Gartnar
Ein dag eg var ute og klipte gras med saks, ein lite effektiv, men desto meir meditativ syssel, stoppa ein fjern slektning bilen sin utanfor.
– Kva er det du puslar med, spurde han, men kom snart inn på det vikarierande motivet med drop in-besøket.
– Eg tenkte på dei rododendronane og buskane på andre sida av vegen, er dei dine?
Då skjønte eg kva han sikta til. For eg har jo sett det, kor store buskane er vortne, både i høgda og breidda.
– Dei er eigentleg besto sine, byrja eg, men høyrde sjølv kor dumt det lét. Eg kan ikkje skulda ei som har vore daud i tretten år, for at buskane ho ein gong planta, har vakse i luftlinja ut i vegen.
– Hagen skal ikkje veksa meir enn 20 centimeter frå asfaltkanten, sa han og strekte seg etter nokre greiner som ikkje heldt seg til reglane.
Eg var kjapp med å leggja frå meg saksa, henta saga og kjenslelaust kutta greinene ned. For alt i verda, iallfall alt i hagen, vil eg ikkje vera i vegen for andre.
Det er i slike stunder eg fantaserer om tenestefolk.
Av alle tenestefolk ein kan ha, frå butlar og hovmeister til stuepike og au pair, ville eg helst hatt ein gartnar. Eg trur eg kunne likt å sitja her på heimekontoret mitt og sett ut vindauget på ein mann, noko eldre enn meg sjølv, stella med plommetrea og dandera blomebed for meg.
Om morgonen skulle me ha spasert roleg rundt på eigedomen, eg skulle ha peika på dei gamle bærbuskane og overgrodde rododendronane, dei skulle vore kutta, og dei skulle vore rydda litt opp i, så går eg inn til mitt og han vert ute med hagen. Av og til inviterer eg han inn, på te, og andre gongar drikk me te ute, han i selebukse, sveitt og med hender brune av mold, eg er heilt rein. Utan at han seier det til nokon, er det gartnaren som kjenner meg best. Han veit om vanane og uvanane mine, om draumane mine og kva eg er redd for – han veit meir om meg enn eg gjer sjølv.
Men eg har ingen gartnar.
Kva eg skal i sommar? Halde hagen nede innanfor grensene. Meir rekk eg ikkje.
Clementine
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?