Nå kjem den kalde, fine vintertida
Dette landet har problem med å venna seg til langrennsløparar som ikkje taler dialekt.
Den nye langrennstalentet heiter passande nok Kristine Stavås Skistad.
Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix
hompland@online.no
Nå har NRK begynt å bretta vinteridrett utover heile sendeflata i helgene. Endelig er det snø og kulde, slik at nordmenn kan bli nordmenn att etter sommardvalen. Det skjer til fanfaren: «Her kommer vinteren. Her kommer den kalde fine tida».
Dette er eit av dei store meiningsrana i musikkhistoria. Det er Jokke & Valentinerne vrengt på vranga. Teksten handlar om kor plagsamt det er med overdrive positive folk i «peanøtthjerneforbundet»; dei som vil ha deg ut i sola og til å bada, medan du sjølv er av «typen som liker å sitte, sitte inne å pimpe når sola skinner». Du er svak for sport, men «bare på skjermer og bare når vi vinner».
Det er alle desse Jokke & Valentinerne lover at ventetida er over. Når snøen fell og NRK fyller samfunnsoppdraget sitt, er det endeleg fred å få :
Er du av typen som lar deg irritere,
av folk som alltid skal imponere?
Har du et kjøleskap,
har du en TV,
har du alt du trenger for å leve.
SKISESONGEN begynner og begynner ikkje der han slapp. På kvinnesida har Mor Marit Bjørgen lagt opp. Den nye talentet heiter passande nok Stavås Skistad. Merkevaren Therese Johaug er tilbake i Duracell-form etter dopingdommen. Det kan kanskje få oss norskingar til å slenga mindre med leppa om uheldige utlendingar.
På mannesida er dei urbane frå Lyn og Røa i toppen, men dei har ikkje to i seg til å bli klassiske skiheltar, for dei har ikkje den kronisk rette bakgrunnen. Det er større von i ein tagal trønder og ein fjørlett vossing som vann i premieren: Didrik Tønseth har kome tilbake etter ei stygg rulleskiulykke, Sjur Røthe har fått kontroll på Bekhterevs sjukdom.
Petter Northug skaper framleis oppslag, men det er stille frå den komiske heiagjengen. Me kan, som Kristeleg Folkeparti, håpa på under, men Northug har røyndomsorientert seg og er mindre breial som forsangar for seg sjølv. Han har gitt ut spøkelsesskriven bok på eit Stordalen-forlag og har kontrakt om å bli artigkaill på TV 2 når skikarrieren aborterer.
DET ER EI FRAMTID for gamle skiheltar på ulike arenaar. Ullsokkrentenisten Vegard Ulvang er internasjonal skiboss og polfarar med vitskapeleg følgje – også i dette bladet. Bjørn Dæhlie utviklar eigedommane sine vidare. Medan Oddvar Brå, han som brakk staven, reiser landet rundt med skievangelisten Thor Gotaas på nostalgisk signingsferd i klubbhus og samfunnshus.
Det alvorlege bakteppet er at medlemstalet i Skiforbundet fell. Stillesittande aktivitetar konkurrerer, dørstokkmila er blitt lengre, og det er blitt dyrare å henga med – heilt ned i barneskierenna. Når færre begynner og fleire skallar av i skisportens klassereise, er den norske modellen truga.
DIALEKT ENGASJERER. Det kom mange artige, arrige og arrogante kommentarar frå lesarkrinsen til Sideblikk i førre veke. Det gjekk på bibelord, hjelpevokalen svarabakhti og Byråsjefen. Han er ein gode hjelpeskrivar og har ord på seg for å vera eit flogvit og gamal heidersmann. Men han er også sjølvmedviten og påståeleg, sjølv der han er amatør. Slike folk legg ein seg ugjerne ut med, så då får Spaltisten ta skulda.
Ein kronisk språkhistorikar skreiv at ho ikkje fekk fred før ho hadde sagt frå. Ho rosa Byråsjefen for den allmenne utgreiinga, men meinte at det ikkje er svarabakhti i døma på substantiv fleirtal: Heste, medlemme, forhandlinge og bøke er morfem, altså bøyingsendingar i fleirtal og ikkje hjelpevokalar. Det gamalnorske «hestar» er blitt til «heste» gjennom svekking/samanfall av vokal og r-bortfall i nokre sørlandske dialektar.
Slik er det vel, og dette skal eg prøva å få Byråsjefen til å ta til vitande, men lett blir det ikkje.
FOR Å VISA at dialekt er dødsens alvor, synte Arnulf Grut til Domarane i Det gamle testamentet. Der var det inga skjære mor. Ettersom det kan tenkast at nokre av mine papirlesarar er så udanna at dei ikkje har bibelen for hand, gir eg att denne teksten (Dom 12,5,6): «Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: ’Er du frå Efraim?’ Svara han då nei, sa dei til han: ’Sei sjibbolet!’ Men sa han ’sibbolet’, fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, så greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.»
INGVAR MOE dikta om dialekt, fløttjevel og «ordo me pitla opp ifrå åkeren». Med helsing til Byråsjefen legg eg ved «Nå du kjeme him om sommaren» (Løktastolpefrø, Samlaget, 1975):
nå du kjeme him og sommaren
kler du på deg
den gamle dialekten din
fere og reke med fiskestongjo
langsitte kaiar og strender
fiskadne
djupt neri bygdo
kjenne deg igjen
spøre kin du e
men nå det skjelve
der nere
i snøret
i stongjo
i heile neven
då sveiva du
så nuadne kvita
levande redde
du ska møssa
detta óg
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her kommer vinteren.
Her kommer den kalde fine tida.
Endelig fred å få.
Jokke & Valentinerne
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.