JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Portvaktar og bråkmakar

Bjørn Olav Knutsen ved FFI ser ikkje mykje å gjere med at Tyrkia hindrar svensk Nato-medlemskap, men meiner likevel saka kan løyse seg i løpet eit halvår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Erdogan prøver å styrkje posisjonen sin. Dess nærare vi kjem valet, dess vanskelegare vert det å få støtte frå Tyrkia, meiner Bjørn Olav Knutsen.

Foto via Reuters / AP

4935
20230127

Samtalen

Bjørn Olav Knutsen

sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)

Aktuell

Tyrkias motstand mot svensk Nato-medlemskap

eva@dagogtid.no

Laurdag tende den dansk-svenske høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan på eit eksemplar av Koranen utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm. Same dag vart eit planlagt møte mellom forsvarsministrane i Tyrkia og Sverige avlyst, og tysdag varsla Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan at Sverige ikkje kan vente tyrkisk støtte til å verte Nato-medlem.

Bjørn Olav Knutsen, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), er ikkje overraska over at Erdogan nyttar høvet til å skape trøbbel for Nato-utvidinga.

– Dette har med spelet hans å gjere, andsynes Russland, USA og resten av Europa. Han har ambisjonar på eigne vegner og vil utnytte situasjonen som stormakt. Han er òg den einaste statsleiaren i Nato som snakkar med Putin for tida. I tillegg er det val i Tyrkia i mai, og Erdogan brukar det som skjer no, til å prøve å styrkje posisjonen sin. Dess nærare vi kjem valet, dess vanskelegare vert det å få støtte frå Tyrkia.

– Men landet har tidlegare lova Sverige og Finland støtte og signert ein eigen avtale med dei. Kva avtalegrunnlag har Erdogan for å setje foten ned no?

– I avtalen står det mellom anna at dei skal etablere ein sams dialog- og samarbeidsmekanisme for alle nivå, inkludert juridisk samarbeid og etterretning, for å styrkje samarbeid om kampen mot terror og organisert kriminalitet og om andre sams utfordringar. Det står òg at dei tre landa forpliktar seg til å motarbeide desinformasjon og hindre at lovene deira vert misbrukte til å fremje terrororganisasjonar gjennom aktivitetar som oppmodar til vald mot Tyrkia. Det er ein avtale det ser ut som Tyrkia har diktert, og han går lagt utanfor det som har med sjølve Nato-traktaten å gjere.

– Kva seier det om Nato at ein medlemsstat kan diktere eigne avtalar og stoppe ein prosess alle andre ønskjer?

– Det er fyrst og fremst eit uttrykk for at Nato er ein konsensusorganisasjon der alle dei 30 medlemsstatane må vere samde.

­– Kva kan Nato-leiinga no gjere andsynes Tyrkia?

– Formelt sett ingenting. Generalsekretæren i Nato og Natos politiske og militære strukturar er jo berre sekretariat for medlemsstatane. Det vi kan sjå føre oss, er at USA legg press på Tyrkia. Eg vil ikkje spekulere i korleis, men det går nok føre seg mykje under overflata her. Samstundes er det òg grenser for kor mykje USA kan gjere, for forholdet mellom USA og Tyrkia har òg vore vanskeleg. Tyrkia kjøpte for nokre år sidan russiske rakettforsvarssystem og vart kasta ut av F35-programmet, til dømes, og Gülen (tyrkisk imam og forfattar som leiar ei rørsle tyrkiske styresmakter meiner stod bak kuppforsøk i 2016, journ. merk.) bur òg i USA.

– Korleis er forholdet mellom USA og Tyrkia i Nato i dag?

– Det vågar eg ikkje seie, men Tyrkia har spelt ei stor rolle når det gjeld å halde fram matvareleveransar over Svartehavet no under Ukraina-krigen, og slike ting gjer at landet også er svært viktig for USA.

– Kor sterkt står Tyrkia i Nato?

– Landet har jo vore medlem sidan den fyrste Nato-utvidinga i 1951 og spelar ei svært sentral geostrategisk rolle – både fordi det er eit stort land, med over 80 millionar innbyggjarar, og fordi det ligg der det gjer, på grensa mot Asia og ved innløpet til Svartehavet. Samstundes har Tyrkia alltid vore ein bråkmakar, i alle fall dei siste åra og knytt til alt som gjeld både EU og samarbeidet i Nato.

– Kva trur du skjer andsynes Sverige og Finland?

– Eg trur begge landa kjem til å verte medlem av Nato. Tyrkia har stadfesta at dei støttar Natos «open dør»-politikk og var samd i at Nato-toppmøtet inviterte Sverige og Finland inn, så dei har støtta finsk og svensk medlemskap. Spørsmålet er kor lenge dei dreg det ut.

– Kva tidsperspektiv ser du føre deg?

– Dei kan framleis verte medlemmer i løpet av fyrste halvår 2023. Om alle andre land har ratifisert søknadene, er det framleis tid etter valet i Tyrkia. Hellas blokkerte lenge Nord-Makedonias medlemskap for nokre år sidan, men landet vart Nato-medlem svært fort når namnespørsmålet med Hellas vart løyst. Så dette har hendt før.

– Kor viktig er det for Nato å få Sverige og Finland med?

– Det vil vere eit stort prestisjenederlag om det ikkje skulle skje, og det er ikkje minst viktig med tanke på tryggingssituasjonen i Europa i dag at ein klarer å få konsensus og syne samhald når det er krig i Europa.

– Ungarn har heller ikkje ratifisert søknadene til Sverige og Finland, berre sagt dei skal gjere det. Kan det verte utfordringar der òg?

– Eg har ikkje sett noko som tyder på det, men det er neppe tilfeldig at dei heller ikkje har ratifisert søknadene. Men det er fyrst og fremst Tyrkia som er problemet her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis