden blir borte da han tar oss med ned i eit underjordisk møterom. Dei siste seks åra har Mazlum sett Tyrkia okkupere det eine landområdet etter det andre i det nordlege Syria. Etter den siste invasjonen i 2019 er frontlina berre eit par kilometer frå der vi sit i småbyen Z’rgan.

Kva vil Erdogan?

1. juni talte president Erdogan til parlamentsgruppa si. Ifølgje avisa Yeni Safak sa han: «Vi går inn i ein ny fase for å gjennomføre avgjerda vår om å opprette ei 30 kilometer brei sikker sone langs den sørlege grensa vår. Vi vil reinse Tal Rifaat og Manbij for terroristar, og steg for steg vil vi gjere det same med andre regionar.» Dei to byane ligg vest for Eufrat. «La oss sjå kven som støttar desse legitime skritta frå Tyrkia, og kven som hindrar dei», la han til.

Heimevernssjefen i Z’rgan og andre eg møter i den sona Erdogan enno ikkje har fått på plass, meiner at den tyrkiske presidenten bruker terroristordet for å skjule det han verkeleg er redd for: den nye samfunnsordninga i Nord- og Aust-Syria.

Kurdiske PYD (Det demokratiske einskapspartiet) starta i 2012 eit opprør mot Assad i tre små kurdiske område. I motsetnad til PKK (Kurdistans arbeidarparti), ei kurdisk rørsle som vaks fram i Tyrkia i 1970-åra, vert ikkje PYD sett på som ein terrororganisasjon av EU og USA.

«Sikker sone»

Det som starta som eit spinkelt opprør, har utvikla seg mykje på ti år. I dag styrer den autonome administrasjonen i Nord- og Aust-Syria nær ein tredjedel av landområdet i Syria. PYD er det største partiet i området, og sjølv om PYD vart etablert av kurdarar, er arabarar, kurdarar og dei andre folkegruppene likestilte.

I hovudforsamlinga i FN sa Erdogan i september 2019 at den sikre sona kan gi plass til to millionar syriske flyktningar som er i Tyrkia. Han la til at det kan bli tre millionar om sona blir utvida til 80 kilometer.

For å verne Tyrkia mot dei han kallar terroristar, bygde president Erdogan for nokre år sidan ein fire meter høg mur langsmed den 822 kilometer lange grensa mot Syria. Barberblad-piggtråden på toppen og dei tyrkiske vakttårna hindrar at nokon tar seg over.

Korfor treng Erdogan da ei sikker sone på syrisk side av muren?

Krig for kontroll

For sitt eige heimepublikum har Erdogan dei siste åra lagt meir og meir vekt på kampen for å gjere Tyrkias makt og kontroll større. Han nemner ikkje dette når han møter media og politikarar frå andre statar.

Men heime snakkar han titt og ofte og med stor entusiasme om den nasjonale pakta – Misak-i Millî – som general Mustafa Kemal skreiv i 1920. Kemal grunnla den moderne staten Tyrkia og tok tilnamnet Atatürk – far til alle tyrkarar. Men det store Tyrkia, som er det sentrale punktet i den nasjonale pakta, vart aldri noko av. England og Frankrike sa nei.

I ein tekst som ofte blir kalla «Erdogans manifest», skreiv presidenten sjølv i 2017: «Det er krystallklart: Den første verdskrigen er ikkje over enno. (...) Hovudvilkåret for kampen vår er å ikkje gløyme den nasjonale pakta.»

Krigane Erdogan no fører i Syria og Irak, handlar ikkje om å flytte statsgrenser eller å etablere eit Stor-Tyrkia i territorial forstand, men om innverknad og kontroll – politisk, økonomisk og kulturell kontroll – over desse områda.

Dei fruktbare og oljerike områda i Nord-Syria og Nord-Irak er viktige i denne samanhengen. Viss Erdogan tar den nasjonale pakta på alvor, veit han at ei sikker sone på 30 kilometer berre er eit lite steg på ein lang veg. Byen Mosul i Irak, som er ein del av Atatürks og Erdogans store Tyrkia, ligg meir enn 100 kilometer sør for statsgrensa.

Erdogan sende i 2016 soldatar og tanks for å delta i frigjeringa av storbyen Mosul frå IS. USA sa tvert nei, men tyrkiske styrkar står framleis i Bashiqa-basen litt utanfor byen – nær grensa til dei autonome områda administrert av PYD. Ingen fryktar i dag ein tyrkisk invasjon av Mosul, men Erdogans krig i Nord-Irak og agitasjonen om pakta legg eit politisk press på regjeringa i den kurdiske regionen i Irak.

Både Erdogans hatske argumentasjon da USA stengde han ute frå Mosul, og orda hans i FN tre år seinare, kan tyde på at han har større mål enn dei 30 kilometrane i Syria.

Åtak kvar dag

Ni månader har gått sia sist eg var i Z’rgan. Da hadde tyrkiske granatar nettopp drepe to menneske i eit bustadområde. 12–13 andre måtte til sjukehus.

– Erdogan utnyttar no at dei vestlege media berre bryr seg om krigen i Ukraina, seier Mazlum.

– Dei stadig meir intense åtaka i distriktet vårt, anten det er med fly, dronar, bombekastarar eller tungt artilleri, har drepe 15 sivile i løpet av det siste året. Sju av dei var born.

Han seier likevel at åtaka ikkje er innretta slik at dei tar svært mange liv. Om Erdogan hadde ønskt det, kunne talet på døde ha vort mange gonger høgare.

– Dette handlar mest om å skape frykt, slik at folk flyktar, seier Mazlum. Dei fleste reiser til familie eller flyktningleirar andre stader i den sjølvstyrte landsdelen. Nokre reiser til Irak og nokså få til Europa. Talet på folketomme landsbyar aukar kvar månad.

– Dermed kan okkupasjonsmakta lettare rykke fram, legg han til.

Landsbyen Til Ward

Motvillig går heimevernssjefen med på at eg og tolken får reise ut til landsbyen Til Ward, som vart bomba for ti dagar sidan. Avstanden til frontlinja er ikkje lang.

– Men berre de to og eg. Og berre eit kort besøk i nøytral bil, understrekar han.

Ikkje eit menneske er å sjå i Til Ward. Knasinga av knust betong under føtene våre er einaste lyden. Berre to bygningar er øydelagde: skulen og eit administrasjonsbygg der helsepersonell og andre kommunalt tilsette arbeidde. Dei berga livet, men alle spor etter kommunal tenesteyting ligg under ruinane.

Skolen i Til Ward er ikkje langt unna. Skolebygninga står der, men når eg går nærmare, ser eg øydeleggingane. Kan hende det er mogleg å reparere, men det vil krevje langvarig arbeid, byggemateriale og fredelege forhold. Einaste lyspunktet er at bustadhusa er like heile. Kanskje dei som flykta, kan flytte heim igjen?

På TV neste dag ser vi at det ikkje blir slik. Eit nytt tyrkisk åtak øydela bustadhusa etter at vi var der. Til Ward er ikkje lenger ein landsby. Det er namnet på ein plass der nokre titals familiar levde og dyrka jorda si fram til 10. mai 2022.

Flyktning frå Tell Abyad

Dagen etter reiser vi vidare til Raqqa. På gata i den delvis gjenoppbygde storbyen møter vi Ahmad, ein flyktning frå grensebyen Tell Abyad. Han ber oss med inn på te og fortel at han i mange år livnærte seg og familien med å kjøpe og selje bilar. Dei levde i den delte byen fram til oktober 2019: Ein bydel ligg i Syria og den andre i Tyrkia. Byen har namn på arabisk, kurdisk, tyrkisk, armensk og assyrisk.

Fleirtalet i Tell Abyad er arabarar. Bilforhandlar Ahmad seier han lenge levde godt i heimbyen:

– Under Assad-regimet hadde ikkje kurdarar rett til å ha eigedom. I offentlege bygningar kunne vi ikkje snakke kurdisk. Ungane fekk ikkje lære morsmålet sitt på skolen. Assad gav oss ikkje rettane våre. Men viss du fann deg i alt dette, og ikkje opponerte på noko som helst vis, kunne du leve godt under Assad.

Det arabiske beltet

Erdogan er ikkje den første som vil skifte ut befolkninga lengst nord i Syria. Baath-partiet i Syria laga i 1960-åra ein arabiseringsplan i 12 punkt. Hafez al-Assad, far til Bashar al-Assad som er president i dag, starta gjennomføringa i 1973. Kurdarar skulle vekk. Arabarar frå andre delar av Syria skulle overta jorda. 41 modellgardsbruk skulle bli eit arabisk belte langs grensa mot Tyrkia. Assad lukkast berre delvis. I 1976 gav han opp folkeflyttinga, men han gjennomførte dei språklege og kulturelle delane av planen.

– Det som hender no, er verre, seier Ahmad.

– Erdogan jagar familiar vekk frå hus og heim. Dei fleste får ikkje med seg meir enn det dei kan bere, eller kaste inn i ein bil. Nesten alt som betyr noko, blir ståande igjen.

Ahmad hevdar òg at tyrkiske soldatar no kan selje hus og inventar til nyinnflytta flyktningar frå andre landsdelar. Fleire som i 2018 flykta frå Afrin etter den tyrkiske invasjonen der, har fortalt meg at dei mista hus, inventar og tilmed jord på den måten Ahmad skildrar.

IS, Tyrkia og USA

Da Den islamske staten, IS, erobra Tell Abyad i 2014, vart byen krigsviktig. Grenseovergangen vart bindeleddet mellom IS og verdsmarknaden. Dei fleste framandkrigarane som var på veg til IS, reiste inn her. Tankbilane frå oljefelta som IS kontrollerte, køyrde andre vegen. Person- og godstrafikken til og frå IS gjekk greitt med stor velvilje frå tyrkiske grensevakter.

Kurdiske styrkar som med amerikansk luftstøtte hadde nedkjempa IS i Kobanê, frigjorde Tell Abyad i 2015. Da IS var vekk, vart det spenning ved grensa. I 2016 kom amerikanske soldatar til byen. Dei heiste det amerikanske flagget på fleire offentlege bygningar. Forsvarsdepartementet i USA kunngjorde at dette skulle stanse tyrkisk trakassering og skyting mot byen. Nokre soldatar vart verande. Eit tyrkisk åtak ville bli ein krig mot USA.

Tre år seinare snudde USA. Ifølgje Fox News måndag 7. oktober 2019 hadde Det kvite huset kvelden før kunngjort at «Tyrkia snart vil gå vidare med ein planlagd militæroperasjon i det nordaustlege Syria», ettersom amerikanske troppar alt hadde begynt å trekke seg tilbake frå stillingane sine.

Den tyrkiske bombinga starta 9. oktober. Fire dagar seinare kunngjorde Tyrkia at dei hadde kontroll i Tell Abyad sentrum. Bilforhandlaren Ahmad vart flyktning 13. oktober 2019.

Redde for represaliar

For meg blir det ni dagar med sterke inntrykk i Nord-Syria. Det er ikkje slik at viss ein har sett ein sundbomba landsby, så har ein sett alle. Kor er guten som leika med den gule teddybjørnen som så vidt stikk fram frå ein haug med knust murstein? Korleis går det med ho som brukte den sundrivne grøne kjolen som ligg igjen på kjøkkengolvet i eit knust hus?

Mange viser oss gjerne kor dei budde før bombinga. Men dei vil vere anonyme. Standardsvaret er nei når eg spør om fotografering: Folk er redde for represaliar viss Tyrkia okkuperer byen.

Sverige og Finland

Og akkurat det kan skje viss Erdogan slepper Sverige og Finland inn i Nato og får dei motytingane han har mest bruk for. Da kan han okkupere og kontrollere meir av Nord-Syria. Og han kan legge til at Nato no utvidar hjelpa i krigen hans mot terroristane.

Knapt nokon andre leiarar i Nato-landa ønskjer alt dette. Mange ønskjer nok å seie tvert nei, slik USA gjorde i Mosul. Men kan det hende at dei undervurderer Erdogan? Viss han ikkje bøyer av, kan han starte ein prosess der han trampar på statsgrensene som har delt Midtausten sidan Lausanne-konferansen i 1923. Eller som den tyrkiske presidenten sjølv skreiv i 2017: «Den første verdskrigen er ikkje over enno.»

Erling Folkvord

Erling Folkvord er landsstyremedlem i Solidaritet med Kurdistan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mange viser oss gjerne kor dei budde før bombinga. Men dei vil vere anonyme.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Jan H. Landro

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
JoelSelvakumar

Einsidig om seinfølger

Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar

Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.

Foto: Paula Winkler

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»

Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.

Foto: Svein Gjerdåker

LandbrukSamfunn
Svein Gjerdåker

Dag og Tid-kua Ameline er daud

Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis