JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Kva er det som gjer transkarpatiske konditorar så triste?

Russarane, som ein armé av grashopper, stel tusenvis av tonn med ukrainsk kveite. Så sender dei det til Syria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røyken stig frå russiske artillerinedslag ved ein kveiteåker ved Bakhmut i Donetsk-regionen i Ukraina 18. juni 2022.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

13440
20220624

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Ei interaktiv utstilling av kjøtetande småkryp – kongroer, farlege blodsugande myggar og ulike eksotiske biller og larver – opna i Vinnitsja førre helg. Alle som ønskjer å møte frykta si for slike kryp, er hjarteleg velkomne. På utstillinga kan ein ta på dei skremmande edderkoppane med fingrane.

Ein kan endatil fotografere seg saman med dei. Dei er ikkje lenger farlege, dei er daude. Ein daud fare sluttar å vere ein fare, sjølv om han sannsynlegvis held fram med å vekkje frykt.

Den truleg beste og enklaste kuren mot araknofobi er krig. Krig endrar haldninga folk har til fare. Krig endrar alt. Krig er verkeleg verre enn farlege edderkoppar og giftige fluger, og fiendehæren er ikkje kjøtetande småkryp, ikkje grashopper, ikkje kvefs, ikkje edderkoppar. Fiendehæren er mykje verre, og han er årsak til eit fullstendig anna nivå på trugsmål mot menneskeliv.

Når det er sagt, er det heilt på sin plass å samanlikne den russiske hæren med grashopper. Det russiske militæret tek avlingar frå bønder i den okkuperte Kherson-regionen. Det russiske militæret tillèt ikkje bønder å sende avlinga si til frie delar av Ukraina for å selje produkta. Det russiske militæret tillèt berre at bøndene sel grøda si for ein slikk og ingenting til den annekterte Krim-halvøya. Russarane, som ein armé av grashopper, stel tusenvis av tonn med ukrainsk kveite, så sender dei det til Syria.

«Russland er ikkje kvit og mild, Russland er som det er, og vi skjemmest ikkje for å vise oss som vi er», sa den russiske utanriksministeren Lavrov i eit intervju med BBC i St. Petersburg under det internasjonale St. Petersburg økonomiske forum.

Der fortalde han òg ein BBC-korrespondent at Russland ikkje har gått til åtak på Ukraina.

I Ukraina har orda til Lavrov lenge blitt oversett. Eg trur at utstillinga av farlege småkryp vekte større interesse i Vinnitsja enn utsegnene hans. Men korkje intervjuet med Lavrov eller utstillinga med farlege småkryp var i dei ukrainske overskriftene førre veka.

Tre hendingar av svært ulike slag stal overskriftene og sjokkerte landet. Først var det den 24-årige aktivisten frå Kyiv, Roman Ratusjnyj, som døydde ved fronten. Så var det den kjende militære sanitetskvinna Julija «Taira» Pajevska som vart sett fri frå russisk fangenskap etter at ho var teken av det russiske militæret i Mariupol i mars. Den tredje hendinga var senkinga av det russiske krigsskipet «Vasilij Bekh» i nærleiken av den russisk-okkuperte øya Zmeinyj («Slangeøya») vis-à-vis munningen til Donau.

Sjølvsagt kan ein seie at topphendinga burde vore at dei tre EU-leiarane Macron, Draghi og Scholz gjesta Kyiv. Ja, dette besøket hadde symbolsk verdi, og etter det fekk Ukraina status som medlemskandidat til EU. Men besøket til dei europeiske politikarane var eit nyhende berre for politikarar. Vanlege folk var langt meir opptekne av andre nyhende.

Roman Ratusjnyj, son til den ukrainske forfattaren Svitlana Povoljaeva, ein kollega som har vore ven av meg i lang tid, må ha vore den mest kjende unge ukrainske aktivisten. Vakker, idealistisk, bestemt og kompromisslaus lekamleggjorde han håpet til mange engasjerte ukrainarar om eit skifte i den politiske eliten.

Sidan han døydde i kampar nær Kharkiv, har det ukrainske sivilsamfunnet gått langt for å gjere namnet hans kjent også blant dei ukrainarane som ikkje er opptekne av politikk eller det offentlege livet i det heile teke.

Før krigen var Roman Ratusjnyj leiar for Protasov Yar-rørsla. Han nytta rettsapparatet for å hindre ukrainske oligarkar i å byggje høghus på åssidene inne i Kyiv. Han fekk jamleg trugsmål frå representantar for byggjemafiaen, men dette skremde han ikkje vekk.

Etter at dødsfallet vart offentleggjort, har dei sosiale nettverka fløymt over av Roman Ratusjnyj-bilete. Hundrevis av menneske har delt minne eller berre tankane sine om han. Somme har til og med lagt ut måla portrett av han. På berre nokre få dagar vart han ein nasjonal helt og ei nasjonal legende. No diskuterer dei å kalle ei gate i Kyiv opp etter han neste gong dei endrar gatenamn.

Titusenvis av menneske har gjeve uttrykk for medkjensle med foreldra til Roman. Vener av familien la ut kontonummeret til mora på internett, og folk byrja overføre pengar til kontoen hennar. På vegner av den døde son sin overførte Svitlana dei innkomne pengane til det journalistiske prosjektet til historikaren og aktivisten Vakhtanh Kipiani, «Historisk sanning». Innanfor rammene til dette prosjektet har store mengder interessant og ukjent arkivmateriale og journalistisk stoff om Ukrainas historie blitt offentleggjort i over eit tiår. Prosjektet «Historisk sanning» har vore på nippet til å bli nedlagt mange gonger på grunn av pengemangel, men no, «takka vere» Roman Ratusjnyjs død, får det nytt liv.

At den militære sanitetssoldaten Julija «Taira» Pajevska vart sett fri, var det mest positive som hende førre veka. Julija er òg ein legendarisk og ikonisk person for ukrainsk ungdom og sivilsamfunnet i det heile. Ho tok del i forsvaret av Mariupol, og lauslatinga av henne gjev ny von til tusenvis av slektningar av andre ukrainske krigsfangar som er førte til Russland, eller som sit i fangenskap i okkuperte område.

Det er tre ting eit menneske elskar og kan sitje og sjå på i det uendelege: eld, vatn i rørsle og eit anna menneske som arbeider. Denne aforismen, denne «folkelege visdommen», var populær i sovjettida og er populær den dag i dag.

Dei ukrainske nyhendesendingane vert konstant oppdaterte med nyhende om eld i Russland. Brannar nær grensa til Ukraina blir ofte lagde ut av journalistar som ymtar om at ukrainske militære har æra for dei. Brannar langt vekk frå grensa blir presenterte som Guds straff mot Russland eller som eit resultat av verksemda til aktivistar som er mot Putin. Og det er sant at meir enn eitt vervingskontor i Russland er sett fyr på av motstandarar mot krigen i Ukraina.

Nesten alle brannane blir presenterte i ukrainske nyhende med ein videosnutt, slik at krigstrøytte ukrainarar kan slappe litt av psykologisk med ei samling «russiske brannar» på video. Men sjølvsagt er ukrainarar mest nøgde med videoar tekne frå dronar etter vellukka åtak på russiske ammunisjonslager eller russisk militært utstyr.

Den siste suksessen var ein video som syner to kraftige eksplosjonar i mørke. Visuelt er det uråd å avgjere kva som eksploderte, men ifølgje offisielle opplysningar var det eksplosjonar frå ukrainske missil som senka det russiske krigsskipet «Vasilij Bekh» frå Sevastopol. Det var på veg for å levere soldatar og ammunisjon til Slangeøya, som er erobra av russarane.

Denne øya er eigentleg ei klippe som Ukraina hadde ein diplomatisk krangel med Romania om for 20 år sidan. Romania godkjende ikkje ei klippe i sjøen nær kysten sin som ei «øy», og difor godtok dei heller ikkje ukrainske territorialkrav kring denne øya. For å prove at dette var ei ekte øy og ikkje ei folketom klippe, bygde den ukrainske regjeringa da ei bryggje, fleire bygningar som høvde til ein grenseutpost, og til og med eit ukrainsk postkontor. Det var berre grensevakter som budde der, men ukrainske turistar og naturelskarar, særleg lidenskaplege fugletittarar, kom på besøk av og til.

Russarane erobra denne øya heilt i byrjinga av krigen. Derfrå kan Russland kontrollere heile den sørvestlege delen av Svartehavet, med hamnene i Odesa og nærliggjande kystbyar. Det ukrainske militæret har alt øydelagt fiendtleg militært utstyr på denne øya fleire gonger, men russarane klamrar seg til øya og er klare til å sende stadig fleire artillerisystem og nye soldatar for å erstatte dei døde og skadde.

Mange gonger, særleg om natta, har eg sett på desse videoane av blendande eksplosjonar i mørket og fantasert om korleis desse eksplosjonane senka enda eit russisk krigsskip.

Eg er viss på at det ukrainske postverket, som ikkje lenger har noko kontor på Slangeøya, vurderer å lage eit nytt frimerke med bilete av enda eit øydelagt russisk krigsskip. Det vil sikkert bli stor etterspurnad etter eit slikt frimerke, men ikkje så fenomenal som interessa for eit frimerke vigd til øydelegginga av den russiske kryssaren «Moskva».

I Kyiv og Kharkiv stod folk i kø i fleire timar for å kjøpe «Moskva»-frimerke. I Uzjhorod, der kona mi og eg no bur førebels, var det inga særskild begeistring for patriotiske frimerke. Her var det etterspurnad etter billige koffertar og store bagar. Dei som handla med reiseeffektar, reiste oftare enn vanleg til Ungarn og kjøpte opp det dei kunne finne i store kjøpesenter.

Men no er den bølgja over. Ho hang saman med flyktningar og migrantar som drog frå Uzjhorod attende til byane dei kom frå, sjølv om dei låg nærare frontlina – Odesa, Kharkiv, Tsjernihiv og Vinnitsja. Nokre av flyktningane, etter mykje nøling og sjelegransking, drog likevel til Europa. Dei drog dit på ei tid da EU-land har byrja yte litt mindre hjelp til ukrainarar som har vore nøydde til å forlate heimen sin.

Nokre naboland har alt slutta med gratis tog- og busstransport for ukrainske borgarar. Det har òg blitt mindre av andre typar hjelp, noko som ikkje er overraskande. Kvart land har sine eigne sosiale problem som krev merksemd og pengar, og det i ei tid da Europa står overfor alvorleg økonomisk press på grunn av energiprisar og leveringsproblem med energi.

I konditoriet Cake Studio i Kapusjanska-gata, der eg gjerne sit og skriv, er dei litt lei seg for at flyktningane og migrantane har forlate byen. Dei selde ikkje så mange kaker og andre godsaker før krigen. Tilreisande og flyktningar la att mykje pengar ikkje berre i kafeen, men i heile Uzjhorod.

Eg vil ikkje seie at Uzjhorod og heile Transkarpatia-regionen «profitterte» på krigen. Men pengar frå mange andre regionar og byar i austlege, midtre og sørlege delar av Ukraina har hamna her og i andre delar av Vest-Ukraina. Mange verksemder og til og med fabrikkar flytta hit. No vender nokre av verksemdene heim att, austover og sørover, trass i den stadige bombinga av Odesa, Sumy og Kharkiv.

I Tsjernihiv har Collar-selskapet, som har spesialisert seg på produkt for hundar og andre kjæledyr, starta opp att for fullt. Det vart grunnlagt i 1995 av den 18-årige hundeelskaren Jurij Sinitsa. Først laga han hundehalsband for hand og selde dei på marknaden. Før krigen sysselsette dette selskapet om lag 600 personar. Collar eksporterte varer til 78 land.

Den 24. februar stogga arbeidet. Mange tilsette flykta frå heimbyen, som ligg nær den russiske grensa. Grunnleggjaren av selskapet, Jurij Sinitsa, vart verande att i den kringsette byen i det lengste. Saman med likesinna brukte han tida si på å hjelpe hundar og kattar som var att aleine på grunn av krigshandlingane.

Han organiserte òg evakuering av folk med store hundar, som elles hadde problem med å nytte bussar og tog. Alt i april fekk han hjelp frå den japanske velgjerdsorganisasjonen Peace Winds Japan, og sidan har dei arbeidd saman med å finne og redde kjæledyr som er blitt forlatne under kampane. Jurij freistar å finne eigarane til dei berga dyra, og når han ikkje lukkast, finn han nye eigarar til dei.

Sjølv om han laut stanse produksjonen, sytte han for at selskapet var representert ved Interzoo 2022, ei internasjonal utstilling av artiklar for kjæledyr i den tyske byen Nürnberg. Sinitsa tok forresten den endelege avgjerda om å delta på denne utstillinga, koste kva det koste ville, medan han sat i eit bomberom under granatregn over Tsjernihiv.

Seinare, etter å ha evakuert til Vest-Ukraina, gjorde han og leiargruppa hans alt arbeidet som skulle til for å vekkje oppsikt ved utstillinga i Nürnberg. Alt 24. mai skreiv dei under på kontraktar om levering til nye utanlandske partnarar.

Produksjonslinene er no i drift att i delvis øydelagde Tsjernihiv. Sinitsa lagrar dei ferdige produkta nærare Ukrainas vestlege grense – det er einast der det går an å eksportere kva produkt som helst frå Ukraina.

Ukrainske verksemder kjem seg langsamt på fote att. Selskap som flytta til Vest-Ukraina frå Mariupol, Sievjerodonetsk og andre byar i Donbas, vil truleg bli verande i Vest-Ukraina i framtida, der dei skaper nye jobbar for fastbuande og migrantar. På det viset byrjar industrialiseringa av det tidlegare jordbruksdominerte Vest-Ukraina.

Donbas vil ikkje lenger vere den viktigaste industriregionen i landet. Det er vanskeleg å seie noko om kva som vil skje i det området. Kan hende vil dei få til å dyrke kveite der. Men kostnadene for det kveitekornet vil bli høge. Åkrane må vernast, ikkje berre mot skadedyr, men også mot farlege naboar som nyleg vart så livaktig omtala av den russiske utanriksministeren Lavrov: «ikkje kvit eller mjuk». Dei er det dei er, og dei skjemmest ikkje av det.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Åkrane må vernast, ikkje berre mot skadedyr, men også mot farlege naboar.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis