Radioaktivt utslepp i finnmark
I januar vart det oppdaga radioaktivitet ved ein målestasjon i Finnmark. Mellom 9. og 16. januar vart det registrert radioaktivt jod-131 ved målestasjonen Svanhovd i Pasvikdalen, berre ein kilometer frå den russiske grensa. Målinga vart sendt il Eurdep, som er EU-kommisjonens system for innrapportering av stråling, melder Nationen.
Det tok ikkje lang tid før liknande målingar vart gjorde i Finland, Polen, Tsjekkia, Tyskland, Frankrike og Spania. Etter den første målinga fekk fleire målestasjonar nye utslag.
Seksjonssjef for beredskap i Statens strålevern, Astrid Liland, meiner det kan stamma frå eit anlegg som produserer radioaktive lækjemiddel. Ho viser at på grunn av dårleg vêr og skiftande vind er det vanskeleg å finna ut kvar det kjem frå, men data tyder på at det kjem frå ein stad i Aust-Europa.
Jod-131 vert brukt i stråleterapi og er eit avfallsprodukt frå atomreaktorar og kjernefysiske våpen. Det har ei halveringstid på åtte dagar, og det finst ikkje i naturen. Det forsvinn snøgt, men kan gjera stor skade, melder NRK.
ottar@dagogtid.no
I januar vart det oppdaga radioaktivitet ved ein målestasjon i Finnmark. Mellom 9. og 16. januar vart det registrert radioaktivt jod-131 ved målestasjonen Svanhovd i Pasvikdalen, berre ein kilometer frå den russiske grensa. Målinga vart sendt il Eurdep, som er EU-kommisjonens system for innrapportering av stråling, melder Nationen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.