Bergingsaksjon for distrikta
Victor Norman har sett diagnose på Distrikts-Noreg. Vi har 10–20 år på å sprøyte inn nytt blod, meiner han.
Det er ei ønskt utvikling at folk vert eldre, men når dei unge vert færre, får distrikta eit problem.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Samtalen
Victor Norman
Professor emeritus ved Noregs handelshøgskule (NHH) i Bergen
Aktuelt
Norman har leia utvalet bak den offentlege utgreiinga «Det handler om Norge — Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene»

christiane@dagogtid.no
Fredag 4. desember overleverte utvalsleiar Victor Norman, tidlegare statsråd og til vanleg professor ved Noregs handelshøgskule i Bergen, ei utgreiing om konsekvensane av demografiutfordringane i distrikta til distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H). Norman-utvalet set ord på utfordringane og kjem med forslag til løysingar.
– Dei siste dagane har vi høyrt deg seie at distrikta kan verte til ein gamleheim og deretter til ein kyrkjegard. Kan du utdjupe det?
– Problemet er at befolkninga i distrikta i Noreg i gjennomsnitt er blitt så gammal og så lita at ho ikkje er i stand til å reprodusere seg sjølv. Med mindre vi får påfyll av unge, er folketalet dømt til å gå ned. Dette er nytt. Distrikta har tradisjonelt vore ein fødemaskin for byane, og tenkinga har vore at vi har ungdom på jakt etter jobb. Framskrivingar fram til 2040 viser at den perioden er slutt. Fram til 2040 vil det verte ein kraftig vekst i talet på personar over 60, og ein tilsvarande nedgang i personar under 60 år. Befolkninga vil stabilisere seg, fordi folk i den alderen ikkje flyttar ut i særleg grad. Dette er ein situasjon som, i det lange løpet, vil føre til at distrikta vert ein gamleheim og deretter ein kyrkjegard.
– Det har lenge vore kjent at vi vert fleire eldre per person i yrkesaktiv alder. Kvifor har ikkje krisetiltak vorte sette inn for å berge distrikta tidlegare?
– Aldringa skjer i heile landet, men i heile landet får vi befolkningsvekst. I Noreg er vi i stand til å reprodusere oss sjølv, og litt til. I distrikta har vi alt fått ei eldrebølgje; så får vi den generelle eldrebølgja på toppen. Så har mange distriktskommunar klart seg brukbart likevel, fordi ein liten straum flyttar frå sentrum til periferi, og fordi nokså stor innvandring har gjeve distrikta eit pusterom. No er det nesten slutt på innvandringa, og landa i Aust-Europa har same problem som oss… Du spurde kvifor ein ikkje har gjort noko?
– Ja?
– Ein av grunnane er nok at ein ikkje har vore merksam på diagnosen. Vi fører mykje distriktspolitikk, men ein har teke for gjeve at målet er å hindre fråflytting ved å skape arbeidsplassar, og fleire for menn enn for kvinner. Det er ikkje der problemet ligg lenger. Det er ikkje mange på jakt etter jobb som i desperasjon flyttar til Oslo. Vi kan ikkje snakke om god politikk før vi har endra biletet av røynda.
– De brukar store ord. Er det nødvendig for at vi skal få opp auga for situasjonen?
– Ja, eg trur det. Vi seier det er fare for at distrikta vert ein gamleheim. Eg, ikkje utvalet, men eg, seier også kyrkjegard, fordi det er konsekvensen. Vi seier også at «det handlar om Noreg», for dersom distrikta gradvis vert uttynna, misser Noreg særpreget sitt. Det som skil Noreg frå dei fleste andre land, er busetjingsmønsteret. Om vi alle samlar oss i dei største byane, kunne vi like gjerne utvandra til Brooklyn, alle saman. Grunnen til at vi bur i Noreg, er at Noreg er noko anna enn andre land. Det handlar om mykje meir enn å halde liv i bygd og by. Det handlar om å ha eit land med mellomstore og små byar og bygder. Det definerer oss som nordmenn.
– Kan ein vente at ein urban familie med ein bustad som stig i verdi, skal ta sjansen på å flytte til ein bustad i distriktet som fell i verdi, og som gjer det vanskeleg å flytte tilbake til byen om ein skulle ønskje det?
– Det ser eg som hovudutfordringa. Du seier familie; eg seier kvinne.
– Det er vel endå mindre truleg?
– Du har ei ung kvinne som skal kjøpe seg ein bustad, som tar med mann til bygda og som etter kvart får barn. Då vert dei innelåst i ei bygd, der det ikkje finst andre jobbar, der ein ikkje kan kvitte seg med mannen eller huset. Dette er ikkje ein reklamebodskap. Vi må gjere noko med bustadmarknaden i distrikta Det må vere mogleg å etablere seg utan at bustaden er som ein bruktbil. Husbanken må sørgje for eit meir variert tilbod, og vi må få skattefritak på utleige, slik at det er mogleg å prøve seg. Bygdene må vere del av ein så stor arbeidsmarknad at ein ikkje vert låst til éin jobb.
– Kor lang tid har vi på å berge distrikta?
– Eg har, litt laust, sagt 10 til 20 år. Om vi ikkje har kome langt då, så er alderssamansetjinga i ferd med å verte så skremmande gammal at det ikkje vert forlokkande å flytte dit.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Distrikta har tradisjonelt vore ein fødemaskin for byane.
Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.