JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Krigen mot dei sivile

Den einsidige kritikken av Amnestys Ukraina-rapport vil gjera det vanskelegare for nøytrale observatørar å verna sivile i krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukraniske soldatar framfor ei bomba bustadblokk i Kramatorsk aust i landet. Dag og Tid kjenner ikkje til at dette bildet kan knytast til kritikken frå Amnesty.

Foto: Nariman El-Mofty / AP / NTB

12124
20220826
12124
20220826

Amnesty-rapporten frå krigen i Ukraina tidlegare i august synte «eit mønster der ukrainske styrkar set sivile i fare», som det heitte i utgreiinga. Dette var den fyrste Amnesty-rapporten med kritikk av ukrainsk krigføring. Går ein til Amnestys nettside, finn ein at organisasjonens dekning av Ukraina-krigen er ei samanhengjande fordømming av Russlands krigføring. Så omfattande og nådelaus er kritikken, at Russland har blokkert nettsida.

Men den einslege Ukraina-rapporten om den ukrainske krigføringa vekte likevel kraftige reaksjonar i Ukraina, der leiaren for Amnestys avdeling i landet sa opp stillinga si i protest mot at organisasjonen med kritikken sin skulle ha skipa til «eit verktøy for russisk propaganda». Den ukrainske utanriksministeren meinte at rapporten skapte «ein falsk balanse mellom ein brotsmann og eit offer, mellom eit land som utryddar sivil folkesetnad i hundre- og tusenvis, (...) og eit land som desperat forsvarar seg sjølv for å redda folket sitt og heile kontinentet frå denne invasjonen» (Washington Post, 4. august 2022).

Reaksjonane

Også i Noreg har reaksjonane vore sterke. Til dømes meinte høgrepolitikaren Peter Frølich at rapporten var «helt koko» (Nettavisen 8. august 2022). Meir akademisk var jusprofessoren Knut Einar Skodvin, som hevda at rapporten var å rekna for «usubstansierte påstander» (Vårt Land 11. august 2022) som «ikke kan etterprøves» (Nettavisen 8. august 2022), slik at Amnestys kritikk av ukrainsk militærstrategi nærast vart lesen som forsking og ikkje som journalistisk varsling frå augevitne.

Som ein av fleire melde kulturredaktøren i Bergens Tidende Jens Kihl seg ut av Amnesty etter tjue års medlemskap, fordi han meinte rapporten manglar «kontekst» i form av forklaring på kvifor den ukrainske hæren plasserer hæravdelingar og militære installasjonar på skular og sjukehus og i sivile bustadområde.

Det einaste skikkelege forsvaret eg har sett for Amnesty i denne saka, er Cecilie Hellestveits prinsipielle gjennomgang i førre utgåve av Dag og Tid, der ho gjev Amnesty rett i å laga ein slik «varslarrapport» som legg opp til djupare gransking. Ho meiner Amnesty fyller rolla si som varslar og kritiserer ikkje organisasjonen for å ha laga rapporten, men drøftar han prinsipielt juridisk. Drøftinga endar opp med å frikjenna Ukraina for krigsbrotsverk, sett i lys av folkeretten eller humanitærretten, som gjeld for krig: «Truleg eksponerer ukrainske soldatar sine sivile fordi dei i liten grad har noko val. Det er ikkje ulovleg å nytte eigne skular til militære føremål. Og ofte er slik bruk formålstenleg, sidan dei har store salar som er tenlege for militære styrkar.»

Rapporten

Amnesty-observatørar har vore i felten i vekevis i dei austlege regionane Kharkiv, Donbas og Mykolaiv, og dei har i fleire rapportar peika på korleis russisk artilleriåtak mot sivile område bryt med internasjonal humanitær lov. Samstundes vart det avdekt at ukrainske militære opererte frå sivile bygningar i 19 byar og landsbyar i desse regionane, utan at dei var tvinga til dette av militærstrategiske omsyn. Ein fann fem sjukehus som dei militære styrkane hadde gjort om til basar. I 22 av 29 skular som Amnesty vitja, fann observatørane at soldatar nytta eller hadde nytta dei til militære føremål. I fleire tilfelle der desse skulane vart bomba, flytta soldatane til naboskular, som dimed vart like utsette for åtak.

Det er vel å merka ikkje slik at ukrainske styrkar rykkjer inn i skular i bruk og på dette viset trekkjer born inn i krigen. Men etableringa av basar i tomme skular set det sivile nærområdet i fare: «Amnesty International har ikkje kunna stadfeste at ukrainske militære som slo seg til i sivile strukturar i bustadområde, bad sivile om å evakuera bygningar i nærleiken eller gav dei hjelp til dette.» Rapporten gjev døme på korleis sivile vert drepne av russiske granatar i hus som ligg rett ved hus nytta av ukrainske militære. Det vert òg gjeve døme på at dei militære opererer på område til helseinstitusjonar i bruk: «Eit russisk flyåtak den 28. april såra to tilsette ved eit medisinsk laboratorium i ein forstad til Kharkiv etter at ukrainske styrkar hadde sett opp ein base på staden.»

I rapporten peiker ikkje Amnesty fyrst og fremst på einskildhendingar der sivile har hamna i skotlina, men på «eit mønster» i den ukrainske krigføringa som systematisk utset sivile for død og liding ved at dei hamnar midt i krigshandlingane. Strategien med å etablera basar og våpensystem i folketette bustadområde fører til at sivile institusjonar og område vert gjorde til «legitime» mål for russisk artilleri, det vil seia at sivilt og militært vert blanda slik at russiske åtak mot ukrainsk militære av denne årsaka råkar sivile.

Rapporten seier at ukrainske styrkar nyttar denne framgangsmåten på stader som ligg «fleire kilometer frå frontlinene», slik at det ikkje er snakk om militær bruk av sivile bygningar i ei urban krigføring der det vert kjempa i gatene, men om ein praksis knytt til den pågåande artillerikrigen med stor fråstand mellom ukrainske og russiske styrkar.

Fakta

Amnesty er ikkje åleine om å rapportera om denne ukrainske forsvarsstrategien. I ein reportasje i Washington Post frå så tidleg som 28. mars i år vart det fortalt om ein russisk rakett som råka ei bustadblokk og drap minst fem menneske, for det meste eldre pensjonistar, samstundes som ukrainsk artilleri svara på åtaket «nokre få gater unna». I aukande grad, skriv avisa, «vert ukrainarane konfronterte med den ubehagelege sanninga: Dei militære styrkanes forståelege trong til å svara på russiske åtak kan føra dei sivile i skotlina.»

I reportasjen vert det sagt at «praktisk talt kvart einaste nabolag i dei fleste byane er blitt militarisert, og dermed eit mogeleg mål for russiske styrkar som vil nedkjempa ukrainsk forsvar». Reportasjen var likevel ikkje viljug til å gjera Ukraina ansvarleg for sivile tap, sidan Russland er angriparen.

Journalistar frå Associated Press har fortalt om det same. I Pokrovsk og Kramatorsk fann dei militærbasar i eit bustadområde, i Kharkiv var det militære køyretøy på universitetet (Washington Post, 4. august 2022).

Menneskerettane

Det kan såleis knapt vera tvil om at situasjonsskildringa til Amnesty for det meste er rett. Kritikarane har i regelen heller ikkje sådd tvil om faktabeskrivinga. Kjernen i kritikken mot Amnesty er såleis ikkje at rapporten skulle vera usann i den meininga at ukrainarane ikkje nyttar sivil infrastruktur i krigføringa, men at rapporten manglar «kontekst», som Jens Kihl seier, eller at Amnesty tolkar «humanitærretten i ei menneskerettsleg retning», som Hellestveit uttrykkjer det.

Hellestveit meiner organisasjonen tek for mykje omsyn til dei sivile og for lite høgd for krigens nådeløyse. Humanitærretten, altså dei reglane som gjeld i krig, trumfar menneskerettane. Krigens strategiar og handlingar kan strida mot menneskerettane utan å vera humanitærrettslege krigsbrotsverk. Ikkje all skade som vert gjord på sivile i krig, er i dette perspektivet brotsverk, men kan vera vilkårleg og ikkje ei tilsikta følgje av militære åtgjerder.

Denne frikjenninga av ukrainsk strategi spelar til dels over på russisk krigføring: «Ukrainarane har ikkje noko val, og måten dei må føra krigen sin på, gjer at mykje av den sivile øydelegginga russiske styrkar utfører, truleg ikkje er krigsbrotsverk», skriv Hellestveit. Men ho gjev også Amnesty rett til å utfordra «ekspertveldet og statane si tolking av folkeretten og [søkja] progressive tolkingar som tek større omsyn til enkeltmennesket i møte med den statlege overmakta».

Einskildmennesket

Og er det noko som har vekt vår sympati med arbeidet til Amnesty, er det nett denne fokuseringa på einskildmenneskas rett utan omsyn til politiske synsmåtar eller krigspartar. Dette er vitalt. For straks politikken kjem inn i biletet, styrer han heile saka og heile hovudet. Brått gjeld menneskerettane ulikt, alt etter kven du er, kvar du kjem frå, og kva du meiner. Sjølve analysen av krigsårsakene vert avgjerande for korleis krigshandlingane skal vurderast etisk.

Dette ser ein i kritikken til Jens Kihl, som saknar «kontekst» i Amnesty-rapporten. Men den konteksten han saknar, er gode grunnar for at den ukrainske militære strategien er naudsynt for å vinna krigen. Vi må «klara å skilja mellom okkupert og okkupant», det vil seia at same handlinga i tilhøve til dei sivile kan vera etisk forkasteleg om russarane gjer det, men etisk akseptabelt når ukrainarane gjer det. Det same seier Hellestveit: «I krig finst ikkje ’uskuldige sivile’. Sivile tilhøyrer alltid ein av partane. Når ukrainske militære eksponerer eigne sivile, kan det derfor ikkje vere krigsbrotsverk.»

Sjølv om dette er god folkerettsjuss, kan det sjå ut til å svekkja menneskeverdet. Sjølvsagt er det slik at streng overhalding av menneskerettane gjer all krig umogeleg. Men når krigssituasjonen opphevar heile omgrepet «sivilistar», forsvinn ein dimensjon frå både krigen og menneska. For same kor rettvis ein krig er, ber han med seg ei motsetjing mellom alle sivile på den eine sida og alle militærstyrkar på den andre. Dei sivile i Russland og Ukraina har i dette perspektivet sams interesser, nemleg at det vert fred, og til dess at menneskerettskravet vert flytta så langt inn i krigen som råd er. Nett dette er oppgåva til ein organisasjon som Amnesty.

Denne oppgåva gjeld uansett om den svekkjer den eine eller den andre krigsparten. I eit intervju med Vårt Land (11. august 2022) seier Knut Einar Skodvin at Amnesty-rapporten «kan ha store skadevirkninger», fordi påstandar om å utsetja sivile for fare «minsker viljen [i Vesten] til å hjelpe» Ukraina.

Logikken er at sidan Ukraina er avhengig av slik hjelp for å vinna krigen, bidreg kritikken frå Amnesty til å gje Russland militære fordelar. Amnesty lyt med andre ord innretta arbeidet sitt etter kva for ein krigførande part som kan tena på rapportane om lidingar til dei sivile under krigane. Men straks ein menneskerettsorganisasjon tek parti med andre enn dei sivile einskildmenneska, misser han eksistensretten sin.

Krigsbrotsverka

Amnesty er ikkje ein forskingsinstitusjon, og heller ikkje eit presseorgan, men, som Hellestveit skriv, eit varslarorgan der observatørar gjer ålmenta merksam på førekomsten av urett og overgrep. Når vi reagerar sterkt og kompakt mot eit varsel, slik som i denne saka, og straks krev omfattande dokumentasjon utan å retta merksemda mot den uretten det vert varsla om, medan vi i samla flokk går laus på varslaren for å fjerna varselet, så gjev vi fritt utløp for uretten. Den som gjer urett, lærer fort at varslarorganisasjonen ikkje har truverd, og legg vekk varsemda. Det lærer også varslarorganisasjonen seg, og held munn neste gong.

Ein kan sjølvsagt gå etter Amnesty-rapporten frå Ukraina punkt for punkt og krevja dokumentasjon og prov. Det lèt seg gjera å stilla spørsmål ved og relativisera kva rapport som helst. Dersom det er slik at vi berre syner tillit til kritikk av statar vi ikkje likar, og berre stoler på varsel som viser samsvar med våre eigne meiningar og overtydingar, søkk varslarorganisasjonen ned til aktivistgruppe, snart for den eine gruppa og snart for den andre. Dimed misser alle rapportar om urett truverdet sitt.

På dette viset vert vi fort ståande utan frie observatørar som ikkje lèt synet sitt verta styrt av sine eigne overtydingar. Det finst ikkje krigar utan urett, og det finst heller ikkje krigførande nasjonar som ikkje bryt humanitære reglar og krenkjer menneskerettar. Dette er «krigens røyndom», som Hellestveit skriv. Den gjeld også Ukraina.

Nett fordi krig bryt alle lover, treng vi nøytrale observatørar som kan avgrensa overgrep ved å gjera alle krigførande partar merksame på at nokon ser dei. Men reaksjonen på kritikken av Ukraina seier det motsette: Vi ser dykk ikkje.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det finst ikkje krigar utan urett, og det finst heller ikkje krigførande nasjonar som ikkje bryt humanitære reglar og krenkjer menneskerettar.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis