JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Russiske sjamanar mot ukrainske amulettar

I Kharkiv-regionen har ukrainske troppar pressa den russiske hæren attende nesten til den russiske grensa. Russisk artilleri kan ikkje lenger bombardere sentrale Kharkiv, ein by med ein million innbyggjarar, men kan framleis bombe forstadene og dei fjernaste nordlege distrikta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bygningar i eit bustadområde og forbipasserande spegla i eit butikkvindauge øydelagt av russiske klasebomber 23. mai 2022.

Foto: Ivan Alvarado / Reuters / NTB

11684
20220527

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Dei som bur i Kharkiv, har byrja gå ut oftare, sjølv om det dei ser, øydelagde hus og utbrende bilar, knapt kan gle noko blikk. Men dei kommunale tenestene freistar få ting i orden att, og dei har til og med lova at metroen skal setjast i drift på nytt i nær framtid. Det har han ikkje vore sidan krigen tok til.

Rett nok er det tusenvis av menneske som framleis bur på metroplattformene, der dei har søkt ly for russiske bomber og rakettar heile denne tida. Dei har alt fått tilbod om bustad med alt som trengst, men inntil vidare har dei det ikkje travelt med å dukke opp til overflata. Nokre er livredde for opne plassar. Etter dei første dagane med kampanjar for å få dei til å flytte har berre 33 gått med på å forlate metrostasjonane.

Før ein kan late toga gå gjennom tunnelane, vert fleire titals friviljuge sende ned i dei med lommelykter. Medan krigen har rasa, har mange kattar og hundar kome vekk frå eigarane, som gøymde seg på plattformene med kjæledyra sine. Alle desse dyra bør bli funne og på eit eller anna vis gjeve attende til eigarane, eller i alle fall sleppte ut av metrosystemet.

No kan ein sjå mange katter i band, slik at dei ikkje stikk av og tullar seg bort i dei underjordiske tunnelane. På gatene i Kharkiv kan lyden av trikken høyrast att. Når ein berre har høyrt lyden av luftvernsirener, eksplosjonar og skot i lang tid, kan den plutselege klemtinga frå trikken mot ein stille bakgrunn gje forbipasserande inntrykk av at dei er i paradis.

Ja, himmel og helvete har fått konkret form i ukrainske sinn dei tre siste månadene. No er helvete Mariupol, Butsja, Hostomel, Vorzel og mange andre øydelagde byar og landsbyar. Og paradiset er dei same byane og landsbyane før krigen.

Helvete har ein spesiell plass på kartet og sin eigen hovudstad – Moskva. Den største ulukka for noko land er å ha sams grense med helvete. Det er ei vanleg oppfatning, særleg blant truande.

Drivstoff som bensin og diesel har etter kvart blitt som rusmiddel i Ukraina. Nei, det vert ikkje sniffa eller sprøytt inn i ei blodåre. Det vert selt på same viset som stoff: anonymt i eit eige omsetnadssystem. Ein kontaktar ein ukjend, anonym seljar gjennom ein hemmeleg bodbringar, og han sender ei adresse som ein overfører pengar til. Så fortel han kvar han har gøymt ei kanne bensin som ein kan hente.

Det er underforstått at det ikkje skal vere lenger unna enn ein kilometer frå der ein bur. Halvparten av desse seljarane er svindlarar som ikkje sel noko som helst, men bileigarane har ikkje mykje val. Dei freistar fylle opp bilen på alle moglege måtar.

Sal av narkotika gjennom dei same kanalane dukka opp for mange år sidan. Det held fram, men etterspurnaden etter stoff har minska klart. Det kan sjølvsagt tenkjast at stoffbrukarane har blitt flyktningar og leitar etter stoff i andre land.

I det siste har det ofte kome meldingar frå politiet om at dei har arrestert svindlarar som samlar inn pengar til militæret eller for å hjelpe flyktningar. Det er ikkje så mange av desse svindlarane, men all informasjonen om dei gjer verkelege aktivistar og friviljuge nervøse.

Det finst tusenvis av slike friviljuge og aktivistar. Dei prøver å hjelpe hæren eller flyktningar, og dei dreg inn vener og kjende i denne aktiviteten. Dei legg inn aktivitetsrapportar og rekneskapar på Facebook for å syne korleis dei har nytta dei innsamla pengane. Di betre omdøme ein friviljug har, di meir stoler folk på han eller ho, og di meir klarer den friviljuge å få gjort.

Alle vel sitt eige aktivitetsområde. Ein skribent frå Uzjhorod, Andriy Lyubka, samlar inn pengar på Facebook for å skaffe brukte varebilar, som mobile avdelingar ved fronten er avhengige av. Han er svært populær i Ukraina, så når han bad på Facebook om pengar til ein slik bil, fekk han pengar til to i løpet av nokre dagar.

Frå Uzjhorod til Donbas er det nesten 1400 kilometer. Han kjøpte to bilar og køyrde saman med ein kamerat til den austlege frontlina med bilane. Undervegs lærte og skjøna han mykje, og før han no skaffar bilar til militæret, organiserer han reparasjonar og vedlikehald av dei, og kan til dømes skifte dekk.

På vegen attende frå Donbas fekk han skyss med tilfeldige bilar, som ofte vart utsette for stopp og inspeksjonar ved ukrainske kontrollpostar. Dei militære kontrollerte alle som forlét krigssona, for å sjå til at dei ikkje hadde med seg granatar og våpen som farlege suvenirar.

No er Andriy blitt profesjonell biltransportør og reiser i konvoi med fire varebilar som er testa og reparerte. Saman med dei følgjer ein minibuss med humanitær hjelp og medisinar, og kvar bil har to sjåførar, slik at dei kan køyre utan stopp. «Ikkje spør om kvar eg får tak i bensin og diesel», seier Andriy Lyubka smilande. Og straks kjem eg i hug at den mest populære boka hans er krimromanen Carbide, som handlar om livet i ukrainske grenseområde og om smuglarar.

Når bilane er leverte til militæret, set alle seg i ein minibuss som alt er lossa, og dreg heim til Uzjhorod.

Straumen av bilar med humanitær og anna hjelp er jamn og tett. Alle freistar køyre utan stopp for å sleppe å forlate vegen for å kvile. Dessutan er det farleg å køyre ut på sida av vegen – det kan vere miner der.

I somme bilar er det handlaga sokkar og anna som vert gjeve til ukrainske soldatar. Ulike amulettar til det ukrainske militæret kjem òg til fronten. Oftast er det mjuke, handlaga dokker, som faktisk er amulettar. På ukrainsk vert dei kalla oberig.

Irina Ryadsjuk, som er lærar frå Zjytomyr, syr haresoldatar av filler til det ukrainske militæret. Dei er små og veg så godt som ingen ting. Ho er overtydd om at harane hennar vil hjelpe soldatane å halde seg i live.

Da eg reiste til krigssona i 2015 og seinare, såg eg ofte hovudet til små dokker stikke opp av lomma til soldatar. Som regel var det snakk om ei gåve til ein far frå eit barn. Soldatane hadde dei alltid med seg.

No, når eg ser ei anna mjuk lita dokke kikke opp av ryggsekken eller lomma til ein soldat, er eg usikker på kvar ho kjem frå. Kan hende har han fått henne av ei lita dotter for at han alltid skal hugse familien sin. Eller kanskje fekk han henne frå ei ukjend kvinne som valde ein så førkristen måte å verne dei ukrainske soldatane på.

Ja, amulettar er heidenske. Dei forsvann ikkje på noko vis etter at kristendomen vart innført. Dei vart verande, nett som både hekser og «allvitande trollmenn», som vert kalla molfarar i ukrainsk Transkarpatia. Molfarane vert oftast oppsøkte av enkle folk utan altfor mykje utdanning. Difor treng ikkje molfarar å svare på urimeleg vanskelege spørsmål. I alle fall er det ingen som spør dei om politikk. Og styresmaktene vender seg ikkje til dei for å få hjelp.

Kor annleis er det ikkje i Russland, der det ikkje finst molfarar, men mange sjamanar som ikkje berre lyt spå om framtida og svare på vanskelege spørsmål, men òg engasjere seg i politiske og medisinske aktivitetar.

Den mest kjende russiske sjamanen, Aleksandr Gabysjev, er no i Novosibirsk psykiatriske sjukehus. Sidan 2019 har han organisert marsjar frå Sakha til Moskva for å drive Putin ut av Kreml.

Ifølgje Gabysjev er Putin ein demon som naturen ikkje likar. Kvar han enn viser seg, skjer det naturkatastrofar. Berre ein sjaman kan hanskast med ein demon. Gabysjev kallar seg sjamankrigar; han ser det som si oppgåve å atterreise demokrati og harmoni i landet, om mogleg med fredelege middel, men om naudsynt med vald.

Han hadde alt sett i gang dette propagandatiltaket to gonger, og meiningsfellar slutta seg til han. I Burjatia fekk han ein raud Lada av tilhengjarar, men politiet tok snart bilen frå han. Sjølvsagt fekk han ikkje lov til å nå fram til Moskva.

Etter fleire arrestasjonar og medisinsk gransking vart han erklært mentalt sjuk og farleg og gøymd vekk på eit lukka psykiatrisk sjukehus. Eit døme på at straffande psykiatri, som var så vanleg i Sovjetunionen i 1970-åra, dukka opp att i Russland.

Rolla til sjamanar har vakse seg monaleg større dei seinaste åra. I 2019 gjekk det ei historie over heile Russland da sjamanar frå Irkutsk, leidde av den russiske sjefsjamanen, Artur Tsybikov, utførte «eit ritual til styrking av Russland og folket der». I denne seremonien brende dei fem kamelar og ofra dei. Sist gong ein slik seremoni vart gjennomført, var for 400 år sidan.

Etter at sjamanane vart skulda for vald mot dyr, venta folk at det ville bli reist straffesak mot dei. Men sjamanane slapp unna med ei ørlita bot for brot på sanitære standardar – kamelane var tekne med frå ein annan region utan veterinærkontroll.

Den russiske forsvarsministeren Sergej Sjojgu kombinerer, underleg nok, sibirsk sjamanisme og Ukraina. Han vart fødd i republikken Tuva på grensa til Mongolia. Mor hans var av ukrainsk opphav, og i 1960 vart Sjojgu døypt i den ortodokse kyrkja i ukrainsk Luhansk. Difor er det ikkje overraskande at Sjojgu har vore president i Det russiske geografiske samfunnet.

Det var han som fekk Vladimir Putin til å bli så glad i Sibir. Dei siste ti åra har Sjojgu og Putin jamleg floge til Sibir, Bajkal og andre regionar der sjamanisme er svært vanleg.

Det er uvisst om det vart halde hemmelege ritual der for å styrkje den russiske hæren i krigen mot Ukraina. Men det er eit faktum at fleirtalet av sjamanar, inkludert den høgste sjamanen i Russland, Kara-Ool Dupsjun-Ool, støttar president Putin. Og den høgste sjamanen i Russland bur òg i republikken Tuva. I republikken Tuva er det forresten ei gate i heimbyen til Sjojgu, Tsjadan, som er oppkalla etter han. I tillegg er General Sjojgus aveny ei av dei sentrale gatene i Sjagonar, som ligg i same republikken.

Blant dei russiske soldatane som er falne i Ukraina, er det mange frå Burjatia, som er naborepublikk til Tuva og andre autonome sibirske republikkar. Velsigna den lokale sjamanen dei før dei drog i krigen, eller gjekk dei inn i hæren på grunn av fattigdom? Det er vanskeleg å finne eit svar på desse spørsmåla. Truleg utfører sjamanar ritual for å «styrkje den militære sigeren». Så langt kan ein ikkje seie at sjamanistiske ritual har hjelpt dei noko særleg. Amulettdokker har heller ikkje magiske vernande eigenskapar, men dei er materielle og laga med kjærleik. Såleis varmar dei i alle fall sjela til ukrainske soldatar.

Eg veit ikkje kor mange harar læraren frå Zjytomyr, Irina Ryadsjuk, har sendt og vil sende til ukrainske soldatar ved fronten, men resultatet av denne krigen avheng sjølvsagt ikkje av harar og sjamanar. Utfallet av krigen avheng av den militære hjelpa som er gjeven eller lova gjeven av land som er partnarar med Ukraina. Å døme etter det faktum at ukrainske troppar enno ikkje er i stand til å setje i gang eit motåtak for å frigjere områda som er okkuperte av Russland, er denne assistansen enno ikkje tilstrekkeleg.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Himmel og helvete har fått konkret form i ukrainske sinn dei tre siste månadene.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis