JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Mitt hus – di festning?

No er dei fleste psykiatriske sjukehusa i dei ­okkuperte områda stengde, evakuerte eller tekne av det russiske militæret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Medan Russland bombarderte byen Bila Tserkva, berre 75 kilometer frå Kyiv, med iranske sjølvmordsdroner, fekk Kharkiv ein kjærkomen pause.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

11353
20221007
11353
20221007

I republikken Tuva, som er heimlandet til den russiske forsvarsministeren Sjojgu, byter lokale styresmakter til seg menn for sauer. For kvar mobilisert mann mottek familien hans ein levande sau, mykje mjøl, poteter og kål, og – sjølvsagt – kol til å halde huset varmt om vinteren. Kol er naudsynt ettersom Russland ikkje har ført fram gass til dei som bur i Tuva eller dei mange andre regionane og autonome republikkane.

Mobiliseringa går langsamt, og dei som blir mobiliserte, klagar over at dei ikkje får uniformer, eller at maten er dårleg, eller at dei lyt overnatte på bakken sjølv om vinteren alt er på veg i somme regionar.

Nokre av dei som er mobiliserte til den russiske armeen, er alt ved fronten, der somme til og med er tekne til fange. Den lova militære opplæringa blei det ikkje noko av. I intervju som ukrainske journalistar har gjort med nyss fanga rekruttar, kjem det fram at krigsfangane er nøgde med at krigen enda så brått for dei. Dei fleste mobiliserte ønskjer ikkje å slåst, men dei hadde ikkje pengar nok til å dra til Georgia, Mongolia eller Kasakhstan.

Medan den ukrainske armeen har framgang i nokre delar av fronten, førebur den russiske armeen seg aktivt på forsvar. Kampstyrken til dei russiske armeane må ikkje undervurderast. Og Russland har framleis mykje meir artilleri og mange fleire stridsvogner og fly enn dei væpna styrkane til Ukraina.

I Luhansk-regionen fekk dei russiske militære ordre om å «kjempe til siste mann». Det er forbode å trekkje seg attende. Dei ser etter dei mest solide bygningane og bygningar som kjapt kan gjerast til festningar.

Ein slik plass synte seg å vere det regionale psykiatriske sjukehuskomplekset i byen Svatove: eit titals gamle låge bygningar på ei eller to høgder med tjukke murveggar og djupe kjellarrom. Før krigen var det over 500 pasientar her og 340 tilsette. For nokre dagar sidan kasta det russiske militæret pasientane ut saman med dei tilsette som var att, og byrja fylle det heile med ammunisjon og våpen.

Det er ikkje klart kva som ventar dei utkasta pasientane, men det er temmeleg klart kva som ventar sjølve sjukehuskomplekset, som blei pussa opp for berre eit år sidan. Dersom hospitalet blir ein militær festning, kjem det til å bli øydelagt. Eg tvilar på at russarane vil flytte pasientane til russiske sjukehus.

Evakueringa av russiske sivile spesialistar frå okkuperte Lisitsjansk er alt kunngjord. Russiske elektrikarar og bygningsarbeidarar som kom til den okkuperte byen Severodonetsk for å reparere øydelagd infrastruktur, reiser alt til Russland – dei ønskjer ikkje å vere under eld frå ukrainsk artilleri.

I Ukraina blei gamle solide, godt forsterka slott, festningar og andre eigedomar ofte nytta som psykiatriske sjukehus og spesialiserte internatskular. Det byrja i sovjettida. Sovjetregjeringa ønskte å isolere mentalt sjuke borgarar frå verda til friske menneske. I Russland, der det var smått med borger og høvelege eigedomar, blei psykiatriske sjukehus plasserte på øyer i elver og innsjøar.

No er dei fleste psykiatriske sjukehusa i dei okkuperte områda stengde, evakuerte eller tekne av det russiske militæret.

I Kharkiv-regionen blei landsbyen Strelcha utsett for russisk granateld i andre halvdelen av september. Legar og anna personell freista evakuere pasientar frå det psykiatriske sjukehuset. Av dei 600 pasientane var det berre 30 som kunne bli tekne til ein trygg stad. Samstundes blei fire legar drepne og to pasientar skadde.

Som i mellomalderen blir gamle kyrkjer og kloster nytta som festningar av det russiske militæret – snarare eit teikn på behovet for dei tjukke steinveggane i dei gamle bygningane enn på gudstrua deira.

St. Grigorievsky Bizyukov-klosteret i landsbyen Krasny Mayak som ligg i Kherson-regionen, ser òg ut til å ha blitt ein festning for den russiske armeen. Det er uvisst kvar munkane er no, men om dei òg blei verande i klosteret, kan dei føye nye, tragiske sider til klosterhistoria.

Klosteret, som blei grunnlagt i slutten av det 18. hundreåret, har dystre røynsler å vise til i fortida. I 1919, under borgarkrigen etter revolusjonen i 1917, blei det erobra av soldatar frå Den raude armeen. Dei gjorde klosteret til festningen sin, og derifrå drog dei ut for å plyndre landsbyane i nabolaget. Dei heldt munkane som gissel, håna dei og banka dei opp, og somme blei drepne. Da sende munkane ei klage på soldatane til kommandant Osaulenko, som heldt til i byen Berislav ikkje langt unna med 100 kosakk-krigarar. Dei hundre kosakkane gjekk til uventa åtak på dei to tusen soldatane kring klosteret. Og kosakkane vann. Dei dreiv Den raude armeen ut av klosteret, men mange av bygningane var øydelagde. Seinare same året vende Den raude armeen attende til klosteret og avretta alle munkane.

Under andre verdskrigen fjerna tyskarane alle verdisakene frå klosteret – kyrkjesølvet som munkane hadde gøymt under 1917-revolusjonen. På 1970-talet blei katedralen i klosteret sprengd i lufta etter ordre frå dei sovjetiske styresmaktene. Restaureringsarbeid blei sett i gang i 1990-åra.

Så seint som i fjor blei arbeidet med å gjere ferdig den nesten tre meter høge muren rundt klosteret, fullført. Det hadde teke mange år, og pengane til muren var samla inn blant dei truande i heile Kherson-regionen. Dersom russarane byrjar skyte frå klosterområdet, vil den ukrainske armeen sjølvsagt byrje skyte på klosteret. Tjukke murar kan stå imot kuler, men toler ikkje missilåtak.

Det russiske militæret syner interesse for meir enn gamle festningar og kyrkjebygningar. Dei er generelt interesserte i antikvitetar, og særleg militære antikvitetar. I den frigjorde byen Izium fann ukrainske soldatar ein kasse med antikke våpen stolne av det russiske militæret frå det lokale historiske museet. Den russiske armeen forlét Izium i all hast og openbert utan tilstrekkeleg mange lastebilar til å frakte bort tjuvegodset. No vender dei gamle våpena attende til museet.

Gamle kyrkjebøker vil òg bli leverte attende til museet, inkludert evangelia som blei trykte på hetman Mazepas kostnad tidleg på 1700-talet. Desse bøkene blei gøymde heime hos museumskuratoren Dina Listopad. Med tårer i auga og ein smil om munnen gjev ho no intervju til journalistar der ho fortel korleis ho skjulte dei sjeldne og svært kostesame bøkene heime.

Når eg ser på kartet korleis det går med kampane i Sør- og Aust-Ukraina, kan eg ikkje anna enn kome i hug datakrigsspel. For meg verkar det som mange russarar ser på denne fryktelege røynda som eit digitalt krigsspel. Men eg er redd for at mange unge ukrainarar ser det på same viset, og at dette kan forklare den avslappa haldninga dei har til reglar og reguleringar i krigstid.

I går fortalde den eldre bror min Misha meg på telefonen frå Kyiv: «Unge menneske bryr seg ikkje om portforbodet, dei går på barar og nattklubbar som blir drivne ulovleg. Dei blir fulle og driv omkring i gatene på nattetid. Blir dei stoppa av politi og militærpatruljar, får dei berre ei bot på 200 hryvnia (5 euro) for å bryte portforbodet.»

Det har ikkje vore granatåtak på Kyiv på over to månader. Kan hende skaper det ein illusjon av tryggleik hos somme innbyggjarar? Dei seinaste vekene har det jamt vore flyalarm i byen, men fleirtalet tek ikkje omsyn til alarmane.

Kanskje var det for å øydeleggje tryggleiksillusjonen at luftvernsirenene ljoma i Kyiv frå sist tysdag til onsdag, heile natta til tidleg morgon. Denne gongen var Kyiv heldig – byen blei ikkje skadd.

Men iranske sjølvmordsdronar råka byen Belaya Tserkov, som ligg berre 75 kilometer frå Kyiv. Kyiv sov ikkje på den tida, og folk følgde det som skjedde i Bila Tserkva, på sosiale medium. Innbyggjarar i Bila Tserkva skreiv om ei rekke eksplosjonar, om brannar som herja industrianlegg. Seinare blei det lagt ut bilete av desse nattlege brannane på Facebook, som synte heile byen opplyst av elden. Om morgonen blei innbyggjarane oppmoda av styresmaktene om ikkje å opne vindauga før elden var sløkt.

Eit kompleks av historiske militære bygningar frå 1900 blei øydelagt. Bila Tserkva er ein stor industriby og eit sentrum for produksjonen av bildekk i Ukraina.

Medan Russland bomba Bila Tserkva, fekk Kharkiv ein liten «kvil» – der blei det bomba mykje mindre enn vanleg. Ukrainske troppar har pressa russisk artilleri vekk frå Kharkov. No må russarane bruke kostbare ballistiske missil oftare for å halde fram med å øydeleggje denne ukrainske byen – den som ligg nærast grensa til Russland.

På underleg vis gjorde sovjetregjeringa motoffensiven i den austlege delen av landet lettare for den ukrainske armeen. På 1930-talet gjorde dei ateistiske kommunistane ein ihuga innsats for å øydeleggje dei gamle kyrkjene med tjukke veggar i aust og søraust. Nye kyrkjer bygde etter at Ukraina blei sjølvstendig – hovudsakleg var det moskvapatriarkatet som stod for denne nysatsinga – blei bygde raskt og økonomisk. Dei har veggar med same tjukn som vanlege bustadhus. Det er altså færre plassar for russiske soldatar å gøyme seg og forsvare seg på i Kharkov-regionen og Donetsk-regionen.

Etter samanbrotet til Sovjetsamveldet blei det sett opp tusenvis av kyrkjer i all hast i Ukraina. Mange av dei som ligg i Aust- og Sør-Ukraina, er no øydelagde. Men etter denne krigen trur eg at kyrkjebygginga vil gå mykje langsamare enn etter Sovjet-kollapsen. Ei anna prioritering ligg framfor Ukraina – å syte for husvære til dei som har mista bustaden sin på grunn av krigen. Kyrkjer kan vente.

Kyrkjer kan vente av ein annan grunn òg. Mange av dei som blei verande sør og aust i Ukraina, til liks med dei som snart vil vende attende til områda som er frigjorde frå den russiske armeen, vil måtte ta ei vanskeleg avgjerd: Skal dei halde fram som sokneborn i den ukrainske (de facto russiske) ortodokse kyrkja til moskvapatriarkatet, som – sjølvsagt – representerer Russland og den russiske armeen som øydela desse same kyrkjene og klostera, eller skal dei gå til den ukrainske ortodokse kyrkja?

I røynda kan det bli problematisk å konvertere til dei ukrainske ortodokse kyrkjelydane aust og sør i Ukraina ettersom det mest ikkje finst kyrkjer som høyrer til den ukrainske sjølvstendige ortodokse kyrkja i desse områda. Ein må òg byggje kyrkjer, nærmast frå berr bakke. Kor fort det lèt seg gjere, veit ikkje eg.

Ein veg ut av problemet kunne vere å erobre russiske mobile kyrkjer som trofé – dette er store oppblåsbare telt med ein oppblåsbar kross på ein oppblåsbar kuppel. Men i denne krigen ser det ikkje ut til at Russland bruker slike feltkyrkjer. Dei er ofte nytta i militærøvingar, men av ein eller annan grunn ikkje i kampoperasjonar i Ukraina.

Kan hende Russland ikkje vil at russiske soldatar skal vende seg til Gud under krigen? Kva om Gud seier at dei skal vere miskunnsame, kva om han seier: «Du skal ikkje slå i hel!» Og dette motseier det den russiske ortodokse kyrkja preikar, når patriarken Kirill rettferdiggjer krigen og rettferdiggjer drepinga av ukrainske militære og sivile.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis