Nybø og Astrup får kritikk
Kontrollkomiteen på Stortinget rettar kritikk mot dei to tidlegare statsrådane Iselin Nybø (V) og Nikolai Astrup (H) i leiarlønssaka som Dag og Tid har avdekt.
Tidlegare næringsminister Iselin Nybø (V) og tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Nikola Astrup (H).
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Leiarløner
vidar@dagogtid.no
Meir enn åtte månadar etter at Dag og Tid i oktober 2022 avslørte at statsråd Iselin Nybø (V) braut leiarlønssystemet då ho i 2021 tilsette Tone Lunde Bakker som administrerande direktør i Eksportfinansiering Noreg, konkluderte kontrollkomiteen på Stortinget tysdag 6. juni med å rette kritikk mot Nybø og Astrup. Bakker fekk 2,5 millionar i løn, 25 prosent meir enn det som var fastsett som tak i det statlege leiarlønssystemet.
Klart fleirtal
Alle partia i komiteen, så nær som representantane frå Høgre og Venstre, står bak kritikken. Desse partia gjekk også imot at kontrollkomiteen skulle ta opp denne saka.
Fleirtalet i komiteen «stiller seg kritisk til at den dåverande regjeringa nytta ein framgangsmåte som skapar lite openheit og notoritet rundt brot med lønnstaket. Den manglande openheita kan vere med på å svekke tilliten til at leiarlønningar vert fastsette med mål om moderasjon og at staten ikkje skal vere lønnsleiande».
Komiteen viser til innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen 2017–2018 som grunnlag for å rette kritikk mot dei to statsrådane:
«Det er imidlertid viktig at prinsippene for lederlønn i staten er basert på moderasjon, og at staten ikke skal være lønnsledende. Det påhviler regjeringen et ansvar for å følge opp dette og å holde Stortinget orientert om fastsatte prinsipper for lønn og godtgjørelser til ledere i staten følges opp etter forutsetningene.»
– Tydeleg kritikk
– SV tok initiativ til å opne kontrollsak. Vi meiner lønstaket er forankra i Stortinget gjennom mange år med debatt og behandling av forslag om kvar taket skal ligge. Då burde Solberg-regjeringa ha forstått at unntak frå lønstaket burde synleggjerast i regelverket, behandlast på ein open måte og kommuniserast ope, seier Audun Lysbakken, SVs representant i kontrollkomiteen, til Dag og Tid.
– Kontrollkomiteen kjem med tydeleg kritikk av Nybø og Astrup. Det er naudsynt, for dei braut statens lønstak utan å syte for at det vart kjent for Stortinget og ålmenta. Det fortener dei kritikk for.
Lysbakken seier at innstillinga frå komiteen er viktig av di ho tydeleggjer at Stortinget ynskjer å vere involvert i utviklinga av statlege retningsliner for leiarløner.
– På den måten blir det her etablert ein praksis som dagens regjering og framtidige regjeringar må ta omsyn til, seier han.
Saka skal behandlast av Stortinget i plenum 15. juni.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.