Lappen
«Let us now praise dragging feet» heiter eit kapittel i den sosiologiske antologien The Necessity of Friction (1998).
Boka handlar om samfunnsplanlegging, men når eg no tenkjer på dragging feet som modus operandi, tenkjer eg mest på politiet. Det er ikkje tilfeldig, vil eg seia, på vegner av ein ven:
Våpenkortet han hadde søkt om året før, kom veka etter at politiet kunngjorde at mannen var kriminell. Av førelegget gjekk det fram at han var funnen skuldig i å køyra rundt ein sperrebom i strid med paragraf 3 i vegtrafikklova.
Men største brotsverket, er no skurken sjølv overtydd om, var å nekta å levera frå seg førarkortet på åstaden. Då har politiet berre tre veker på seg til å reisa sak, i anna fall måtte dei levera lappen attende. Slik hast likar politiet ille, lèt det til, det er ikkje slik dei opererer. Snarare tvert om.
Om han hadde gått med på å gje frå seg førarkortet på staden, då hadde saka hamna nedst i bunken til politiet, og der blitt liggjande på uviss tid, står det svart på kvitt i det mørke nettet for brotsmenn mot vegtrafikklova og advokatane deira.
Straffa blei bot og inndraging av førarkort og førarrett i åtte månader. Det er nett så lenge at ein må køyra opp på nytt. Straks den formelle straffa er sona, slår dragging feet-politikken til politiet atter inn: Før ein kan søkja om å få køyra opp på nytt, må politiet annullera inndraginga av førarretten. Det tok 14 dagar å fjerna den haken.
Etter lækjargranskinga var det to hakar att på søkjesida til Vegvesenet. Den fyrste: «Du har ikkje godkjent vandel.» Etter fire veker til med venting var også vandelen mirakuløst godkjend, og med det har politiet, på eiga hand, greidd å forlengja straffa frå åtte til ti månader – utan å belasta domstolane i utrengsmål.
No står berre siste haken att, sjølve oppkøyringa. Han gjekk med lette steg for å finna køyreskule og bil med dobbelt pedalsett. Endeleg kunne han skriva seg på ventelista for oppkøyring – våren 2023.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel