Biodrivstoff
er ikkje svaret
Biodrivstoff skulle vera svaret på klimaproblema. I staden gjorde det klimaproblema verre.
Skogsarbeidarar høgg ned regnskog og ryddar rom for nye palmeoljeplantasjar ved Bukit Tiga Puluh, Riau på Sumatra i Indonesia. Palmeoljen skal hjelpa Noreg på veg mot berekraft med biodrivstoff.
Foto: ACHMAD IBRAHIM/NTB scanpix

I si tid var den fremste forkjemparen for biodrivstoff klimaalarmisten Al Gore. Det er lenge sidan han snudde. I 2011 vedgjekk han at det var «eit mistak» å nytta dyrka mark til å laga drivstoff. Kvifor støtta han det likevel? Han «var litt glad i bøndene i Iowa», som var heilt avgjerande for at han skulle vinna nominasjonskampen i 2000. Men som han òg seier det: «Når eit slikt subsidieregime fyrst er sett i gang, held lobbyistane og interessegruppene det gåande.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.