JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ForsvarSamfunn

Rekrutteringsvanskane i Forsvaret

Forsvarskommisjonen tilrår å auke personellet i Forsvaret med 20 prosent i løpet av relativt kort tid. Men Forsvaret slit alt i dag med å fylle ledige stillingar med kompetansen som trengst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Personellauken som forsvarskommisjonen tilrår, inneber at om lag 4000 fleire enn i dag bør velje ein karriere i Forsvaret framover. Biletet er frå Forsvarets fellesopptak til Sjøforsvarets befalsskular og krigsskule.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

10729
20230602

Bakgrunn

Forsvarskommisjonen

Har vurdert kva tryggings- og forsvarspolitiske vegval og prioriteringar Noreg bør ta for å vareta norsk tryggleik dei neste 10–20 åra

La fram ein rapport i byrjinga av mai

Tilrår 30 milliardar kroner meir årleg inn på forsvarsbudsjettet med det same og endå 40 milliardar kroner meir årleg dei neste ti åra, betre styring og leiing av forsvarssektoren, ei oppdatering av tryggings- og forsvarspolitiske mål og oppgåver, og ein auke av personalet i Forsvaret med om lag 20 prosent på relativt kort tid.

Forsvar

eva@dagogtid.no

Forsvarskommisjonen som la fram ein rapport for nokre veker sidan, teikna eit nedslåande bilete av den norske forsvarsevna og tilrår både ei kraftig styrking av og store endringar i forsvarssektoren.

Kort fortalt trengst det ifølgje kommisjonen meir pengar: 30 milliardar kroner meir årleg inn på forsvarsbudsjettet med det same og endå 40 milliardar kroner meir årleg dei neste ti åra, altså 70 milliardar kroner årleg over ti år, er tilrådinga. I tillegg trengst det både ein auke, ei fornying og ei modernisering av materiell og eigedom, bygg og anlegg. Og det trengst meir folk i Forsvaret. Talet på soldatar som Noreg kan stille med ved krise og krig i dag, er ifølgje kommisjonen «langt under nivået som sikkerhetssituasjonen tilsier».

70.000 personar

I dag har Forsvaret nær 18.000 tilsette og ein samla styrkestruktur på rundt 70.000 personar – Heimevernet inkludert – om det skulle vere behov for full mobilisering. Forsvarskommisjonen tilrår ein auke på 20 prosent, og det i løpet av relativt kort tid. Det vil innebere innkalling av om lag 2000 fleire vernepliktige enn dei 9840 personane som skal gjennomføre fyrstegongsteneste i år. Det vil òg innebere at om lag 4000 fleire vel ein karriere i Forsvaret og vert verande der, og at det trengst rundt 8000 fleire reservistar, altså personar som er tenestepliktige, men som jobbar utanfor Forsvaret i fredstid.

Sett i lys av den samla styrkestrukturen under den kalde krigen er ikkje ein auke på 20 prosent særleg mykje. På 1970- og 1980-talet hadde Forsvaret mellom 30.000 og 40.000 i teneste til dagleg, medrekna vernepliktige i fyrstegongstenesta, og den samla styrkestrukturen var på opp mot 350.000 personar. Det skriv forskarane Ola Bogen og Magnus Håkenstad i boka Balansegang. Forsvarets omstilling etter den kalde krigen.

Ut frå utdanningskapasiteten og utdanningsstrukturen i Forsvaret i dag kan ein auke på 20 prosent derimot vere svært mykje. Stein Helge Kingsrød, som er major ved Forsvarets høgskule og har forska på reformeringa av personellsystema i Forsvaret, meiner auken som Forsvarskommisjonen argumenterer for, kjem til å vere krevjande å få til – i alle fall på relativt kort tid.

– Det kan nesten jamførast med den formidable oppgåva med å atterreise Noregs forsvar etter krigen, seier han.

Mugg og mus

Under atterreisinga på 1950-talet var det 12 til 18 månaders fyrstegongsteneste for alle menn, og langt fleire gjennomførte fyrstegongsteneste enn no. Magnus Håkenstad, som er forskar ved Institutt for forsvarsstudium, seier at desse deretter vart plasserte i reservestyrkane, som skulle mobiliserast i tilfelle krig.

I dag vert berre eit mindretal kvinner og menn kalla inn til teneste, og rundt 85 prosent av kvart årskull er utan noka tilknyting til Forsvaret, ifølgje forsvarskommisjonen.

Sosialantropolog og seniorforskar Nina Hellum ved Forsvarets forskingsinstitutt har studert norske soldatars forsvarsvilje og trur ikkje det vert vanskeleg å få fleire til å søkje fyrstegongsteneste. Ho seier at tenesta er populær, og at mange vil inn. Derimot ser ho store manglar i infrastrukturen rundt. Det kan medverke til at dei som kjem inn, ikkje nødvendigvis kjenner seg godt nok tekne vare på.

– Forsvaret har jo bygd ned og selt unna bygningsmasse sidan 1990-talet. Det finst mykje som er bra enno, men det finst også ein del som ikkje er bra. No har eg nett vore på feltarbeid og sove på ein kaserne med mugg i taket og mus i kjellaren. Dersom det er eit ønske at fyrstegongstenesta skal fungere som ein brønn for vidare utdanning i Forsvaret, må ein ta betre vare på folk. Dei må kjenne seg verdfulle som soldatar, og det gjer dei ikkje alle stader i dag, seier ho.

Ho understrekar at infrastrukturen må på plass dersom Forsvaret skal kunne auke talet på soldatar, og at sjølv det som fungerer i dag, kjem til å slutte å fungere med fleire soldatar, med mindre ressursane til infrastruktur rundt aukar.

Manglar erfarne befal

Manglar i infrastrukturen og apparatet rundt dei som kjem inn i Forsvaret, er også det Kingsrød held fram som den største utfordringa for å kunne realisere ein personellauke på 20 prosent. Og kapasitet i bygg og anlegg er berre ein liten del av biletet.

Det trengst også fleire til å utdanne, trene og leie dei vernepliktige, som igjen krev ein auke i befalsutdanningane for dei yngste befalskategoriane. Og ein auke i befalsutdanninga krev igjen fleire tilsette som kan drive befalsopplæring, seier Kingsrød.

Og det er her det byrjar å verte utfordrande, ifølgje forskaren: Instruktørane til befals- og offisersutdanningar bør fortrinnsvis vere relativt erfarne jamført med dei som dei skal utdanne. Samstundes er det alt i dag stor mangel på så erfarne befal i Forsvaret – og ingen quick fix å auke tilgangen.

– Det tek mellom 15 og 20 år å utvikle den erfaringa desse befala har, seier han.

Mangelen på erfarne befal i dag heng såleis saman med inntaket av befalselevar tidleg på 2000-talet, då utdanningsvoluma vart skorne ned for å tilpassast eit forsvar som då skulle verte mindre. I langtidsplanen for Forsvaret frå 2001 vart det vedteke å kutte 5000 årsverk innan 2005. Men mangelen har ifølgje Kingsrød også vorte eskalert av personell- og utdanningsreformer i nyare tid.

– Med utdanningsreforma i Forsvaret frå 2018 skulle det kuttast 560 millionar kroner årleg, og mykje av innsparinga vart gjord ved å redusere i utdanninga av befal, seier han og syner til at den tidlegare toårige befalsskulen som tok inn folk rett etter vidaregåande skule, vart kutta og erstatta med eit kortare befalskurs for personell som alt var i Forsvaret.

I tillegg vart både kapasiteten på befalsutdanninga redusert og eit høgt tal stillingsheimlar til utdanninga fjerna.

– Talet på studentar per fagleg tilsett auka dermed også, og i dag rekk vi ikkje å følgje opp studentane slik vi gjorde før. Høvet til å ta inn vesentleg fleire befalselevar og kadettar er dermed også redusert. Og sjølv om vi får tilført fleire stillingsheimlar i skulane, trengst det altså folk til å fylle desse. Det er stor uro knytt til om vi finn dei, seier Kingsrød.

Reformer utan resultat

At situasjonen er kritisk alt i dag, understrekar også Rune Rudberg, som er leiar av fagforeininga Befalets fellesorganisasjon. Og han seier det er mangel på personell overalt i Forsvaret.

– Eg får tilbakemeldingar kvar einaste veke om at vi fyller stillingar med personar som verken har den utdanninga eller erfaringa dei skal ha, og det kjem igjen av at vi har for få folk. Kapasiteten er teken ned for mykje, seier han.

Ein annan av reformene som ifølgje både Rudberg og Kingsrød har medverka til mangelsituasjonen i dag, er den nye personellordninga for militært tilsette i Forsvaret som Stortinget vedtok i 2015. Med den såkalla militærordninga vart det tidlegare einskaplege karriere- og utdanningssystemet i Forsvaret delt i to: éin veg for offiserane – generalistane – med krigsskuleutdanning eller akademisk utdanning og kvalifiseringskurs, og ein annan veg for spesialistane – fagpersonellet – med befalsutdanning eller realkompetanse.

– Føremålet med ordninga var å gjere det meir attraktivt å vere spesialist og å syte for at spesialistane stod lenger i stillingane. Men det har ikkje slått til, seier Kingsrød og syner til at sluttraten for yngre, både befal og offiserar, har vore urovekkjande stor dei siste åra.

Han seier den todelte modellen i tillegg krev meir personell.

– Det at alle før hadde den same breie grunnkompetansen, gjorde det mogleg å utnytte personellet meir fleksibelt. Om ein spesialist ville ta på seg leiaransvar, var det ikkje strukturelle sperrer for det, slik det er no. Slik eg ser det, var denne reforma meir driven av å prøve å etterlikne systema i land som USA og Storbritannia enn av ei rett forståing av eigne personellutfordringar. For at ein slik modell skal fungere, trengst det langt meir folk enn kva det norske Forsvaret har, så dette er ikkje gunstig når vi slit med bemanninga, seier han.

Snarvegar

Og forsvarskommisjonen konkluderer med at dei omfattande reformene innan personell og utdanning i Forsvaret det siste tiåret ikkje har levd opp til føremåla. Ifølgje kommisjonen har utdanningsreforma frå 2018 til og med bidrege til å forsterke problema med å halde på tilsette, få fleire erfarne til å lære opp dei unge og å betre kvaliteten på utdanninga.

Er det då likevel mogleg å sjå føre seg ein personellauke på 20 prosent i løpet av kort tid, slik kommisjonen tilrår?

Magnus Håkenstad ser ingen grunn til at det ikkje skal kunne gå når det gjeld vernepliktige, men seier det kjem til å ta tid å styrkje befals- og offisersutdanninga. Han trur at fleire av dei som har forlate Forsvaret, har gjort det fordi dei har mista trua på opplegget etter åra med effektivisering og stadig nye reformer som tærar på motivasjonen.

– Ein del kjem kanskje tilbake dersom forsvarskommisjonen får gjennomslag for tilrådingane sine, seier han.

Rudberg trur òg det kan gå å rekruttere tilbake tidlegare offiserar og befal om løns- og rammevilkåra for å jobbe i Forsvaret vert betra.

Kingsrød er på si side ikkje like overtydd.

– Eg trur det vert vanskeleg å auke raskt, nett fordi tidlegare strukturelle val har gjeve effektar som ikkje utan vidare kan reverserast. Det kan nok gå seg til på sikt, men for å auke raskt kan vi måtte ta nokre snarvegar, seier han.

Han skisserer alternativ som å korte ned på lengda av utdanningane og erstatte personellkrevjande praktisk utdanning med mindre personellintensiv teoretisk utdanning. Eit tredje alternativ er å prøve å hanke inn folk med sivile utdanningar og gje dei kortare offisersutdanningskurs, som vil gje ei mindre rein profesjonsutdanning.

– Men mange av oss er uroa over kva kvalitet vi då får. Ein vert ikkje sjukepleiar etter tre år på krigsskulen og eitt år på sjukepleiarskulen, seier han, og legg til:

– Ein ting er i alle fall sikkert: Det er mykje lettare å byggje ned enn å byggje opp.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis