JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Positive meldingar frå bilsfæren

Dette er eit motstykke til klager over dårleg digital samhandling mellom offentlege etatar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den gamle bilen var utan teikn til ytre skadar, men dødsdømd.

Foto: Andreas Hompland

5698
20230428
5698
20230428

hompland@online.no

Det var måndag ettermiddag i den travle og såkalla stille veka. Bilen var fullasta og vel så det, med folk, mat, drikkevarer og bagasje av ymse slag. Skiene stakk langt fram mellom forseta, for det var ein liten og trong bil, på veg til påskeheiene i dalstrøka innafor.

PÅ EIN NY MOTORVEGBIT i 110 gjennom Hoksrud-land kom det ein slags ritsj-lyd, alle varsellamper med skiftenøkkel blinka heftig, motoren slokna og lét seg ikkje vekka. Heldigvis var det ei SOS-lomme å trilla inn i. Eg inspiserte innvendig og utvendig, men konstaterte at det ikkje var noko å gjera. Frå eit bortgøymt hjørne i hjernen kviskra det «registerreim», og då er alt håp ute.

Me ringde «Veihjelp» hos NAF, der eg er medlem. Dei svara straks og peila inn mobilen og bilen, for ettersom dette var på E18, blei det ei hastesak. Etter ein halvtime var eit lokalt bilbergingsfirma på plass med slepebil og ein servicebil til å regulera trafikken. Bilbergaren drog bilen vår opp på lasteplanet, og der sat me. Han ringde og informerte om at han frakta oss til næraste bilverkstad i Bamble, at han skulle ta seg av all rapportering, og at me burde be verkstaden skaffa leigebil.

DÅ BILEN VAR BUKSERT på plass, kom verksmeisteren og brukte mindre enn eit halvt minutt på å stilla diagnosen: totalt motorhavari på bil godt over konfirmasjonsalderen: kan ikkje reparerast, må kondemnerast.

Eg fekk sitta på med den hjelpsame bilbergaren til Porsgrunn, der ein stor og staseleg utleigebil stod og venta, sjølv om det var etter stengetid. Eg signerte nokre papir, drog kortet og køyrde tilbake til verkstaden. Der hadde dei andre tømt den dødsdømde bilen, så omlastinga gjekk raskt. Me var på vegen att eit par timar forsinka, med dotter som sjåfør, for ho hadde tatt lappen tre dagar før og fått førarkort elektronisk frå Statens vegvesen.

Verkstaden hadde stengt, men det var ikkje noko problem, sa verksmeisteren: Det er berre å legga nøkkelen i sprekken i døra. Eg våga ikkje å tru at det kunne vera så enkelt, så eg ringde opp Myrland auto dagen etter: Eg måtte vel innom, skriva under dødsdommen, få fjerna vraket og gjera opp for meg?

Nei då, sa verksmeisteren, som stadfesta dødsdommen. Han skulle kontakta hoggaren, og alt ville gå som smurt, så eg kunne ha ei roleg påske.

TREDJE PÅSKEDAG fekk eg telefon frå dødshjelparen som hadde vore og henta vraket. Nei, det kosta ingenting, for dei skulle hogga det opp og henta ut og selja det som kunne brukast. Han trong berre to opplysningar: personnummer og kontonummer.

Dagen etter fekk eg e-post frå Statens vegvesen – på nynorsk! Etter å ha fått melding frå Skatteetaten om at køyretøy med kjennemerke BD 44194 var levert til godkjend biloppsamlingsplass for vraking, hadde dei gjort vedtak om endeleg avregistrering.

Neste dag fekk eg e-post frå forsikringsselskapet om at forsikringa var avslutta, og at eg ville få att det eg hadde til gode. Då eg same dag fekk beskjed om at det låg ei melding til meg frå Statens innkrevjingssentral på Altinn.no, tenkte eg at nå kjem den sure svien. Men det var det ikkje: Det stod at 3000 kroner i vrakpant ville koma inn på kontoen min neste dag.

Det var ein utruleg lette då eg dagen etter kunne køyra til Porsgrunn, parkera leigebilen, legga nøkkelen i sprekken i døra og venta på faktura. Og Vy var i rute på tilbaketuren.

BILKALAMITETANE fall på plass på ti dagar, inkludert påske. I bilsfæren gjekk det schmack-schmack mellom interesse- og medlemsorganisasjon, diverse private aktørar i bilbransjen, forsikringsselskap og statlege etatar.

Vanlegvis held eg meg til det journalistiske jungelordet: Det er aldri så gale at det ikkje kan bli ei god historie ut av det. Men denne gongen må det heita: Du trur det ikkje før du har opplevd det.

Me høyrer mykje om grandiost mislykka dataprosjekta i Nav og helsevesenet, men forsking viser at ni av ti offentlege IKT-satsingar klarer seg rimeleg bra. Fremst mellom dei er Statens vegvesen, som ennå ikkje kallar seg «Norvegia» eller eit anna tullenamn.

BILVERKSTADMODELLEN var ei merkevare for Framstegspartiet i Carl I. Hagens glanstid, som førebilde for helsevesenet: Få ein autorisert takst på skaden eller skavanken, ta med voucheren til det sjukehuset eller den aldersheimen du vel på den frie marknaden, og staten betaler.

Det er eit par haker ved parallellen, særleg personvern. Og dersom nokon med slag, infarkt eller livstrugande skadar kjem i ambulanse med blålys, er den medisinske utfordringa å redda liv, ikkje å gjera ein kalkyle om det svarer seg best å kondemnera eller prøva å reparera. Dei pårørande har krav på meir enn at vraket blir overlate til sakkunnige, og så få oska i posten med krav om kremasjonsgebyr.

***

RETTINGAR. I Sideblikk 31. mars blei Anders Lange tillagd replikken: «Når man setter ut ei fjøslykt i sommernatta, er det mye rart som kommer flyvende.» Det er feil. Orda er av bonde og nestformann Eivind Eckbo, som rykte opp som formann då Anders Lange døydde brått. Han sa det etter ei sterk oppleving under ALP-landsmøtet på Nøkling pensjonat i Hjelmeland: «Det kom en far og sønn fra Bærum og stilte i hirduniform. Da tenkte jeg: ‘Herregud!’»

Etter masse hurlumhei, der Carl I. Hagen braut ut og skipa det kortliva «Reformpartiet», blei Arve Lønnum partileiar, før Hagen overtok butikken og dreiv Framstegspartiet som privat eigedom i 30 år. Lønnum var ein seriøs og ryddig mann og fekk laga partiprogram. I det sivile var han overlege og professor i medisin. Det var ein ståande spøk at spesialfeltet hans var «holrom i hjernen».

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis