JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Maktkamp i akademia

Noreg skal få eit nytt forskingssystem, ser det ut som. Spørsmålet er om vi får betre kvalitet. Nei, seier mange.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Edvard Moser har protestert kraftig mot det nye forskingssystemet for publisering som Forskingsrådet vil ha gjennomført. Her gjer han og May-Britt Moser seg klare til å taka mot Nobelprisen i medisin i 2014.

Foto: Maja Suslin / TT / NTB scanpix

5083
20191011

SAMTALEN

Kjell-Erik
Lommerud

Professor ved UiB

AKTUELT

Nytt forskingssystem

5083
20191011

SAMTALEN

Kjell-Erik
Lommerud

Professor ved UiB

AKTUELT

Nytt forskingssystem

jon@dagogtid.no

Det er sinne og frustrasjon i norske universitetsmiljø. Over tusen forskarar har skrive under opprop, nobelprisvinnaren Edvard Moser har gått ut mot sitt eige universitet og Noregs Forskingsråd og hevdar at dei øydelegg hans eige forskingsmiljø og norsk forsking generelt. Opprøret handlar om nokre obskure forkortingar og underlege namn, nemleg Dora og Plan S. Kjell-Erik Lommerud er ein av opprørarane, han er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen og har publisert i internasjonale prestisjetidskrift, som i denne samanhengen er relevant.

– Kva er Dora?

– Dora er ei fråsegn om korleis ein skal vurdera folk i akademia. Fråsegna seier at ein ikkje skal nytta tidsskrift som eit sterkt signal om godt eller dårleg. Dora er opphavleg amerikansk. Der borte er det så godt som uråd å få fast stilling utan å ha publisert i dei mest prestisjetunge tidsskrifta. Ein kan forstå at ei så grov kvalitetssikring skapar frustrasjon, men Dora hamnar i den andre grøfta. Om ein ikkje skal nytta publiseringskvalitet i det heile, vert ting heilt upraktisk. Nett no skal vi tilsetja ein fyrsteamanuensis på mitt institutt, 30 har søkt på stillinga. Om vi ikkje skal taka omsyn til kva dei har publisert, men lesa alt heilt sjølvstendig, vert oppgåva uoverstigeleg. Skal vi gjennomføra prosessen effektivt, må vi gå ut frå at tidlegare vurderingar av arbeida deira har vore gode. Og dei beste vurderingane kjem i dei høgst rangerte tidsskrifta.

– Om de ikkje skal sjå på kvar dei har publisert, kva skjer då?

– At komiteane som vurder kandidatane, får uhorveleg stor makt. Komiteen kan koma med eigne private synspunkt, som det vert vanskeleg å seia mot. Om vi ikkje kan nytta tidsskriftskvalitet som mål, kan vi ikkje lenger seia at påstandar om kvalitet er tull. Ja, Dora er underskriven av 800 internasjonale institusjonar, men svært mange av desse er til dømes spanske eller står langt nede på internasjonale rangeringar. Noreg står her i ei særstilling. Forskingsrådet er nemleg sterkt for, og dei har fått med seg Universitetet i Søraust-Noreg, NTNU og Universitetet i Tromsø. Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har derimot ikkje skrive under. Forskingsrådet seier likevel at Dora skal gjelda i Noreg, noko eg tykkjer er ein pussig påstand, sidan to av dei tre største universiteta ikkje har skrive under.

– Kva er Plan S?

– Plan S er skrive av ein EU-byråkrat, og nokre hevdar at S-en står for «sjokk», at vi i universitetssektoren skal sjokkast inn i ein ny røyndom. Plan S har litt med Dora å gjera, Plan S er ein idé om at all forsking skal vere ope tilgjengeleg for alle lesarar. Det skal ikkje lenger takast pengar av tingarar. Det er legitime argument bak Plan S, det er ein del folk utanfor akademia som ikkje har tilgang til tidsskrift og store bibliotek. Og ja, dei største og beste tidsskriftkonserna tener mykje, typisk 30 prosent profitt av omsetnaden. Men Plan S gjev rare incentiv, for det vil alltid kosta pengar å publisera. Dei opne tidsskrifta tek betalt frå forskarane via institusjonane deira. Det dukkar opp opne tidsskrift heile tida. Om vi så koplar dette til Dora, som seier at det ikkje er skilnader på tidsskrift, vil vi automatisk få langt fleire artiklar, for forskarar vil heile tida verta publiserte. Vi vil få ein eksplosjon i talet på artiklar. Som ein forskar sa til meg: «Sjølv om den noverande modellen er kynisk, treng vi ikkje erstatta han med ein endå meir kynisk modell.»

– Når eg skal skriva om eit forskingsfelt og får tips om forskarar som kan noko om det, går eg inn på Google Scholar og sjekkar kvar dei har publisert, og kor mykje dei er siterte. Så snakkar eg med den med høgst prestisje. Kva er gale med det?

– Du kan gå glipp av gode forskarar på den måten, men distinksjonar sparar oss alle for arbeid. Same kor vi snur og vender på det, vil det alltid vera ei rangering. Ein skal òg hugsa at Plan S er eit europeisk initiativ. Den beste forskinga går føre seg i USA, og ho vert publisert i dei beste amerikanske tidsskrifta. I tillegg er det slik at mange europeiske institusjonar og land ikkje er med på Plan S. Men samla sett risikerer vi no at Europa vert hengande etter, vi vert ikkje lenger ein del av det dei beste universiteta held på med. Somme seier at vi kan spara pengar på dette: Vi nyttar no om lag 300 millionar på tinging av tidsskrift, det er 1 prosent av budsjettet for sektoren. Lat oss seia at vi kan spara 30 millionar. Det er 1 promille.

– Kvifor er Forskingsrådet så ivrig her?

– I Noreg har vi eitt forskingsråd. Vert planane gjennomførte, gjev vi Forskingsrådet total fridom til å seia om prosjekta deira har gått godt eller dårleg. Dei har mykje makt frå før, no vil dei eventuelt få endå større makt. Kan dei sjølv definera kvaliteten, får dei altfor stor makt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Forskings­rådet har mykje makt frå før, no vil dei eventuelt få endå større makt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Få dagar før det amerikanske presidentvalet er det klart at Donald Trump kan bli vald.

Kva kan ein Trump-siger få å seia for verda, for Europa og for Noreg?

Halvor Tjønn

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Harris blir heimsøkt av inflasjonen

Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.

Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Meiningslaust å straffe sjuke

Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.

Høyanger i Vestland er ein relativt urban industristad, men talet på innbyggarar går éin veg. I fjor mista dei Tronvik, ei ruseining med 50 tilsette under Helse Førde. Å miste den vidaregåande skulen vil vere endå ein spikar i kista.

Foto: Marit Hommedal / NTB

ØkonomiSamfunn

Med skulane som hjørnesteinar

Det er dyrt å drive ein halvfull skule. Men kostnaden ved å flytte elevane om skulen blir nedlagd, er vanskelegare å rekne ut.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis